Aboriginar (latin ab origine, 'frå byrjinga') er ei samnemning for australske urfolk.
Ho omfattar som regel ikkje urfolka frå Torres Strait Islands, som har papuansk opphav.
Dei aller første aboriginane kom til Australia via Søraust-Asia for minst 65 000 år sidan, og danna opptil 500 ulike språkbaserte grupper.
Dei førte ein nomadisk livsstil som jegerar og samlarar. Arbeidet var ofte fordelt slik at kvinner samla råvarer til mat, klede og verktøy medan menn jakta med spyd, slynger og bumerangar. Maten og andre ressursar blei så delt av alle medlemmene i ein klan som gjerne var sett saman av eit par brør med koner og ungar. Fleire klanar utgjorde ein stamme som søkte saman og hjelpte kvarandre i uår.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. (2023) |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Aboriginar, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.