«When the Saints Go Marching In», ofte berre kalla «The Saints», er ein USA-amerikansk gospelsong.
Sjølv om han opphavleg var ein kristen salme, vert han ofte spelt av jazzband. Den kanskje mest kjende versjonen av songen vart spelt inn 13. mai 1938 av Louis Armstrong and his Orchestra. Songen vert stundom forveksla med ein song med liknande tittel, «When the Saints are Marching In» frå 1896 av Katharine Purvis (tekst) og James Milton Black (musikk).
Opphavet til songen er uklårt. Han utvikla seg visstnok tidleg på 1900-talet frå fleire gospelsongar med liknande tittel, som «When the Saints Are Marching In» (1896) og «When the Saints March In for Crowning» (1908). Den første kjende innspelinga vart gjort i 1923 av Paramount Jubilee Singers på Paramount 12073. Sjølv om tittelen på etiketten er «When All the Saints Come Marching In», syng gruppa den moderne teksten «When the saints go marching in...» Det står ikkje oppført kven som er låtskrivaren. Fleire andre gospelversjonar vart spelte inn i 1920-åra, med små variasjonar i tittelen, men med same teksten, mellom anna versjonar av The Four Harmony Kings (1924), Elkins-Payne Jubilee Singers (1924), Wheat Street Female Quartet (1925), Bo Weavil Jackson (1926), Deaconess Alexander (1926), Rev. E. D. Campbell (1927), Robert Hicks (AKA Barbecue Bob, 1927), Blind Willie Davis (1928) og Pace Jubilee Singers (1928).
Dei tidlegaste versjonane var langsame og prektige, men etter kvart vart innspelingane meir rytmiske, mellom anna ein livleg versjon av Sanctified Singers på British Parlophone i 1931. Sjølv om songen hadde røter i folkemusikken, var det fleire komponistar som gjorde krav på opphavsretten i seinare år, mellom andre Luther G. Presley og Virgil Oliver Stamps, R.E. Winsett, og Frank og Jim McCravy. Sjølv om songen framleis vert framført som eit langsamt nummer, har det sidan midten av 1900-talet vore vanleg å spele songen meir livleg. Melodien er særleg knytt til New Orleans. Songen har blitt ein jazzstandard og er blitt spelt inn av mange store jazz- og popartistar.
Det finst mange versjonar som både er vokale og instrumentale. Louis Armstrong var ein av dei første som gjorde melodien nasjonalt kjend i USA i 1930-åra. Armstrong skreiv at systera meinte den verdslege framføringa av den tradisjonelle kyrkjemelodien var uhøvande og ureligiøst.[treng kjelde]
Som med mange songar med lange tradisjonar i folkemusikken finst det ingen «offisiell» versjon av songen eller tekten. Dette gjeld òg tittelen, og songen vert ofte feilaktig kalla «When the Saints Come Marching In». Når det gjeld sjølve teksten gjer den enkle teksten at det er lett å lage nye vers. Sidan den første og den andre linja er dei same, og den tredje og fjerde linja er dei same gjennom heile songen, skapar ei høvande linje i jambisk tetrameter eit heilt vers.
Det finst særs mange versjonar av songen, men ein vanleg versjon er slik:
Songen er apokalyptisk og hentar mange av bileta sine frå Openberringa, men utan dei mest skrekkelege avbildingane frå dommedag. Verset om sola og månen referer til sol- og måneformørking. Trompeten (til erkeengelen Gabriel) annonserer dommedagen. Teksten omhandlar eit ønske om å kome til himmelen og syner til helgenane som går inn gjennom Perleporten, og vert derfor stundom nytta i gravferder.
Ein fransk versjon, omsett av Boris Vian, vart kalla «Oh ! Quand les saints» og spelt inn av Henri Salvador i 1958. Ein finsk versjon kalla «Soitto Saapuu Kaupunkiin» vart framført av Brita Koivunen i 1958.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article When the Saints Go Marching In, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.