Bruce Frederick Joseph Springsteen (fødd 23.
september 1949) er ein amerikansk songar og gitarist. Han speler ofte live saman med E Street Band. Dei mest populære albuma hans er Born to Run og Born in the U.S.A..
Bruce Springsteen | |||
| |||
Fødd | 23. september 1949 (74 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Long Branch | ||
Fødenamn | Bruce Frederick Joseph Springsteen | ||
Alias | The Boss | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1969– | ||
Sjanger | rock | ||
Instrument | gitar, munnspel, piano | ||
Stemmetype | baryton | ||
Plateselskap | Columbia Records | ||
Verka som | songar, låtskrivar, pianist, gitarist, musikkprodusent, plateartist, komponist | ||
Gift med | Julianne Phillips, Patti Scialfa | ||
Sambuar med | Karen Darvin | ||
Born | Jessica Springsteen | ||
Prisar | MusiCares Person of the Year, Rock and Roll Hall of Fame, Presidentens fridomsmedalje, New Jersey Hall of Fame, Kennedy Center Honors, MTV Video Music Award for Best Male Video, MTV Video Music Award for Best Stage Performance, MTV Video Music Award – Viewer's Choice, MTV Video Music Award for Best Video from a Film |
Han nemner sjølv at Elvis' på Ed Sullivan Show i 1956 var det store augneblinken då han opplevde magi. Vidare nemner han Roy Orbison som ved sida av Johnny Cash var den andre «Man in black». Phil Spectors «wall of sound» og dei kule Beatles var også viktig lærdom for den unge Springsteen. Han var inspirert både av dei «rå» Animals og «silkelyden» frå Motown, men det var Bob Dylan som «gav oss orda» om alt som betydde noko. Som vaksen fann Springsteen også vegen til countrymusikken og Hank Williams «gjekk frå museumsgjenstand til levande». «Countryen var provinsiell, det var eg og. Eg var ikkje downtown,» skriv Springsteen sjølv. Til slutt oppdaga han gjennom Woody Guthrie også poesi som fanst før Dylan.
Ein reknar at E Street Band vart starta i oktober 1972, sjølv om dei ikkje var offentleg kjent før i september 1974. [1] Frå slutten av 1988 til tidleg i 1999 spelte ikkje bandet, bortsett frå ein reunion i 1995.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Bruce Springsteen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.