Engelen Gabriel

Engelen Gabriel er ein av to namngjevne englar i Bibelen.

Namnet tyder «Guds kraft». Den andre namngjevne engelen er erkeengelen Mikael . Dei apokryfe skriftene nemner dessutan engelen Rafael.

Gabriel
Engelen Gabriel
Helgendag
  • 29. september med Mikael og Rafael (katolsk, sidan 1969)
  • 24. mars (vestleg-rite ortodokse og og for dei som bruker Calendarium Romanum Generale 1921-1969))
  • 26. mars, 13. juli og 8. november (ortodoks kristendom)
  • 13. paoni, 22. koiak og 26. paoni (koptisk kristendom)
Engelen Gabriel
Ikon av engelen Gabriel.

Etter katolsk tradisjon er både Mikael, Gabriel og Rafael erkeenglar, eller overenglar, som var ordet som tidlegare vart bruka i nynorske bibelomsetjingar. Men Bibelen nemner berre Mikael som erkeengel. Etter tradisjonen var Gabriel vaktar av Edens hage.

Medan Mikael er engel for endetida, er Gabriel engel for opphavet, engelen som forkynner for Sakarja at kona hans, Elisabet, skal føde Johannes Døyparen, og for Maria og Josef om Jesu fødsel.

I kunsten vert Gabriel framstilt med liljestav, symbol på bodberaren og Marias uskyld.

Vernehelgen

Gabriel er vernehelgen for bodberarar av ulike slag. Pave Benedikt XV utropte han til vernehelgen for postvesenet og telefon- og telegrafarbeidarar i 1921. Han er òg vernehelgen for diplomatar, post- og avisbod og for fjernsyn – og for frimerkesamlarar og mot ekteskapeleg barnløyse.

Minnedagen hans har vore feira til ulike tider: Austkyrkja feirar minnedagen 26. mars, dagen etter Maria bodskapsdag. Den katolske kyrkja har slått minnedagane for Mikael, Gabriel og Rafael saman til den 29. september.

Gabriel i dei heilage skriftene

Koranen nemner Gabriel jamsides Mikael i kap. 2,92 som Guds sendebod.

Engelen Gabriel er nemnd følgjande stader i Bibelen:

Kjelder

De hellige erkeengler Mikael, Gabriel og Rafael

Tags:

BibelenDei apokryfe skrifteneEngelEngelen RafaelErkeengelen Mikael

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

StoffskifteNasjonaldyrMetanolSkottlandRadioantenneHollywood Walk of FameOksygenFader vårNatriumGeorg III av StorbritanniaVinter-OL 1988TrymskvidaTarjei VesaasGrønlandSkjoldbruskkjertelenJean-Claude JunckerTrond Fausa AurvågByar i HellasCarles PuigdemontManuel Isidoro BelzuIrakDeltaElektrostatisk generatorLeksikonFrozenSilkehegreMount Salisbury i AntarktisNederlandskPeter F. WolfCaliforniaSki-NM 1967MOprah Winfrey918GitarforsterkarIltalehtiInnsjøar i SverigeJens StoltenbergRonja RøverdatterMolde kommune800TunisiaMP3Claudio MonteverdiRådyrSkigardsviseLangnebbparakittVinterKrøllalfaPalermo20. aprilCarl Larsson16. maiJantelovenMoteKvikksølvManuela Di Centa8. aprilStilarkMikal KirkholtJonas Gahr StøreDet tredje riketKaliumnitratNasjonaldrikkScrabbleDrinfossenKjell HovdaJosef StalinMarianne Sivertsen NæssBrøytMeråkerCountryEli RyggHerr Jesu Christ, wahr' Mensch und Gott🡆 More