Ottilie Patterson

Anna Ottilie Patterson (31.

januar">31. januar 193220. juni 2011) var ein nordirsk bluessongar som særleg er kjend for opptredenane og innspelingane sine med Chris Barber Jazz Band seint på 1950- og tidleg på 1960-talet.

Ottilie Patterson
Ottilie Patterson
Fødd31. januar 1932
FødestadComber
Død20. juni 2011 (79 år)
DødsstadAyr
OpphavStorbritannia
Aktiv1955–2011
Instrumentpiano, vokal
PlateselskapBlack Lion Records
Verka somjazzmusikar, songar, pianist
Gift medChris Barber

Liv

Ottilie Patterson var fødd i Comber i County Down i Nord-Irland den 31. januar 1932. Ho var den yngste av fire barn. Far hennar, Joseph Patterson, var frå Nord-Irland, medan mora, Jūlija Jēgers, var frå Latvia. Dei hadde møtt kvarandre i Sør-Russland. Namnet Ottilie er ei anglisert form av det latviske namnet «Ottilja». Begge sider av familien var musikalske, og Ottilie tok timar i klassisk pianospel frå ho var ni år gammal. Ho likte å synga, men fekk aldri noka formell opplæring i song.

I 1949 byrja Patterson å studera kunst ved Belfast College of Technology, der ein medstudent introduserte henne til musikk av Bessie Smith, Jelly Roll Morton og Meade Lux Lewis. I 1951 byrja ho synga med Jimmy Compton's Jazz Band, og i august 1952 skipa ho Muskrat Ramblers saman med Al Watt og Derek Martin. Seinare fekk ho ein lærarjobb ved Ballymena Technical College.

Sommaren 1954, då ho var på ferie i London, møtte Patterson Beryl Bryden, som introduserte henne for Chris Barber Jazz Band. Ho song saman med bandet i resten av ferien. Patterson blei med i Barber-bandet på fulltid frå 28. desember 1954, og hadde sin første offentlege opptreden ved Royal Festival Hall den 9. januar 1955. I 1959 fekk dei ein hitt med «Petite Fleur» i både Storbritannia og USA, og turnerte deretter i begge landa. Ho gifta seg med Chris Barber i 1959.

Mellom 1955 og 1962 turnerte ho mykje med Chris Barber Jazz Band og gjore fleire innspelingar: album med henne på på kvart spor er mellom anna EP-ane Blues (1955), That Patterson Girl (1955), That Patterson Girl Volume 2 (1956), Ottilie (1959) og LP-en Chris Barber's Blues Book (1961); ho er også med på ei rekkje Chris Barber-album. Ho opptredde saman med musikalske personlegdommar som Lonnie Donegan, Sonny Terry, Brownie McGhee, Muddy Waters, Big Bill Broonzy og Sister Rosetta Tharpe.

Patterson og bandet til Barber spelte ved Washington Jazz Festival i 1962, og ho er festa til film i It's Trad, Dad av Dick Lester frå 1962. Der syng ho «Down By The Riverside» og «When The Saints Go Marching In». Ho framførte også opningssongen til filmen Where Has Poor Mickey Gone? frå 1964.

Frå rundt 1963 byrja Patterson å ha problem med halsen, og slutta å opptre og spela jamt med Chris Barber. Ho trekte seg offisielt frå bandet i 1973. I denne perioden spelte ho inn ein del material som ikkje var jazz- eller blues-relatert, som stoff frå Shakespeare (med Chris Barber) og solo-LP-en 3000 years with Ottilie i 1969, som seinare er blitt mykje etterspurd av samlarar.

Patterson og Barber skilde seg i 1983, men dei fortsette å samarbeida ein del. Tidleg i 1983 heldt ho og Barber ei rekkje konsertar rundt London, som førte til innspelinga av LP-en Madame Blues and Doctor Jazz (1984). Dette var den siste utgjevne innspelinga hennar.

Patterson slo seg ned i Ayr i Skottland, der ho døydde i 2011. Ho er gravlagd i familiegrava til Patterson-familien i Movilla Abbey Cemetery i Newtownards i Nord-Irland, under namnet Ottilia Anna Barber.

I februar 2012 blei det sett opp ein plakett ved rekkjehusert der ho var fødd i Comber. I samband med avdukinga blei det halde ei musikalsk markering ved La Mon Hotel i Comber.

Utgjevingar

Soloalbum

  • That Patterson Girl (Jazz Today, 1955)
  • That Patterson Girl Volume 2 (Pye, 1956)
  • Blues (Decca, 1956)
  • Ottilie's Irish Night (Pye, 1959)
  • Ottilie (Columbia, 1960)
  • 3000 Years with Ottilie (Marmalade, 1969)
  • Spring Song (Polydor, 1971)
  • Madame Blues and Doctor Jazz (Black Lion, 1984)
  • Ottilie Swings the Irish (Columbia, 1960)

Med Chris Barber

  • Chris Barber Plays (Jazz Today, 1955)
  • Echoes of Harlem (Pye Nixa, 1955)
  • Chris Barber in Concert (Pye Nixa, 1957)
  • Chris Barber Plays Volume Four (Pye Nixa, 1957)
  • Chris Barber in Concert Volume Two (Pye Nixa, 1958)
  • Chris Barber in Concert Volume Three (Pye Nixa, 1958)
  • Chris Barber Band Box Volume One (Columbia, 1959)
  • Barber in Berlin (Columbia, 1960)
  • Chris Barber's Blues Book Volume One (Columbia, 1961)
  • Chris Barber at the London Palladium (Columbia, 1961)
  • Best Yet! Chris Barber Band Box – Volume Three (Columbia, 1962)
  • Chris Barber Jazz Band (Qualiton, 1962)
  • Chris Barber's Jazz Band in Prague (Supraphon, 1963)
  • Folk Barber Style (Decca, 1965)
  • Good Mornin' Blues (Columbia, 1965)
  • Chris Barber V Praze (Panton, 1971)
  • The Chris Barber Jubilee Album 1 (Black Lion, 1975)
  • The Chris Barber Jubilee Album 2 (Black Lion, 1975)
  • The Chris Barber Jubilee Album 3 (Black Lion, 1975)
  • Ottilie Patterson with Chris Barber's Jazzband 1955–1958(1993)
  • Madame Blues & Doctor Jazz (1994)
  • 40 Years Jubilee (Timeless, 1994)
  • The Chris Barber Concerts (1995)
  • Chris Barber's Blues Book Volume One/Good Mornin' Blues (BGO, 1997)
  • Echoes of Harlem/Sonny, Brownie and Chris (1997)
  • Back in the Old Days (1999)
  • Ottilie Patterson with Chris Barber (Jazz Colours, 2000)
  • Chris Barber at the BBC (Upbeat, 2000)
  • Chris Barber's Jazz Band With Special Guest Sister Rosetta Tharpe (Lake, 2000)
  • Irish Favourites (Pulse, 2001)
  • The Best of Chris Barber's Jazz Band (EMI, 2002)
  • In Barber's Chair (Lake, 2003)
  • Bandbox No. 1 (Lake, 2004)
  • The Nixa Jazz Today Albums (Sanctuary, 2004)
  • International Concerts: Berlin, Copenhagen, London (Lake, 2005)
  • Best Yet! (Lake, 2005)
  • The Complete Decca Sessions 1954/55 (Lake, 2006)
  • Chris Barber 1955 (Lake, 2006)
  • Folk Barber Style (Vocalion, 2006)
  • That Patterson Girl (Lake, 2007)
  • Chris Barber 1956 (Lake, 2007)

Singlar

  • St Louis Blues/The World Is Waiting for the Sunrise (Decca, 1955)
  • I Hate a Man Like You/Reckless Blues (Decca, 1955)
  • Weeping Willow Blues/Nobody Knows You When You're Down and Out (Decca, 1955)
  • Kay-Cee Rider/I Love My Baby (Pye, 1957)
  • Jailhouse Blues/Beale Street Blues (Pye, 1958)
  • Trombone Cholly/Lawdy, Lawdy Blues (Pye, 1958)
  • There'll Be a Hot Time in the Old Town Tonight/Lonesome (Si Tu Vois Ma Mere) (Columbia, 1959)
  • The Mountains of Mourne/Real Old Mountain Dew (Columbia, 1960)
  • Blueberry Hill/I'm Crazy 'Bout My Baby (Columbia, 1961)
  • Mama, He Treats Your Daughter Mean/Swipsy Cakewalk (Columbia, 1962)
  • Down by the Riverside/When the Saints Go Marching In (Columbia, 1962)
  • I Hate Myself/Come On Baby (Columbia, 1962)
  • Jealous Heart/Won't Be Long (Columbia, 1963)
  • Baby Please Don't Go/I Feel So Good (Columbia, 1964)
  • Hello Dolly/I Shall Not Be Moved (Columbia, 1964)
  • Tell Me Where Is Fancy Bred/Oh Me What Eyes Hath Love Put in My Head (Columbia, 1964)
  • Spring Song/Sound of the Door As It Closes (Marmalade, 1969)
  • Bitterness of Death/Spring Song (Marmalade, 1969)
  • Careless Love/Georgia Grind (Fat Hen, 1982)

Hovudkjelda til denne diskografien er Bielderman and Purser sin diskografi for Chris Barber.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Ottilie Patterson UtgjevingarOttilie Patterson KjelderOttilie Patterson BakgrunnsstoffOttilie Patterson193220. juni201131. januarChris Barber

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Mrs. RobinsonTalordKvikksølvErik HöglundKabaJon FosseSirkelPanserbataljonenMS-DOSJasmine Camacho-QuinnTeineOlivettiPeter Wessel TordenskjoldTrymskvidaNile RodgersKoboltTunisiaBritisk pundNautisk milDen gregorianske kalenderenHollywood Walk of FameKristiansund BallklubbHistorisk oversyn over kommunar i HordalandPiknikkorgEinatHar SedomIsElisabeth TerlandEkstremvêret FrodeJerusalemSymbol i hinduismenWayback MachineKoppar21. januarCamilla CollettNorskSjakkOslo kommuneAlmTaekwondoGeologiIvar Lo-JohanssonA4New ZealandPeter F. WolfAnatolij FirsovAkslaNorske dialektar2019RaudekrossenYggdrasilKaptein SabeltannAntarktisOsteoporoseHarriet BackerGramSikhismenKevlarForvandlingaBill ChamplinDrivhusgassVinter-OL 1988MatematikarCharlie WattsFilmen EllingIsaac NewtonRussisk kulturNihilismeBroccoliniDen romerske republikkenHydrogenLavaWehrmachtInca Garcilaso de la VegaOrbitalPlantarMarius Thingvald🡆 More