Glas, vindauga eller vindauge er opningar i veggar eller tak i rom i bygningar, køyretøy og anna, som kan sleppa inn lys og/eller luft.
Vindauge er gjerne laga som eit gjennomsiktig eller gjennomskineleg materiale, som glas, klar plast eller ei hinne av einkvan slaget, som er set inn i ei ramme av tre, metall eller eit kunststoff.
I bygningar er vindaugsramma gjerne festa med hengsel til ein karm ikring, slik at det let seg gjere å opne og lukke det. Karmen kan òg vera laga av tre, metall eller eit kunststoff. Det heile er gjerne laga som ei eining for seg, og festa i ei opning i veggen eller taket på eit vis som gjer at det heile kan skiftast utan å gjere store inngrep i sjølve bygninga. Eit vindauge kan i og for seg òg vera heilt ope, men vert då ofte kalla ein glugge.
Ordet «vindauga» er norrønt og tyder ordrett 'lufthol'.
«vindu - lysåpning» i Store norske leksikon, snl.no.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Vindauge, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.