New Haven

New Haven er ein by i New Haven County i delstaten Connecticut i USA.

Byen er ein hamneby ved Long Island-sundet. New Haven var busett av europearar frå 1638, innlemma i delstaten i 1784.

New Haven
by
New Haven
Land New Haven USA
Stat Connecticut
County New Haven County
Areal 52 km²
Folketal 134 023 (1. april 2020)

New Haven
41°18′30″N 72°55′30″W / 41.308333333333°N 72.925°W / 41.308333333333; -72.925
Wiki Commons: New Haven, Connecticut

New Haven er den nest største byen i Connecticut, etter Bridgeport. Det bymessig tettbygde New Haven-området, som består av 22 byar og småbyar, har eit samla folketal på ca. 600 000. Yale University, eit av dei best kjende universiteta i verda, ligg i New Haven.

Historie

Før europearar kom til staden budde urfolk frå quinnipiacstammen i spreidde landsbyar kring den noverande hamna. Nederlendaren Adriaen Block var den fyrste europearen som vitja området, i 1614. I april 1636 kom det rundt 500 engelske puritanarar under leiing av Theophilus Eaton og den geistlege John Davenport hit, i håp om å finna betre levekår enn dei hadde hatt i Massachusetts. I 1640 blei namnet på busetjinga endra frå Quinnipiac til Newhaven. Då det fyrste skipet kolonistane sende heim til Storbritannia fullasta med lokale varer ikkje kom fram til endemålet, fekk kolonien ein knekk. Dette var ein grunn til at Boston og New Amsterdam blei rekna som betre koloniar, og tiltrekte seg ein vekst som kanskje elles ville ha komme i New Haven.

I 1664 blei New Haven etter britisk påtrykk del av kolonien Connecticut. Frå 1701 til 1873 var han ein av hovudstadene i kolonien, før den meir sentrale byen Hartford blei einaste administrasjonsstad. Yale University flytta hit frå Old Saybrook lenger aust i staten og flytta til New Haven i 1716, noko som bidrag til byvekst.

Under den amerikanske revolusjonen hadde New Haven ca. 3 500 innbyggjarar og var ein årestad for revolusjonære idear. Dette førte til at britane besette byen.

New Haven er fødeby til den amerikanske president George W. Bush, sjølv om han voks opp i Texas. På 1960-talet kom han likevel tilbake og studerte fire år ved Yale.

Byen har kalla seg «Cultural Capital of Connecticut», med fleire teater, museum og konsertstader. New Haven hadde det fyrste offentlege treplantingsprogrammet i USA, med fleire fullvaksne tre som mellom anna omfattar alm, slik at han også er blitt kalla «The Elm City».

Kjelder

Bakgrunnsstoff

New Haven  Commons har multimedium som gjeld: New Haven

Tags:

16381784Connecticut

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Ronja RøverdatterStavenes2020MegawattAusterrike2016SoparHammarby IF FFNellikrevolusjonenProvinsar i OmanTromsø kommuneJordaRegnskogDei fem K-ane i sikhismenTonsillByar i HellasBaliInternasjonal telefonkodeRalph Waldo EmersonKazanHolocaustReese WitherspoonDen norske språkstridenMoskvaØdipusNorrøntBjørnstjerne BjørnsonKoalaIdas sommarvisaPlaneten JupiterTidMeter per sekundInfleksjonspunktBolsjevismeSamisk kulturDet norske alfabetetFrida KahloRundeBlack SabbathGange-RolvJonsereds Fabrikers ABOlivia RodrigoSteingardar i NoregBirger HatlebakkTokyoKoboltLSør-Trøndelag fylkeJaran DammannJal i OmanParisRusslandPlaneten SaturnNasjonaldyrKnut Jørgen Røed ØdegaardEmma EllingsenGrunnstoffliste etter atomnummerNorske passasjerar ombord på RMS «Titanic»Haakon Magnus av NoregOkhotskhavetPolenUkrainaMorellFlodsvinFin GnattBrunbjørnTorsdagPelle PolitibilLimequatHanamiEli Kari GjengedalSpeleautomatRagnhild BrochmannCelsiusSkypeSamuel MassieMM🡆 More