Vaniljerot

Vaniljerot (Monotropa hypopitys) er ein planteart i vaniljerotslekta i lyngfamilien.

Vaniljerot
Vaniljerot
Vaniljerot
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Lyngordenen Ericales
Familie: Lyngfamilien Ericaceae
Underfamilie: Monotropoideae
Slekt: Vaniljerotslekta Monotropa
Art: Vaniljerot M. hypopitys
Vitskapleg namn
Monotropa hypopitys

Vaniljerot er ein fleirårig staudeplante som veks i tempererte område på den nordlege halvkula. Han finst i Asia, Europa og Nord-Amerika, men er sjeldan i mange av utbreiingsområda. Artsnamnet hypopitys kjem av latinisert gresk hypo-, 'under' og pitys, 'furu', som viser til kvar planten ofte veks.

Skildring

Vaniljerot 
Vaniljerot med raudleg farge på skogbotnen i Massachusetts i USA.

Heile planten kan ha gulkvit til raudleg kvit farge. Til forskjell frå dei fleste andre plantar driv ikkje vaniljerotplantar fotosyntese og inneheld ikkje klorofyll. I staden får dei næring gjennom å vera parasittarmykorrhiza-nettverket mellom sopp og andre plantar. Sidan dei ikkje er avhengige av sollys kan dei veksa på svært mørke stader, som på skogbotnen.

Vaniljerot har ein tjukk, nokså kjøtfull stilk som kan bli 10–35 cm høg. Stilken er eigentleg ein blomestand som er den einaste delen av planten som veks over jorda. Han har høgblad som er 5–10 mm lange skjelaktige strukturar som dekkjer det meste av blomestanden. Blomane er 9–12 mm lange og kan sitja åleine eller i klasar på 2–11 på toppen av blomestanden. Avhengig av veksestad kan plantane blomstra frå april til desember. Plantar som blomstrar om sommaren er gule og sparsamt hårete, medan dei som blomstrar om hausten er raude og tetthåra. Blomane er nedbøygde medan planten er ung, men reiser seg opp når dei byrjar å mogna til fukt. Frukta er ein kapsel.

I Noreg finst to underartar av planten, lodden vaniljerot (M. hypopitys hypopitys) og snau vaniljerot (M. hypopitys hypophegea). Lodden vaniljerot veks i furuskog nord til Troms. Snau vaniljerot veks i furuskog nord til Trøndelag. Denne planten er oppført som nær truga i Noreg på Artsdatabanken si raudliste.

Namn

Vaniljerot har vore kjend under ei rekkje namn, både vitskaplege og folkelege. Linné feilstava namnet hypopithys, noko mange botanikarar har følgd. Andre bruker rettinga hypopitys.

Variasjonen i farge, hårdekkje og talet på blomar har også ført til ei rekkje vitskaplege synonym for arten. Det er kjend over 80 synonym for vaniljerot, som Hypopitys americana, H. fimbriata, H. insignata, H. lanuginosa, H. latisquama, H. monotropa, Monotropa chinensis, M. hypophegea, M. lanuginosa, M. latisquama, M. multiflora og M. taiwaniana.

Folkelege namn på planten på nokre ulike språk er dansk snylterod, svensk tallört (furu-urt), finsk mäntykukka ('furublom'), tysk Fichtenspargel (furu-asparges) og engelsk Dutchman's pipe, false beech-drops, pinesap eller yellow bird's-nest.

Galleri

Kjelder

Tags:

Vaniljerot SkildringVaniljerot NamnVaniljerot GalleriVaniljerot KjelderVaniljerotDen nordlege halvkulaFuruLyngfamilienVaniljerotslekta

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

LinerleDen muslimske verdaSymbol i hinduismenRoald AmundsenMaiBuddhistiske høgtiderTvisynFlekkerøyHugin og MuninMarikkenFilmserien Harry PotterHauge i DalaneVevdesignSveitsAsker kommuneHovudsideKolibriarHermonHavørnBuskerud fylkeSantoríniVladimir PutinNATOEstlandGuvernement i OmanCaesarea3. maiTigerSovjetunionenStord kommuneDei fem K-ane i sikhismenTysklandKrysantemumNasjonalplantarSexyDet internasjonale fonetiske alfabetetKillingHurtigrutaPiRichard TandySokratesDet buddhistiske livshjuletBarentshavetISO 421718. oktoberItaliaAstrid Uhrenholdt JacobsenCelsiusGullLundefuglBenito Mussolini640Noregsmeisterskapen i fotball for menn 1958Vang kommuneGavrilo PrincipTårnfalkKarl-Heinz RummeniggeBjørnHærfuglTidslinje over norsk historieBerit RokneFilmjølkNamnedagTyrkiaMøre og Romsdal fylkeEddadiktNew York-børsenFinsk språkhistorie🡆 More