Wiki Nynorsk 2023: Hovudside
NNWiki Tiếng ViệtWiki English

Norsk raudliste for artar er eit oversyn over artar innanfor rika plantar, dyr og sopp som er vurderte å ha risiko for å kome bort i Noreg. Raudlisting inneber ei kategorisering av artane basert på eit sett av presise kriterium for å evaluere risiko for å døy ut innanfor omådet for dei norske politiske forvaltingseiningane.

Den norske raudlista stør opp om forvalting i samsvar med naturmangfaldlova og indirekta SN-konvensjonen om biologisk mangfald (CBD),[1] til dømes i kommunal aralplanlegging.[2]

I 2003 utvikla Verdas naturvernunion, IUCN, eit sett med transparente, kvantitative kriterium for å vurdere vernestatusen til artar på regionalt og nasjonalt nivå.[3] Utarbeiding av den norske lista er basert på metodikken bak IUCN si globale raudliste over truga artar. Lista er eit døme på ei regional raudliste med statusen til artar i eit bestemt land eller område. Vurderingane blir gjort saman med vitskaplege institusjonar og andre med faglig spisskompetanse. Til dømes for 2021-utgåva, deltok 19 ekspertkomitéar med 94 medlemmer.

Frå og med 2006 har Artsdatabanken utarbeidd og publisert den nasjonale raudlista for Noreg. Ho har blitt revidert kvart fjerde til sjette år, siste gang i 2021.Tidlegare hadde Direktoratet for naturforvalting ansvar for den norske nasjonale raudlista.

Gjeldande norsk nasjonal raudliste er frå 2021. Dei fremste ekspertane i landet har vurdert risikoen for om 23 578 ulike artar i Noreg kan døy ut. Totalt er 2878 artar blitt kategoriserte som truga i den nye raudlista. Tala inkluderer 371 vurderte og av dei 59 truga takson på underart og varietetsnivå av karplantar og mosar.

Kategoriar for Norsk raudliste

Raudlistekategoriar

    EX – Utdøydd (extinct)
    EW – Utdøydd i vill tilstand (extinct in the wild)       
    RE – Regionalt utdøydd (regionally extinct)
    CR – Kritisk truga (critically endangered)
    EN – Sterkt truga (endangered)
    VU – Sårbar (Vulnerable)
    NT – Nær truga (near threatened)
    DD – Datamangel (data deficient)

Kategoriar for ikkje-raudlista

    LC – Livskraftig (least concern)
    NA – Ikkje egna (not applicable)
    NE – Ikkje vurdert (not evaluated)

Raudlisteartar i kategoriane Kritisk truga (CR), Sterkt truga (EN) og Sårbar (VU) blir rekna som truga artar i norsk natur.[4] I omgrepet raudlista artar ligg òg artar kategorisert som regionalt utdøydde (RE) og nær truga (NT).

Norsk raudliste 2021

  • Norsk raudliste for artar 2021 vart publisert av Artsdatabanken 24. november 2021.[5] Oversyn over resultata for alle artsgrupper:
GruppeRECRENVUNTLCVurderteTruga% truga
Algar351824281331268 %
Amfibium og reptilar112711218 %
Armfotingar1212
Blautdyr135866668381 %
Edderkoppdyr123213563620447 %
Fiskar2644188204126 %
Fuglar3111833281412346226 %
Hydrozoa[note 1]33
Insekt89103437702647904511023124211 %
Karplantar844122131167901137329722 %
Koralldyr26667423 %
Krepsdyr481810061036121 %
Lavaer4997123571075140126919 %
Leddormar471614626112 %
Mangefotingar136485847 %
Mosdyr178
Mosar447512460777108024323 %
Pattedyr2386844711724 %
Pigghudingar139139
Sekkdyr7474
Soppar4281612792962441320946815 %
Spretthalar72692583003311 %
Stormanetar55
Svampar19091
Totalar107288960150413591844822666275212 %

Tala i tabellen gjeld vurderingar på artsnivå og tar ikkje med Svalbard.

Oversyn innanfor gruppene:

Tidlegare nasjonale raudlister

  • Norsk raudliste frå 2015 inneheldt 4438 artar totalt for Fastlands-Noreg og norske havområde. 16 477 andre artar var blitt vurderte og kategoriserte som livskraftige.[6]

Kjelder

  1. Stortingsmeldning 14 (2015–2016) Natur for livet — Norsk handlingsplan for naturmangfold. Henta 1. mai 2022
  2. Miljødirektoratet Veileder - Arter i arealplanlegging. Henta 1. mai 2022
  3. IUCN (2003) Guidelines for Application of IUCN Red List Criteria at Regional Levels: Version 3.0. IUCN Species Survival Commission. IUCN, Gland, Switzerland and Cambridge, UK. ii + 26 pp.
  4. Ny raudliste syner at vi må gjere meir for å redda truga artar 24.11.2021
  5. Norsk raudliste 2021
  6. Henriksen S. og Hilmo O. (red.) 2015. Norsk rødliste for arter 2015. Artsdatabanken, Norge, lest 10. april 2022
  7. Norsk rødliste for arter 2010, nedlastingsside hos Artsdatabanken, lest 10. april 2022
  8. Norsk rødliste 2006, nedlastingsside hos Artsdatabanken, lest 10. april 2022
  9. Norsk rødliste 1998, naturforvaltning.no, arkivert 31. august 2004 hos Internet Archive WaybackMachine, lest 10. april 2022
    Notar
  1. Hydroar òg kalla hydrokorallar (Hydrozoa), stormanetar (Scyphozoa), og koralldyr (Anthozoa) er alle nesledyr. Sjå sida om nesledyr hos Artsdatabanken: Tandberg AHS, Buhl-Mortensen P, Martell L (2021). Artsgruppeomtale nesledyr (Cnidaria). Norsk rødliste for arter 2021. Artsdatabanken. https://www.artsdatabanken.no/rodlisteforarter2021/Artsgruppene/Nesledyr Henta 1. mai 2022

Bakgrunnsstoff

This article uses material from the Wikipedia article Norsk raudliste, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply. (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 3.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
#Wikipedia® is a registered trademark of the Wikimedia Foundation, Inc. Wiki (duhoctrungquoc.vn) is an independent company and has no affiliation with Wikimedia Foundation.