Mosdyr

Mosdyr er ei rekkje av små vasslevande, fastsitjande dyr.

Mosdyr
Mosdyr
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Underrike: Eumetazoa
Infrarike: Protostomia
Rekkje: Mosdyr Bryozoa
Ehrenberg, 1831

Enkeltdyra er vanlegvis under 1 mm store, men dei lever i koloniar som kan bli mange centimeter store (opptil 1 m). Bakkroppen til dyra dannar eit eskeforma skal (kalla zooecium), som heile dyret kan trekkja seg tilbake i.

Mosdyr
Det karakteristiske «overtrekket» ein mosdyrkoloni lagar på t.d. algar. Denne kolonien av arten Membranipora membranacea er likevel død, berre «eskene» står igjen.

Koloniane består av mange slike zooeciar som sit tett i tett, og kan danna eit kvit- eller gråaktig «belegg» på steinar, muslingskal, krepsdyr eller algar. Dei fleste artene er marine, men klassen Phylactolaemata lever i ferskvatn.

Mosdyra har eit coelom, men manglar eit krinsløpssystem og ekskresjonssystem. Forkroppen dannar ein tentakelkrans som dyra filtrerer vatnet med, for å livnæra seg på organiske partiklar og plankton. Tarmkanalen er U-forma, slik at endetarmsopningen òg ligg på forkroppen.

Til skilnad frå kamptozoane, som liknar litt i kroppsbygnad, munnar endetarmen ikkje ut i tentakelkransen. Dette er bakgrunnen for det vitskaplege namnet Ectoprocta (gresk ektos = 'utanfor', proktos = 'endetarmsopning'). Kamptozoar blei til tider kalla som «Bryozoa entoprocta» (entos = 'innanfor'). I dag har ein gått bort frå å samanfatta desse to gruppene.

Tidlegare gjekk ein ut frå at mosdyr var nærast i slekt med armføtingar og hesteskomakkar, og at dei stod nærare deuterostomiane enn protostomiane. Nyare fylogenetisk forsking har vist at dei høyrer til protostomiane, men dei nøyaktige slektskapstilhøva er ikkje klårlagt enno.

Mosdyr har ein karakteristisk, lueforma larve (cyphonautes).

Mosdyr
Fossile mosdyr

Kjelder

Tags:

Biologisk rekkje

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Bon Iver, Bon IverMorfofonologiMoldedialektJean-Claude JunckerMeråkerSinaihalvøyaTrekanthandelMoldauFranz LisztSergej SjojguTrond Fausa AurvågAleksandr RagulinGitarforsterkarVictoria av StorbritanniaSylvi ListhaugRombeKarl XII av SverigePH-meterMorfinI Dovregubbens hallHaugtussaSkjoldbruskkjertelenDen gamle verdaSkypeBrusselGoogle ChromeStand by MeTilsynelatande storleiksklasse16. maiMP3Björn SkifsÅkermans VerkstadBengaltigerAndreas RombergAlmTørkeProduksjonInca Garcilaso de la VegaSunndalsøraSteve JobsMarie CurieLilletveitCarl LarssonKristoffer ColumbusNasjonalrettHannoverBodø kommunePedro I av Brasil22. aprilØresundbruaMotreformasjonGrenadaNyttårSusanne SundførDen islamske statenBiologisk familieParisUrfolkCyanAfrikaVinter-OL 1968Nasjonale minoritetar i NoregListe over primtalEtanRussisk kulturEkteskapKabaNasjonaldagMaliFuglarDet nederlandske koloniriketItaliaROBEKSandnessjøenSlave🡆 More