Pigghudingane, eller Echinodermane, består av 7000 artar sjøstjerne, slangestjerne, kråkebolle, sjøpiggsvin og sjølilje.
Pigghudingar | |
Systematikk | |
Rekkje: | Pigghudingar Echinodermata Bruguière, 1791 |
Ho er den største eksklusivt marine rekka i dyreriket; ingen artar her er å finna i ferskvatn eller på landjorda.
Ved første augnekast kan pigghudingane verke som særs primitive livsformer: Dei har særs avgrensa rørsle, dei har ingen bilateralsymmetri og dei manglar ein hjerne i ordets rette forstand. Dette er berre ved første augnekast – dei pentaradialt symmetriske (symmetriske om fem ulike radia) echinodermane me ser i dag stammar faktisk sannsynlegvis frå bilateralsymmetriske stamfedrar. Dette ser me m.a. av korleis den embryonale utviklinga går for seg: pigghudinglarvar er bilaterale og liknar til forveksling på vertebratzygotar.
Kroppsstrukturen til dei vaksne er ei tilpassing til eit stillesitjande eller saktegåande liv. Der er radialsymmetri ein fordel, sidan ei slik organisering av organismen gjer det lettare å syta for nokolunde lik distribuering av kroppsstrukturar. Bilaterasymmetrien på larvestadiet gjer det lettare for det meir aktive livet larvane fører – desse sym med flimmerhår og er langt meir aktive enn sine kjønnsmogne artsfrendar.
Til bruk i rørsle, næringsopptak- og distribusjon, ekskresjon og gassveksling har pigghudingane eit hydraulisk system me kallar vassvaskulærsystemet. Dette er eit slags hydrostatisk skjelett – eit sett væskefylde kanalar med muskulatur rundt, til hjelp ved rørsle. Hjå echinodermane er dette vorte ytterlegare avansert med evolusjonen av tubeføter – hundrevis av små utvidingar av kanalsystemet, som brukast til å gå over havbotnen, festa seg til overflater og å frakta mat til munnen. I tillegg har dei ei gassvekslingsfunksjon. Sjøstjerner pustar ikkje berre med tubeføtene. Dei har òg papulae, tynne hudfaldar i kroppsveggen som står mellom skjelettplatene.
Skjelettplatene til pigghudingane vert òg kalla ossiclar, og er kalkplater som veks på utsida av kroppen. Dette er mesodermalt vev; det vil seie vev som er danna av det mesoderme vevlaget i embryo.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Pigghudingar, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.