Tsjukotka (russisk Чукотский автономный округ) er eit sjølvstyrt distrikt (okrug) i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen.
Hovudstaden er Anadyr, arealet er 737 700 km² og innbyggjartalet er 50 500 (2010).
| |||||
Hovudstad | Anadyr | ||||
Areal - Totalt | Rangering: 7. 737 700 km² | ||||
Innbyggjartal - totalt | Rangering: 84. ca. 50 500 (2010) | ||||
Føderalt distrikt | Fjerne Austen | ||||
Økonomisk region | Fjerne Austen | ||||
Regionsnummer | 87 | ||||
Offisielt språk | Russisk | ||||
Guvernør | Roman Valentinovitsj Kopin | ||||
Nasjonalsong | |||||
Tidssone | UTC +1200 |
Tsjukotka ligg heilt aust i Russland og omfattar det austlegaste punktet på det eurasiske fastlandet. I aust er det berre skilt med nokre frå kilometer frå Alaska i USA. Landskapet er stort sett fjell og fjellvidder, med litt lågland rundt elva Anadyr. Høgste punktet er 1 843 meter over havet. Her finst førekomstar av tinn, kvikksølv, kol, gass og gull. Klimaet er arktisk - middeltemperaturen i januar er -29 grader celsius og i juli + 9 grader celsius. Havet rundt Tsjukotka er store delar av året frose.
Dei fremste næringsvegane er gruvedrift og reindrift.
Den etniske samansetjinga ved folketeljinga i 2010 var:
Etter oppløysinga av Sovjetunionen har folketalet i Tsjukotka gått kraftig ned. I 2010 var det under ein tredel av kva det var ved folketeljinga i 1989, då det budde 164 783 menneske her. Dette har i stor grad hendt fordi etniske russarar og andre folkegrupper frå andre delar av Russland har forlate regionen; i 1989 var 66,1 % av folket etniske russarar, medan dei i 2010 var under 50 %. Urfolket utgjer dermed ein stadig større del av folket - i 1989 utgjorde tsjuktsjarane berre 7,3 % av folket, mot 25,3 % i 2010.
Tsjuktsjarar, inuitar og andre urfolk har budd i dette området sidan før-historisk tid. Dei første russiske oppdagarane kom til området på 1600-talet. Den første permanente russiske busetjinga oppstod ved elva Anadyr. På midten av 1800-talet kom amerikanarar til området og starta opp industriverksemd. Dei lokale folkeslaga levde endå som stammefolk på starten av 1900-talet.
Etter den russiske revolusjonen kom Tsjukotka under kontroll av dei kontrarevolusjonære (kvitegardistane). I juli 1920 vann styrkar frå Den raude arméen eit slag her, men i 1921 kom nye kvitegardistar frå Vladivostok og gjenoppretta kontroll. Først i 1923 fekk bolsjevikane endeleg kontroll over området - det var såleis eit av dei siste områda i Russland som kom under kommunistisk kontroll. Den 10. desember 1930 vart det autonome området oppretta.
Før 1991 var Tsjukotka eit autonomt område underlagt Magadan oblast. Med oppløysinga av Sovjetunionen i 1991 vart Tsjukotka eit føderasjonssubjekt direkte under den russiske føderasjonen.
I 2000 vart forretningsmannen og milliardæren Roman Abramovitsj vald til guvernør i Tsjukotka. Han kom ikkje frå området, budde der ikkje og vitja det sjeldan, men pløgde store summar inn i området og starta også leiteboring etter petroleum der. 21. oktober 2005 vart han utpeika av president Vladimir Putin som guvernør for ein ny femårsperiode. I 2008 gjekk han av som guvernør og vart erstatta av Roman Kopin.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Tsjukotka, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.