Ukrainarar (ukrainsk українці, 'ukrajintsi') er ei aust-slavisk folkegruppe.
Dei bur hovudsakleg i Ukraina og har ukrainsk som morsmål. Medan det òg er vanleg å kalla alle innbyggjarane i Ukraina for ukrainarar, er det berre 77,8 % av dei som er ukrainarar i etnisk forstand.
Det finst om lag 45 millionar ukrainarar i verda. Ved folketeljinga i Ukraina i 2001 oppgav 37 541 693 menneske å vera av ukrainsk etnisitet. Dette utgjorde 77,8 % av folkesetnaden i Ukraina. Størstedelen av områda der det bur ukrainarar har vore underlagt russisk styre i fleire hundreår, noko som har ført til ei viss russifisering av ukrainarane. I 2001 oppga 14,8 % av dei som oppga ukrainsk etnisitet at morsmålet deira var russisk, resten snakka ukrainsk som morsmål.
Det finst òg minoritetar av ukrainarar i mange av dei tidlegare sovjetrepublikkane. Folketeljinga i Russland i 2010 viste 1 928 000 ukrainarar i Russland, i Kasakhstan i 1999 var det 547 000 ukrainarar, i Moldova er det om lag 375 000 ukrainarar og i Kviterussland om lag 248 000.
Av utvandrargrupper av ukrainsk opphav finst det om lag 1 100 000 i Canada, 1 000 000 i Brasil og 900 000 i USA.
Ukrainarane har tradisjonelt vore ortodokse kristne, anten tilknytt Moskva-patriarkatet eller eit eige patriarkat i Kyiv, men ein del av ukrainarane har òg tradisjonelt vore katolske kristne.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Ukrainarar, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.