Russland er delt inn i sju føderale distrikt (russisk федеральные округа, federalnyje okruga).
Dei vart oppretta ved dekret av president Vladimir Putin den 13. mai 2000, og står over føderasjonssubjekta. Kvart distrikt vert leia av ein representant for presidenten som vert utnemnd av den russiske føderasjonen sin president. Representanten for presidenten har til oppgåve å passa på at dei føderale subjekta overheld den russiske grunnlova. Opprettinga av dei føderale distrikta vart sett som eit tiltak for å sentralisera den russiske staten.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Russiske føderale distrikt, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.