Russarar (russisk русские, russkije), er ei aust-slavisk folkegruppe med russisk som morsmål.
Dei bur hovudsakleg i Russland og nabolanda. Medan det òg er vanleg å kalla alle innbyggjarane i Russland russarar, er det berre 80 % av dei som er etniske russarar. På russisk skil ein mellom russkije, som er etniske russarar og rossijane som er borgarar av Russland.
Det finst om lag 137 millionar russarar i verda og dei er dermed den største folkegruppa i Europa og blant dei største i verda. Ved folketeljinga i Russland i 2002 oppgav 115 868 000 menneske å vera av russisk nasjonalitet. Dette utgjorde 79,8 % av folkesetnaden i Russland. Russarar var den største folkegruppa i Sovjetunionen og utgjer etter oppløysinga av denne store minoritetar i mange av dei tidlegare sovjetrepublikkane. Russarar utgjer 29 % av befolkninga i Latvia, 27 % i Kasakhstan, 25,7 % i Estland, 17,3 % i Ukraina og 11,4 % i Kviterussland. Om lag 3 millionar bur ikkje i Russland eller nabolanda, men spreidd over heile verda, særleg til Nord-Amerika.
Dei fleste russarar er sterkt eller noko knytte til den ortodokse kyrkja, særleg den russisk-ortodokse.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Russarar, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.