Snabeldyr (Proboscidea) er ein orden som omfattar éin nolevande familie, Elephantidae, og fleire utdøydde familiar, Gomphotheriidae (ein underfamilie av Elephantoidea), kanskje Stegodontidae (avhengig av plasseringa av Stegodon) og Mammutidae.
Snabeldyr | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Infrarekkje: | Kjevemunnar Gnathostomata |
Megaklasse: | Beinfiskar Osteichthyes |
Overklasse: | Tetrapodar Tetrapoda |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Underklasse: | Theria |
Infraklasse: | Placentale pattedyr Placentalia |
Orden: | Snabeldyr Proboscidea Illiger, 1811 |
Elephantidae omfattar tre levande elfeantartar (afrikansk steppeelefant, afrikansk skogelefant og asiatisk elefant) og dei no utdøydde mammut-artane av slekta Mammuthus frå Eurasia og Nord-Amerika. Mot slutten av den siste istida fanst det òg fleire artar gomphotheriidae i Mellom- og Sør-Amerika, fleire stegodonar i delar av Asia, og den amerikanske mastodonten frå familien Mammutidae i Nord-Amerika.
Lenger attende i tida, under neogen, fanst òg familiane Platybelodon og Amebelodon. Det eldste kjende snabeldyret er Eritherium, følgd av Phosphatherium, begge frå paleocen-lag i Marokko. Frå eocen-tida er det kjend fleire svært primitive snabeldyr, mellom anna dei afrikanske Numidotherium, Barytherium og Moeritherium, og Anthracobunidae frå det indiske subkontinentet.
Snabeldyra kan oppsummerast slik:
†Gomphotheriidae
†Mammutidae
†Stegodontidae
†Amebelodontidae
†Anthracobunidae
†Barytheriidae
†Choerolophodontidae
†Deinotheriidae
†Gnathabelodontidae
†Hemimastodontidae
†Moeritheriidae
†Numidotheriidae
†Palaeomastodontidae
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Snabeldyr, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.