Neogen

Neogen er ein geologisk periode som starta for 23,03 ± 0,05 millionar år sidan og som varte anten heilt fram til i dag, eller enda for 2,588 millionar år sidan ved byrjinga av kvartær.

Neogen
23.03–0 millionar år sidan
Gjennomsnittleg O2-innhald i perioden ca. 21.5 vol %
(108 % av dagens nivå)
Gjennomsnittleg CO2-innhald i atmosfæren i perioden ca. 280 ppm
(1 gonger førindustrielt nivå)
Middeltemperaturen ved jordoverflata i perioden ca. 14 °C
(0 °C over dagens nivå)
Hendingar i kenozoikum
sjå • diskuter • endre
-65 —
-60 —
-55 —
-50 —
-45 —
-40 —
-35 —
-30 —
-25 —
-20 —
-15 —
-10 —
-5 —
0 —
Første isbrear på Antarktis
Holocen starta for 11 500 år sidan.
Ein tilnærma tidsskala for hendingar i kenozoikum.
Skala: Millionar år sidan

Neogen kjem etter paleogen og høyrer til æraen kenozoikum. International Commission on Stratigraphy (ICS) har føreslått at neogen skal bestå av epokane miocen og pliocen.

Uttrykka neogensystem (formelt) og øvre tertiær (uformelt) skildrar bergartar som vart avsett under neogen.

Neogen dekkjer ein periode på om lag 23 millionar år. Under neogen utvikla pattedyr og fuglar seg stort. Dei fleste andre former var relativt uendra. Kontinenta flytta seg noko og den viktigaste hendinga var at Nord-Amerika festa seg til Sør-Amerika i sein pliocen. Dette førte til kaldare klima som førte til den siste istida. Mennesket oppstod i løpet av perioden.

Usemje

Neogen enda tradisjonelt ved slutten av pliocen, like før den eldre definisjonen av starten på kvartær. Enkelte geologar i dag meiner derimot at ein bør inkludere kvartær som ein del av neogen, og at neogen skal vere den noverande perioden som vi framleis er ein del av. Denne forvirrande terminologien og usemja mellom geologane om kvar ein skal setje dei geologiske grensene kjem av den forholdsvis fine tidsoppdelinga som er mogeleg å gjere i nyare tid, og at dei yngste sedimentære berglaga er bevart over eit mykje større område og viser mange fleire miljø enn tidlegare geologiske registreringar. Ved å dele kenozoikum i tre (eller to) periodar (paleogen, neogen og kvartær) i staden for sju epokar, vert lengda på periodane meir lik lengda på periodane i mesozoikum og palezozoikum.

ICS føreslo ein gong at kvartær kunne reknast som ein underæra av neogen, som startar for 2,588 millionar år sidan, ved starten av alderen gelasium. International Union for Quaternary Research (INQUA) føreslo derimot at neogen og pliocen kunne ende for 2,588 millionar år sidan og at gelasium vart ein del av pleistocen og at kvartær vart rekna som den tredje perioden i kenozoikum. Dei viste til klimaendringane, havendringane og dei økologiske endringane som skjedd for 2,588 millionar år sidan. 2006 ICS and INQUA reached a compromise that made Quaternary a subera, subdividing Cenozoic into the old classical Tertiary and Quaternary, a compromise that was rejected by International Union of Geological Sciences because it split both Neogene and Pliocene in two.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Neogen  Commons har multimedium som gjeld: Neogen
Kenozoikum
Paleogen Neogen Kvartær
Neogen
Miocen Pliocen Pleistocen Holocen
Aquitanium | Burdigalium
Langhium | Serravallium
Tortonium | Messinium
Zancleum | Piacenzium
(Gelasium)
Gelasium | Tidleg
Midtre | Sein
Boreal | Atlantisk

Tags:

Geologisk epokeGeologisk periodeGeologisk æraInternational Commission on StratigraphyKenozoikumKvartærMiocenPaleogenPliocen

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Det norske flaggetOpplettErling SkakkeReinfjordKaspihavet1318CysteBygdøy KongsgårdLahti-renna 1974Osterøy kommuneNasjonalrettAnne B. RagdeSnømyrkreLionel MessiHjartøyaCosenzaKlokkeKorinthíaUndergrunnsbanen i LondonNato-alfabetetLågt blodtrykkAllahu akbarBåhus festningHøgaste fjell i EuropaSosiale mediumKlimaOckham sin barberknivVestlandetTidssoneNord-IrlandSchrödingers kattRussisk salatHauge i DalaneSveitsSløvågFirkantfolketEplemostSør-KoreaEukaryotarLangfredag7. februarTrigonometrisk funksjonIngrid Alexandra av NoregStareIsraelSaltGulSandsøyaGeorg III av StorbritanniaHelena BrodtkorbFascismeBrexitEric Carmen28. marsGrevskap i EnglandHenry FordFilmen Harry Potter og fangen fra AzkabanVietnamGmailDominicaMinneapolisTriesteVerdas språk etter utbreiingLundefuglEuropaCelsiusKapp VerdeQueenKaptein SabeltannPink FloydRasElizabeth II av StorbritanniaPåskehareGeitetårnDen kinesiske kalenderen🡆 More