Juratida

Jura er ein geologisk periode som starta for 199,6 ± 0,6 millionar år sidan og varte til 145,5 ± 4 millionar år sidan, frå slutten av trias til byrjinga av krit.

Juratida
199.6–145.5 millionar år sidan
Gjennomsnittleg O2-innhald i perioden ca. 26 vol %
(130 % av dagens nivå)
Gjennomsnittleg CO2-innhald i atmosfæren i perioden ca. 1950 ppm
(7 gonger førindustrielt nivå)
Middeltemperaturen ved jordoverflata i perioden ca. 16.5 °C
(3 °C over dagens nivå)
Inndelinga av jura
sjå • diskuter • endre
-200 —
-195 —
-190 —
-185 —
-180 —
-175 —
-170 —
-165 —
-160 —
-155 —
-150 —
-145 —
Ein tilnærma tidsskala for jura.
Skala: Millionar år sidan.

Jura utgjer den mellomste perioden i mesozoikum og vert stundom kalla «Krypdyra sin tidsalder». Starten på perioden er markert av den store trias-jura-utryddinga, men mot slutten av jura hadde ein ikkje slike hendingar og feilmarginen er derfor større for slutten av perioden enn for byrjinga.

Juratida
Store dinosaurar dominerte under jura.

Jura vart namngjeve av Alexandre Brongniart etter dei omfattande marine kalksteinsframbrota i Jurafjella i grenseområdet mellom Tyskland, Frankrike og Sveits.

Jurasystemet er bergartar som er avsette i juratida.

Inndeling

Jura er vanlegvis delt inn i epokane tidleg, mellom og sein jura, òg kalla lias, dogger og malm i Europa. Dei tilsvarande uttrykka for berglaga frå denne tida er nedre, midtre og øvre jura. Aldrane i perioden er frå yngst til eldst:

Øvre/sein jura
  Tithonium (150,8 ± 4,0 – 145,5 ± 4,0 millionar år sidan)
  Kimmeridgium (155,7 ± 4,0 – 150,8 ± 4,0 millionar år sidan)
  Oxfordium (161,2 ± 4,0 – 155,7 ± 4,0 millionar år sidan)
Mellomjura
  Callovium (164,7 ± 4,0 – 161,2 ± 4,0 millionar år sidan)
  Bathonium (167,7 ± 3,5 – 164,7 ± 4,0 millionar år sidan)
  Bajocium (171,6 ± 3,0 – 167,7 ± 3,5 millionar år sidan)
  Aalenium (175,6 ± 2,0 – 171,6 ± 3,0 millionar år sidan)
Nedre/tidleg jura
  Toarcium (183,0 ± 1,5 – 175,6 ± 2,0 millionar år sidan)
  Pliensbachium (189,6 ± 1,5 – 183,0 ± 1,5 millionar år sidan)
  Sinemurium (196,5 ± 1,0 – 189,6 ± 1,5 millionar år sidan)
  Hettangium (199,6 ± 0,6 – 196,5 ± 1,0 millionar år sidan)

Paleogeografi

Juratida 
Kalkstein og mergel frå jura i Matmor-formasjonen sør i Israel.

Tidleg i jura braut superkontinentet Pangaea opp i det nordlege superkontinentet Laurasia og det sørlege superkontinentet Gondwana. Mexicogolfen opna ei ny rift mellom Nord-Amerika og det som i dag er Yucatanhalvøya i Mexico. Nord-Atlanteren var i jura relativt smalt, medan Sør-Atlanteren ikkje opna seg før i krittida, då Gondwana delte seg. Tethyshavet lukka seg og Neotethys-bassenget opna seg. Klimaet var varmt utan spor etter isbrear, og som i trias var det tilsynelatande ikkje is nær polane.

Det geologiske registeret frå jura er bra i Vest-Europa, der omfattande marine lag indikerer ei tid der mykje av kontinentet låg under eit grunt tropisk hav. Kjende stader er verdsarvstaden Jurakysten og lagerstätten frå sein jura i Holzmaden og Solnhofen. Til samanlikning er juraregisteret i Nord-Amerika det dårlegaste i heile mesozoikum med berre enkelte frambrot på overflata. Søjlv om det epikontinentale Sundancehavet etterlet marine avleiringar i delar av dei nordlege slettene i USA og Canada i sein jura, er dei fleste sedimenta frå denne perioden kontinentale.

Viktige juraframbrot finn ein òg i Russland, India, Sør-Amerika, Japan, Australasia og Storbritannia.

Fauna

Juratida 
Ichthyosaurus frå liassisk oljeskifer i Holzmaden, sør i Tyskland.
Juratida 
Snigel med mytlide toskjela skaldyr festa til seg på ei lagplate av kalkstein frå jura sør i Israel.
Juratida 
Gigandipus, eit fotspor frå ein dinosaur i nedre jura ved Johnson Farm, sørvest i Utah.

Sjødyr

Under jura var dei viktigaste virveldyra i sjøen fisk og marine krypdyr. Av sistnemnde finn ein fiskeøgler, svaneøgler og marine krokodillar av familien teleosauridae og metriorhynchidae.

Av virvellause dyr dukka det opp fleire nye grupper, som rudistar (ein revdannande variant av toskjela skaldyr) og belemnittar. Det var òg mykje dyr som bora seg ned i grunnen og perioden hadde derfor ein del bioerosjon av karbonatskjel og hardground. Særleg vanleg er sporfossilet gastrochaenolites.

Om lag fire eller fem av dei tolv kladane av planktoniske organismar dukkar opp i juratida eller opplever ein massiv fylling av økologiske nisjar.

Landdyr

På land dominerte store archosauriske krypdyr. Jura var gullalderen for store planteetande dinosaurar kalla sauropodar — camarasaurus, apatosaurus, diplodocus, brachiosaurus og mange andre—som flakka omkring på landjorda seint i perioden. Dei livnærte seg hovudsakleg av sletter av bregner, konglepalmar og bennettitales, eller høgare bartre, alt etter tilpassinga deira. Dei vart jakta på av store theropodar som ceratosaurus, megalosaurus, torvosaurus og allosaurus. Alle desse høyrte til saurischia-greina av dinosaurane.

Under sein jura dukka dei første fuglane opp frå dei små dinosaurane kalla coelurosaurar. Ornithischia-dinosarane var mindre dominerande enn saurischia-dinosaurane, men enkelte som stegosaurar og små ornithopodar spelte viktige roller som små og mellomstore planteetarar (men dei var ikkje like store som sauropodane). I lufta var flygeøgler vanleg og dei herska på himmelen og fylte mange økologiske nisjar som fuglane i dag fyller.

Flora

Juratida 
Bartre var vanlege i jura.

Dei tørre, kontinentale tilhøva frå trias varte ved gjennom jura, særleg på høge breiddegrader. Det varme, fuktige klimaet gjorde at frodige junglar dekte mykje av landskapet. Nakenfrøa planter var relativt mangfaldige gjennom jura. Bartrea dominerte særleg plantelivet, som dei hadde gjort gjennom trias, og dei var den mest mangfaldige gruppa og utgjorde mesteparten av høge tre. Av bartrefamiliar som dominerte gjennom jura finn ein araucariaceae, cephalotaxaceae, pinaceae, podocarpaceae, taxaceae og taxodiaceae. Den utdøydde bartrefamilien cheirolepidiaceae frå mesozoikum dominerte den lågare vegetasjonen, i lag med krattaktig bennettitales. Kongepalmer var òg vanlege, og det same var tempeltre og trebregnar. Mindre bregnar dominerte truleg underskogen. Caytoniacea var ei anna gruppe som var viktige gjennom perioden og skal ha vore på storleik med kratt eller små tre. Tempeltre var særleg vanlege på nordlege breiddegrader. På den sørlege halvkula var gultrefamilien ein suksess, medan tempeltre og czekanowskiales var sjeldne.

I hava dukka moderne raudalgar opp for første gong.

Juratida i Nordsjøen og Noreg

Det byrja å danne seg ei rift eller ein graben frå nord til sør i det som i dag er Nordsjøen tidleg i trias. I tidleg jura strøymde havet inn over dette området, som då var ørken. Området vart til etter kvart eit lågtliggande øyrike med grunt hav i mellom, sumpar og delta. Ein av dei viktige reservoarbergartane for olje i Nordsjøen, Statfjordsandsteinen, vart til i denne perioden.

I mellomjura heva Nordsjøområdet seg att og vart til eit lågland prega av erosjon og vulkansk aktivitet. Eit stort delta kalla Brentdeltaet oppstod gradvis over heile den nordlege Nordsjøen, og avsetningane frå dette vart seinare til eit av dei viktigaste reservoarbergartane for petroleum i Noreg.

I sein jura hamna det meste av Nordsjøområdet under havnivå att. Mudder med mykje organisk materiale vart i denne perioden avleira, og dette var opphavet til bergarten kalla Kimmeridgeskifer. Bergarten vart ein viktig kjeldebergart for olje og grunnlaget for dei fleste oljeførekomstane i Nordsjøen.

Ein har bergartar frå juratida på Andøya med sandsteinar, steinkol og skifer. I skiferen er det mellom anna funne eit nesten komplett bevart skjelett av ei fiskeøgle. Andre stader i landet ein finn bergartar frå jura er under Beitstadfjorden i Trøndelag og spreidde soner ved Froøyane og fastlandet innanfor. Då ein skulle bore den undersjøiske Bjorøytunnelen frå Bergen til Bjorøy, kom ein inn i soner med laus, kolførande sandstein frå jura, samt konglomerat, som begge førte til store tekniske problem.

På Svalbard er det store førekomstar av bergartar frå juratida.

Kjelder

Andre kjelder

«jura» av Inge Bryhni i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff

Jura
Tidleg/nedre jura Mellomjura Øvre/sein jura
Hettangium | Sinemurium
Pliensbachium | Toarcium
Aalenium | Bajocium
Bathonium | Callovium
Oxfordium | Kimmeridgium
Tithonium
Mesozoikum
Trias Jura Krit

Tags:

Juratida InndelingJuratida PaleogeografiJuratida FaunaJuratida FloraJuratida i Nordsjøen og NoregJuratida KjelderJuratida Andre kjelderJuratida BakgrunnsstoffJuratidaGeologisk periodeKrittidaMesozoikumTriasTrias-jura-utryddinga

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

ÅttringGlennDen sørlege regionen i EtiopiaGodzillaLen i SverigePolhavetRotfruktHurtigrutaSneppålInternettDjengis khanVM i skiskyting 2020Språk i AfrikaBeaufortskalaenKjell Magne BondevikCosta RicaAmiens24. marsOrFonetisk alfabetTeknologiBygdedyret27. marsTysklandAsbjørnsen og Moe1662Den gregorianske kalenderenKveiteLørenskog kommuneOrganisasjonen av oljeeksporterande landT-banen i OsloAntonio BanderasHalldis Moren VesaasPotsdamHovudtelefonVerdas språk etter utbreiingAudhumblaNederlandskMartin ØdegaardFumarole2020The KidsStrilamålViking FotballklubbIvar AasenEPA-traktorErling Braut HaalandChristian Rynning-TønnesenHufsaYatzyAserbajdsjanGroßpetersdorfTonsillAnne Lise GjøstølVulkanar i ItaliaVärmlandskSvastikaPanamakanalenElsa LystadByar i HellasMax ReinhardtTredje påskedagHollandGrunnstoffliste etter atomnummerJonas Gahr StøreRaulandHerjedalenProfessor emeritusROBEKThe Star-Spangled BannerRonja RøverdatterWashington County i Oregon🡆 More