Sidsel Margrethe Wold (fødd 23.
februar">23. februar 1959) er ein norsk journalist og forfattar. Frå 2007 til 2011 var ho NRK sin korrespondent i Midtausten.
Sidsel Wold | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 23. februar 1959 (65 år) Oslo |
Yrke | journalist |
Ektefelle | Ragnar Kvam jr. |
Sidsel Wold på Commons |
I 1978 reiste Sidsel Wold til Israel, der ho arbeidde som kalverøktar på ein kibbutz. Heime i Noreg vart ho dagleg leiar i Norske Kibbutz Vener (NORKIV), som arbeidde med å tilretteleggja for kibbutzopphaldet til norske ungdomar. Wold seier sjølv at ho i 1980-åra var i ferd med å konvertera til jødedomen, ein periode åt ho kosher og gjekk jamleg i synagogen. Ho engasjerte seg òg i organisasjonen Med Israel for fred, der ho vart vald inn i hovudstyret, og var redaktør for organet Midtøsten i Fokus. Ho byrja på Universitetet i Oslo i 1981, og heldt samstundes kontakt med det jødiske miljøet i Noreg. Wold har budd i Israel fleire gonger sidan, blant anna for å studera arabisk i 2003.
Sidsel Wold har jobba i ulike NRK-avdelingar, både som programleiar i radioen, TV-reporter og vikarierande utenrikskorrespondent i Midtausten. Ho har også vore journalist i Morgenbladet.
Wold er gift med Ragnar Kvam jr., som er seglar, forfattar og tidlegare Dagbladet-journalist. Paret har ein son saman. Dei utførte ei jordomsegling i 1995–1996.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Sidsel Wold, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.