Klippedomen

Klippedomen (arabisk قبة الصخرة Qubbat As-Sakhrah, hebraisk כיפת הסלע Kippat ha-Sela) er ein muslimsk heilagdom i Gamlebyen i Jerusalem.

Han er ein åttekanta bygning med forgylla kuppel som er reist på staden profeten Muhammed skal ha reist til himmelen frå. Bygningen blei opphavleg fullført under omajadekalifen Abd al-Malik, og er med dette eit av dei eldste døma på islamsk arkitektur.

Klippedomen
Klippedomen
Stilumajjade-kunst

Klippedomen
31°46′41″N 35°14′07″E / 31.778055555556°N 35.235277777778°E / 31.778055555556; 35.235277777778
Klippedomen
Klippedomen.

Klippedomen er eit kjennemerke for Jerusalem, og er som del av Gamlebyen med på UNESCO si liste over verdsarv, saman med mellom anna Vestmuren (Klagemuren) og Gravkyrkja i nærleiken.

Domen blir ofte omtalt som Klippemoskeen, men er ikkje eigentleg ein moské. Han ligg like ved al-Aqsa-moskeen på Tempelhøgda, som er den tredje mest heilage staden i islam, etter Mekka og Medina, i tillegg til å vera heilag også for jødar og kristne. Staden han er bygd på husa tidlegare eit romersk tempel til Jupiter Capitolinus, og før dette Det andre jødiske tempelet i Jerusalem. Ifølgje jødisk tradisjon er domen reist over klippa patriarken Abraham ville ofra Isak på.

Bygget blei truleg reist frå 687 til 691. Den opphavlege kuppelen kollapsa i 1016 og blei bygd opp att i 1021.

Galleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Klippedomen  Commons har multimedium som gjeld: Klippedomen

Tags:

ArabiskIslamIslamsk arkitekturJerusalemLailat al mirajOmajadeProfeten Muhammed

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

MjøsaFinding DoryDet norske alfabetetAndre verdskrigenHardingdialektTerje StrømdahlFrankrikeHistorisk oversyn over kommunar i HordalandCarles PuigdemontHomogeniseringPeter Wessel TordenskjoldBuddhistiske høgtiderBlåmannIvar AasenRonja RøverdatterVladimir PutinMaoismeAdolf HitlerSpaniaHalsnøybåtenJernKvalsafariGhanaNasjonalbiblioteketBoge i arkitekturenRådyrMahatma GandhiDiezeISBNBloggDurgaTallerkenNihilismeIne Marie WilmannSki-VM 2019No-dramaAluminiumJordaNSDAPSjuårskrigenAdministrativ inndeling i HellasListe over primtalEngelskPetter DassDonald TrumpEyvind JohnsonHaaretzJolene av Dolly PartonTorvastad IdrettslagBiologisk familieLarvik kommune2024AustraliaNykøbing MorsBygdedyretBrasilNM i bryting 1974RekreasjonKjemisk formelKvartalPlaneten MarsFridomssosialismeHøgaste fjell i Noreg etter primærfaktorRussisk litteraturAbugidaØystein SundeSauSamuel MassiePave Johannes Paul IAureLuciano PavarottiKvitveisWayback Machine🡆 More