Sissel og Sidsel er kvinnenamn som er kortformer av Cecilie/a.
Dette namnet stammer frå det latinske Caecilia, hokjønnsforma av slektsnamnet Caecilius, som er danna av det latinske adjektivet caecus, 'blind'. Andre kortformer av Cecilie er Silje, Sissi, Sisse og Sessel.
Sissel har norsk namnedag den 22. november.
Sissel var mykje brukt som namn på norske jentebarn frå 1940-talet til 1960-talet. På andre halvdel av 1950-talet kunne over 1,2 % av jenter bli døypte Sissel. Stavemåten Sidsel var mest populær på 1940- og 1950-talet, då det kunne koma opp mot 0,4 % av alle jentenamn.
I 2008 var det 10 413 norske kvinner som heitte Sissel. 2 411 heitte Sidsel.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Sissel, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.