Flyktninghjelpen

Flyktninghjelpen (NRC: Norwegian Refugee Council) er ein humanitær organisasjon basert i Noreg som har som mål å hjelpa og støtta rettane til menneske på flukt.

Flyktninghjelpen er religiøst og partipolitisk uavhengig og tilbyr hjelp, vern og ei røyst til flyktningar og internt fordrivne

Flyktninghjelpen
Flyktninghjelpen
TypeStifting
Org.nummer977538319
Skipa1946
HovudkontorPrinsens gate 2, Oslo
OpphavEuropahjelpen
GeneralsekretærJan Egeland
Omsetjing916 185 euro (2020) Sjå dette på Wikidata
Donasjonar916 185 euro (2020) Sjå dette på Wikidata
Tilsette7 050 (2019) Sjå dette på Wikidata
MottoRights respected and people protected
Nettstadhttps://flyktninghjelpen.no Sjå dette på Wikidata

Dei fleste medarbeidarane i organisasjonen er lokalt tilsette i om lag 30 konfliktområde (2017) i Afrika, Asia og Sør-Amerika. Hovudkontoret ligg i Oslo og har rundt 200 tilsette. I tillegg er organisasjonen representert i Brussel, Genève, Addis Abeba, Dubai og Washington.

Flyktninghjelpen
Matkø av fortdrivne ivorianarar i Liberia i 2011. Matutdelinga var eit samarbeid mellom Flyktninghjelpen og SN sin høgkommissær for flyktningar.

Organisasjonen er ei vidareføring av Europahjelpen, som blei oppretta i 1946. Han heitte Det Norske Flyktningeråd fram til 1992 og Flyktningerådet fram til 2005, då han fekk namnet Flyktninghjelpen. På engelsk er han kjend som Norwegian Refugee Council, NRC. Han har eit tett samarbeid med SN sin høgkommissær for flyktningar og fleire andre SN- og internasjonale bistandsorganisasjonar.

Verkeområde

Flyktninghjelpen har seks område som spesialfelt for å hjelpa folk som flyktar:

  • Mattryggleik
  • Tilgang på reint vatn
  • Husly
  • Leirdrift
  • Rettshjelp
  • Utdanning

I tillegg ser organisasjonen seg som ein talsmann for flyktningar som kan gje informasjon og påverka politikken til støtte for flyktande sine rettar.

Organisasjonen driv eit dokumentasjonssenter om internt fordrivne, Internal Displacement Monitoring Centre (IDMC). Senteret blei skipa i 1998 og har base i Genève. Det kartlegg og rapporterte om situasjonen til menneske som er på flukt i eige land.

Flyktninghjelpen driv også ein beredskapsstyrke, NORCAP, som bistår SN, andre internasjonale organisasjonar, regionale institusjonar og nasjonale styresmakter i samband med humanitære krisesituasjonar. Styrken omfattar rundt 1000 kvinner og menn som raskt kan reisa kvar som helst i verda. NORCAP er finansiert av det norske Utanriksdepartementet (UD).

Utdeling av prisar

Kvart år deler Flyktninghjelpen ut Perspektivprisen til personar eller media som har utmerka seg ved å formidla internasjonale nyhende og kasta lys over internasjonale spørsmål. I 2011 vann Sidsel Wold, Midtausten-korrespondent i NRK, prisen. I 2012 gjekk han til VG-fotograf Espen Rasmussen og i 2013 til Aftenposten Junior.

Flyktninghjelpen bidreg også til å organisera seremonien rundt utdelinga av Nansenprisen (engelsk The Nansen Refugee Award), som blir delt ut årleg av SN sin høgkommissær for flyktningar for framifrå innsats for flyktningar.

Generalsekretærar

Flyktninghjelpen 
Jan Egeland talar i 2013.
  • 1953–1956: Knut Okkehaug
  • 1956–1960: Arne Fjellbu
  • 1960–1980: Wilhelm S. Bøe
  • 1980: Ruth Ryste
  • 1981–1990: Eva Dunlop
  • 1990–1994: Trygve G. Nordby
  • 1994-1995: Gunnar F. Andersen
  • 1995–1997: Trygve G. Nordby
  • 1997–1999: Ola Metliaas
  • 2000–2002: Steinar Sørlie
  • 2002–2005: Raymond Johansen
  • 2006–2008: Thomas Colin Archer
  • 2008–2013: Elisabeth Rasmusson
  • 2013– : Jan Egeland

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Flyktninghjelpen  Commons har multimedium som gjeld: Flyktninghjelpen

Tags:

Flyktninghjelpen VerkeområdeFlyktninghjelpen Utdeling av prisarFlyktninghjelpen GeneralsekretærarFlyktninghjelpen KjelderFlyktninghjelpen BakgrunnsstoffFlyktninghjelpenFlyktningNoreg

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

MMDanmark19. aprilStareArgentinaKrapina-ZagorjeCountryDanskAlderspensjonNéa ZíkhniGauderMusikkJordanSkulderbladJamstellingsvedtaketPalestinaChampions LeagueDet buddhistiske livshjuletEvnukkDet tyske herrelandslaget i fotballBroadwayAftonbladetWikipediaROBEKLemmingKvadratmeterFonnesProfessor emeritusMS «Venus» (1931)Freddie MercuryParlamentarismeIslamMachu PicchuKari Werner ØfstiKelvinPeriferieininga SérresNato-alfabetetAnne RimmenWaitangitraktatenTraktorForsikringSur nedbørPierre CochereauSandefjord kommuneEmma WatsonOdinSnåsa kommuneKredittThoriumkraftverkURLTysklandJohannes BarstadErik AndersenAmfípoliByar i Nederland18. aprilRagnhild GulbrandsenStikkelsbærAstrid LindgrenOperasjon BarbarossaSekulærSlaurKind of BlueBlue MoonPink FloydJordskorpeplatePetrítsiByar i HellasLand i Eurovision Song ContestVersaillestraktatenLovØresundbruaRSSFrankrikeScrabbleDompap🡆 More