Verdas Skriftsystem

Dette er eit oversyn over verdas skriftsystem, klassifisert etter ein del karakteristiske trekk.

Sjå skriftsystem for meir informasjon om ulike typar av skriftsystem. Sjå også grafem og glyff for to ulike innfallsvinklar til basiskonstituentane i skriftsystema.

Det vanlege namnet til skriftsystemet er ført opp først (i feite typar), namnet på språket som bruker skriftsystemet er lagt til i parentes i dei tilfella der namnet på språket skil seg frå namnet på skriftsystemet. Anna informasjon kan også vere lagt til.

Verdas Skriftsystem
Verdas skriftsystem, illustrert med ordet «Wikipedia».

Logografiske skriftsystem

Logografiske skriftsystem er skriftsystem der settet av grafem har mange logogram. Desse logogramma representerer ord eller røter og ikkje fonologiske komponentar.

Merk at logografiske skriftsystem ikkje berre har logogram, men også inneheld ein del grafems som representerer lydbaserte element. Desse elementa kan vere uavhengig av logogramma (representere eigne stavingar, slik at t.d. stammen er representert med eit logogram men grammatiske suffiks med symbol som representerer lyd), eller dei kan vere eit tillegg til logogrammet. Mange logografiske system er dermed vanskeleg å klassifisere.

Reint ideografiske skriftsystem, der kvart symbol er eit ideogram som representerer heile konsept er sannsynlegvis ikkje mogleg, i alle fall viss skriftsystemet er meint å uttrykkje alt som kan bli sagt på eit språk.

Merk at i daglegtale er det ein tendens til å kalle alle skriftsystem, uavhengig av type, for alfabet. Denne praksisen blir til dels spegla i lista nedanfor, der skriftsystem som ikkje er alfabet i den tydinga vi gjer ordet her, likevel blir referert til med det tradisjonelle namnet sitt — alfabet.

Stavingsbaserte skriftsystem

I eit stavingsbasert skriftsystem representerer (mange av) symbola ei staving.

Segmentale skriftsystem

Ei segmental skrift har grafem som i ideelle tilfelle representerer fonema i språket det gjeld. I praksis er det ofte manglande samsvar mellom grafem og fonem, ved at same fonem kan blir representert med kombinasjonen av fleire grafem, eller ved at same fonem blir representert ved ulike grafem i ulike samanhengar. Grunnen til dette er som regel at språket har endra seg, mens måten å skrive det på har halde seg. T.d. inneheld det norske ordet ski to fonem (/ʃ/ og /i:/), men skrivemåten med tre grafem speglar uttalen på eit tidlegare språktrinn. Grunnen til variasjon kan også vere ein for dårleg lingvistisk analyse, som når engelsk /k/ blir skrive som framfor bakre og framfor fremre vokalar, sjølv om det er berre eitt fonem.

Segmentale skriftsystem kan bli delt inn i grupper etter om dei representerer alle fonema, eller berre nokre av dei, og etter på kva slags måte dei representerer fonema.

Eigentlege alfabet

Verdas Skriftsystem 
Alfabet for europeiske språk. ██ Gresk ██ Gresk & latin ██ Latin ██ Latin & kyrilisk ██ Kyrillisk ██ Georgisk ██ Armensk

Eit alfabet i trong meining inneheld separate symbol for konsonantar og vokalar.

Abjadar

Ein abjad er ein segmental skrift som inneheld symbol berre for konsonantar.

Abugidaar

Ein abugida er ein segmental skrift der vokalar er representert av diakritiske teikn eller andre systematiske modifikasjonar av konsonantane.

Trekkbaserte skriftsystem

Udechiffrerte skriftsystem

Desse skriftsystema har enno ikkje blitt dechiffrert, og i nokre av tilfella kan det hende at dei ikkje er skriftsystem.

  • Indusskrift:
  • Lineær A:
  • Meroitisk skrift: — ein abugida
  • Gammaleuropeisk skrift: — (vinča)
  • Phaistosdiskosen:
  • Proto-elamittisk:
  • Rongorongo:

Bakgrunnsstoff

Fotnotar

Tags:

Verdas Skriftsystem Logografiske skriftsystemVerdas Skriftsystem Stavingsbaserte skriftsystemVerdas Skriftsystem Segmentale skriftsystemVerdas Skriftsystem Trekkbaserte skriftsystemVerdas Skriftsystem Udechiffrerte skriftsystemVerdas Skriftsystem BakgrunnsstoffVerdas Skriftsystem FotnotarVerdas Skriftsystem

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

TyrkiaSilkehønsAnanasVólviPolenKommunikasjonOr7. desemberHarry HestadIltalehtiLangt undertøyCarl XVI Gustaf av SverigeÆrfuglArne Kjell Larsen2024RådyrIf I Were SorryHenrik II av EnglandReligion i EnglandBekardarHanne ØrstavikFilchner-Ronne-isenWehrmachtBBC PrimeVerdscupen i skihopping 2009Øystein SundeMyAnna BuringHaakon LiePotetmjølVevdesignSusanne SundførØresundbruaDet tredje riketBietarVROOOM VROOOMH.C. AndersenBrennverdiJonas Gahr StøreKrøllalfaKarin KrogMS «Trollfjord»Ørsta kommuneSalman av Saudi-ArabiaUnder My ThumbUtrikesdepartementetBhutankrigenEuropaTagetes lucidaDet polske flaggetROBEKJojoHarald MæleSeladonRundeKlippedomenDadaismeOreókastroAnne HoltLuciano PavarottiSgt. Pepper’s Lonely Hearts Club BandViggo MortensenLemmingPeriferieininga ThessaloníkiFirmamentIntellektuellGabriel PimbaPannemerke i hinduismenTabarcaMånenArto BryggareJohn ScofieldSerena WilliamsVestlandetTrymskvidaApollo 11🡆 More