Safran er eit krydder laga av dei tørka arra frå safrankrokusen (Crocus sativus).
Det har ein svært høg pris, og er eit av verdas mest kostbare krydder. Safran er tradisjonelt blitt brukt som legemiddel, seremonielt og i matlaging. Iran er eit viktig produksjonsland.
Safran blir brukt i ei mengd matretter, til dømes i ris- og gryteretter. I asiatisk matlaging lager ein safranris i mange utgåver. I europeisk matlaging nyttar ein safran i fleire matretter, som i den franske fiskesuppa bouillabaisse, den italienske risotto alla milanese og i spansk paella. Til dessertar som saffranis og panna cotta gjev det ein god smak og fin gul farge. I Norden er han mellom anna brukt i lussekatt.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Safran, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.