Croydon er ein by i Stor-London.
Han blir administrert som ein av bydelane i London, og er den største av desse etter folketal. Den høyrde til tidlegare Surrey, men i 1889 blei den ein sjølvstendig eining. I 1965 blei den innlemma i Stor-London, og distrikta Coulsdon og Purley blei innlemma i byen. Den har sidan 2001 hatt ei eiga byregjering, som kjem i tillegg til styresmaktene i London.
London Borough of Croydon | |||
bydel | |||
Land | England | ||
---|---|---|---|
Region | Stor-London | ||
Areal | 86,4947 km² | ||
Folketal | 385 346 (2018) | ||
London Borough of Croydon 51°22′16″N 0°05′56″W / 51.371111111111°N 0.098888888888889°W | |||
Wiki Commons: London Borough of Croydon | |||
Stadnamnet kjem truleg frå det angelsaksiske croead deanas, «Krokusdalen», og viser til at det ein gong blei innhausta safran i området. Namnet er ein parallell til Saffron Walden i Essex.
Ein annan teori er at det kjem frå det gamalfranske croie dune, som tyder «Kalkås», ettersom den ligg i den nordlege enden av dei kalkrike høgdene North Downs.
Croydon ligg omkring 16 km sør for London sentrum, ved ein av plassane der elva Wandle har utspringet sitt. Rett sør for byen er ei opning i North Downs, som mykje av transporten mellom London og sørkysten går gjennom. Den gamle vegen mellom London og Brighton, A23, gjekk gjennom byen tidlegare, og er no lagt på vestsida for å spare sentrum for trafikk.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article London Borough of Croydon, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.