Raudstjert: Art av sporvefuglar

Raudstjert (Phoenicurus phoenicurus) er ein insektetande fugl som høyrer til slekta Phoenicurus i gruppa raudstjertar.

Raudstjert
Raudstjert
Raudstjert
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av raudstjert
Utbreiinga av raudstjert
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Parvorden: Passerida
Overfamilie: Muscicapoidea
Familie: Flugesnapparfamilien Muscicapidae
Slekt: Phoenicurus
Art: Raudstjert P. phoenicurus
Vitskapleg namn
Phoenicurus phoenicurus

Han er trekkfugl og hekkar i store delar av Europa og Sentralasia, og i det aller nordlegaste Afrika, og overvintrar i det sentrale Afrika.

Taksonomi

Raudstjertane er ein distinkt klade av fleire fugleartar. Det rår ikkje konsensus om kva familie gruppa høyrer til. Før vart gruppa plassert i trastefamilien, men i dag vil mange plassere gruppa i familien flugesnapparar (Muscicapidae) i underfamilien Saxicolinae saman med mellom andre buskskvettar i slekta Saxicola og slekta Oenanthe, steinskvettar. Arten raudstjert vert oftast delt opp i to underartar:

  • P. p. phoenicurus - nominatforma hekkar i Europa, Kasakhstan og Sibir. Denne underarten overvintrar i tropisk Afrika
  • P. p. samamisicus – hekkar lengre sør, frå Krimhalvøya og Tyrkia i vest til Afghanistan i aust. Denne underarten overvintrar i det nordaustre Afrika.

Utsjånad

Raudstjert: Taksonomi, Utsjånad, Læte 
Vaksen hann av nominatforma i sommardrakt.
Raudstjert: Taksonomi, Utsjånad, Læte 
Vaksa ho i sommardrakt.

Raudstjerten er ein slank fugl på 13-14,5 cm, og veg 12-20 gram. Han sit ofte på låge greiner eller små buskar og vibrerer med stjerten. Fuglen har svart kvasst nebb, typisk for insektetande fuglar, og svarte bein. Han sit ofte oppreist og dirrar på den rustraude stjerten. Den vaksne hannen har om sommaren ei iaugefallande farga fjørdrakt med djupsvart ansikt og hals, kvit panne, grått hovud, nakke og rygg og brunaktige vengar. Brystet, buken og stjerten er skarpt teglraude, der dei mellomste stjertpennane er mørkebrune til svarte. Hoa er meir anonym i fargen, brunaktig med lyst beige bryst og kvit buk og undergump, medan stjerten er som på hannen. Seint på sommaren får raudstjerten ei drakt med lyse fjørbremmar, noko som gir fuglen ein utvaska utsjånad. Dei lyse bremmane vert slitne vekk gjennom vinteren. Dette resulterer i hannen si kraftfullt farga praktdrakt om våren.

Læte

Hannen byrjar synge i den første lysninga om morgonen. Songen, som varer 2-3 sekund, byrjar med eit høgt hiii følgd av 5-6 djupe og rullande dy-dy-dy-dy-dy. Han hermar også etter andre fuglar. Lokkelåten minner om lauvsongaren si mjuke tostava huit, men vert ofte avslutta med eit hardt tikkande læte, tick-tick-tick.

Utbreiing

Raudstjerten er ein trekkfugl som hekkar i det nordvestre Afrika, over store delar av Europa og i Sentralasia, vidare austover gjennom Sibir så langt som til Bajkal. Fuglen overvintrar i det sentrale og vestlege Afrika, samt lokalt på Den arabiske halvøya.

Førekomst i Noreg og trekktilhøve

Raudstjerten hekkar i det meste av landet, til langt opp i bjørkebeltet, men er lite talrik langs vestkysten. Fuglen likar opne skogar, og er ein karakterart for dei turre og fattige furuskogane. I august-september flyg raudstjertane sørover til savannebeltet nord for ekvator. Dei kjem attende i slutten av april og i mai.

Hekking

Raudstjert: Taksonomi, Utsjånad, Læte 
Vaksen hann som fangar insekt i flukt.

Raudstjerten plasserer reiret først og fremst i holrom i tre, men også i bygningar, hol på marka, steinrøyser og rugekasser. Hoa bygg eit reir av turre strå. Ho legg 5-7, sjeldan 3-10, einsfarga lyst blågrøne egg som ho rugar i 11-15 døgn. Ungane vert i reiret i 12-15 døgn og vert fora av begge foreldra. Denne fôringa held fram ei tid etter at ungane er ute. Raudstjertane har gjerne to kull gjennom ein sesong.

Gauken legg ofte egget sitt i raudstjertreiret.

Føde

Raudstjerten lever av insekt, både larver og vaksne, og av edderkoppar. Hannane fangar mange insekt i flukta og driv matleiting oppe i trekronene, medan hoene søker etter mat i buskar og undervegetasjon, og ned på marka. Dette skiljet gjer at raudstjertane utnyttar territoriet betre. Seint på sommaren og om hausten et raudstjertane også bær.

Kjelder

  • Svensk Wiki Nynorsk.
  • Engelsk Wiki Nynorsk.
  • Norsk Fugleatlas, 1994.

Referansar

Bakgrunnsstoff

Raudstjert: Taksonomi, Utsjånad, Læte  Wiki Commons har multimedia som gjeld: Raudstjert

Tags:

Raudstjert TaksonomiRaudstjert UtsjånadRaudstjert LæteRaudstjert UtbreiingRaudstjert KjelderRaudstjert BakgrunnsstoffRaudstjertAfrikaBiologisk slektEuropaFuglarHekkingPhoenicurusRaudstjertarSentralasiaTrekkfugl

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

1528Erling SkakkeAustralia20. septemberBokstaveringsalfabetELibanonKosmogoniFreddie MercuryLangfredagsfjæreRakiaGrunnstoffliste etter atomnummerQueenDennis VareideTrøffelVaduzByggTredje påskedagFri rettshjelpGjest BaardsenCoca-ColaSnømyrkreIl Tempo GiganteIranKattEgypt i oldtidaKommunismeElectrolux AssistentPeloponnesTørkePartnarskap for fredCreative CommonsAn-MagrittEli Kari GjengedalFribyar for forfattarar og kulturarbeidararCornelis VreeswijkLikning i matematikkGmailKarl X av FrankrikeKasusTidslinje over norsk historieLeedsSchrödingers kattToyota Motor CorporationUngkarErik AndersenStratovulkan1. divisjon fotball for menn 1977Innsjøar i SverigeKjetil André AamodtHalelause padderGeorg Friedrich HändelWiki CommonsBåhus festningLokeFader vårValladolidOttomanDet osmanske riketDanmarkNato-alfabetetGeorg III av StorbritanniaTurn under Sommar-OL 1988Mikhail GorbatsjovKvigeSløvågSlaveSørfold kommuneDjengis khanOckham sin barberknivØystein SundeHektogramAnne B. RagdeTexasNordfjordeidTorstein Flakne🡆 More