Vaduz er hovudstad i fyrstedømet Liechtenstein og sete for nasjonalparlamentet.
Byen, som ligg ved Rhinen, har 5 248 (2006) som hovudsakleg er romersk-katolske. Domkyrkja er sete for ein romersk-katolsk erkebiskop.
Vaduz | |||||
---|---|---|---|---|---|
Schloss Vaduz | |||||
| |||||
Styresmakter | |||||
Land | Liechtenstein | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd | 17,3 km² | ||||
Flatevidd - By | 17,3 km² | ||||
Innbyggjarar - By (2006) - folketettleik | 5 143 288/km² | ||||
Koordinatar | 47°08′N 9°31′E / 47.133°N 9.517°E | ||||
Høgd over havet | 445 m | ||||
Tidssone | UTC+01:00 (UTC) | ||||
Diverse anna | |||||
Postnummer | 9490 | ||||
Telefon-retningsnummer | 7001 | ||||
Heimeside: www.vaduz.li | |||||
Plassering | |||||
Vaduz og eksklavane i Liechtenstein |
Sjølv Vaduz er den mest kjende staden i Liechtenstein er han ikkje den største landsbyen i fyrstedømet. Nabokommunen Schaan har litt fleire innbyggjarar.
Vaduz skal visstnok ha vorte nemnd i historiske kjelder på 1100-talet som Farduzes. Han vert derimot rekna for å ha vorte grunnlagd på 1200-talet av grevane av Werdenberg. I 1322 vert det nemnd at det vart bygd ei borg, som vart plyndra av sveitsarane i 1499.
Det mest kjende landemerke i Vaduz er Schloss Vaduz, residensen til fyrsten av Liechtenstein og fyrstefamilien. Slottet er synleg frå nesten alle stader i Vaduz og ligg på toppen av ein bratt ås i midten av byen.
Det nasjonale kunstgalleriet og nasjonalmuseumet ligg i Vaduz. Kunstgalleriet (Kunstmuseum Liechtenstein) inneheld moderne kunst og samtidskunst. Bygget er eit arkitektonisk landemerke bygd av dei sveitsiske arkitektane Morger, Degelo og Kerez. Det stod ferdig i 2000 og dannar ein «svart boks» med farga betong og svart basaltstein. Museumssamlinga er òg den nasjonale kunstsamlinga til Liechtenstein.
Liechtenstein nasjonalmuseum viser ei permanent utstilling av kultur- og naturhistoria til Liechtenstein i tillegg til nokre spesielle utstillingar. Ein finn òg eit frimerkemuseum og eit skimuseum i byen.
Vaduz har ein livleg turistindustri trass i at han er ein av særs få hovudstader i verda utan flyplass eller jernbanestasjon. Den næraste jernbanestasjonen ligg i Sargans i Sveits, om lag 7 km frå Vaduz. Vaduz har derimot eit effektivt bussnettverk som ofte har avgangar til Sargans og Buchs (i Sveits). Mobile turistkontor finn ein i sentrale område gjennom turistsesongen. Byen har ein livleg marknad som sel handlaga suvenirar.
FC Vaduz er det lokale fotballaget i Liechtenstein, og både dette og andre lag i landet spelar i den sveitsiske ligaen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Vaduz, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.