Eit punkt er eit grunnleggande matematisk omgrep.
Evklid definerte eit punkt som «det som ikkje kan delast», og i geometrien vert punktet vanlegvis oppfatta som ein minste del, slik at geometriske objekt som linjer og flater er samansett av punkt. Eit punkt definert på den geometriske måten har ikkje noko utstrekning i noko retning, og ein kan dermed sei at det er eit geometrisk objekt med dimensjon 0.
Ein kan òg definere punkt ved hjelp av talomgrepet, sidan punkta på ei rett linje svarar til dei reelle tala, medan punkta i planet er eit punktpar (x, y), som i den analytiske geometrien.
«punkt – matematisk» av Karl Egil Aubert i Store norske leksikon, snl.no.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Punkt i matematikk, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.