Ho omfattar mellomstore til store lauvtre som veks i dei fleste delar av den nordlege halvkula. Blada på mange av artane har lateralt flattrykte bladstilkar, noko som gjer at blada lett dirrar i vinden. Dette kan få heile treet til å sjå ut som om det skjelv.
Kjempepoppel (Populus trichocarpa) var det første treet som fekk heile DNA-koden sin kartlagt. Dette blei kunngjort i Science i september 2006.
Den einaste poppelarten som veks naturleg i Noreg er osp, men fleire andre artar er blitt planta i landet. Nokre av desse kan ta over frå andre plantar, og er blitt svartelista av Artsdatabanken. Dette gjeld særleg balsampoppel og berlinerpoppel. Andre artar av poppel er blitt ein ikkje-invaderande del av norsk natur. Dette gjeld til dømes svartpoppel og sølvpoppel.
Klassifisering
Poppelslekta er tradisjonelt blitt delt inn i seks seksjonar på grunnlag av utsjånaden til blad og blomar. Denne klassifiseringa følgjer under. Nyare genetiske studiar har i stor grad støtta opp om dette, og har også bekrefta aningar om hybridisering mellom gruppene. Nokre av artane under har ulikt slektskap i kjerne-DNA (arva frå farslinja) og kloroplast-DNA (arva frå morslinja), ein klar indikasjon på eit truleg hybrid opphav. Hybridisering er framleis vanleg i slekta, og det finst fleire hybridar mellom artar frå dei ulike seksjonane.
Utvalde artar
Artar der norsk namn er ukjend har engelsk namn i kursiv.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Poppelslekta, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses. ®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.