?
Polonium er eit grunnstoff med kjemisk symbol Po og atomnummer 84. Det er eit halvmetall.
Polonium vert mellom anna nytta som nøytronkjelde.
Polonium vart oppdaga av Marie Curie i 1898 og har fått namn etter heimlandet hennar, Polen.
Polonium vert gjerne funne saman med uran.
Alle dei 25 kjende isotopane av polonium er radioaktive. Isotopen 210Po er den vanlegaste. Den er ei sterk alfakjelde med halveringstid på vel 138 døgn. Den er mykje giftigare enn blåsyre.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Polonium, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.