Atommasse er gjennomsnittsmassen av alle isotopane til eit grunnstoff slik det finst i naturen.
Eininga for atommasse er u (atommasseeining). Ein u er definert som 1/12 av atommassen til karbon-12, som er ein isotop av karbon med til saman 12 nukleon. Atommassen i u har same talverdi som molmassen i gram per mol av grunnstoffet.
For kunstig framstilte atom er det oftast massen av den mest stabile isotopen som vert oppgitt.
Nesten all massen til eit atom ligg i atomkjernen fordi massen til elektrona er ekstremt liten samanlikna med massen til proton og nøytron. Eit proton og eit nøytron har omtrent like stor masse. Dette gjer at massen til deuterium er om lag dobbelt så stor som massen til eit hydrogenatom av isotopen protium.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Atommasse, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.