Eit energinivå er energien til eit system av molekylær storleik eller mindre når systemet er i ein tilstand som ikkje blir endra med tida (ein stasjonær tilstand).
Når til dømes eit atom går frå eit energinivå til eit anna og lågare energinivå, sender det ut elektromagnetisk stråling, som gjev opphav til eit linjespektrum. Niels Bohr formulerte den første primitive versjonen av kvantemekanikken i 1913. Frå dette utleidde han energiane i energinivåa til hydrogenatomet, og forklarte vidare bølgjelengdene i mellom anna balmerserien i hydrogenspekteret som ein konsekvens av at energien er bevart. Diskrete energinivå finst òg i atomkjernen. Energinivåa i kjernen har ein storleiksorden kring MeV, og elektromagnetisk stråling som blir sendt ut ved overgang mellom desse vert kalla gammastråling.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Energinivå, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.