Heidi Løke

Heidi Løke (fødd 12.

desember">12. desember 1982) er ein norsk handballspelar frå Tønsberg som frå sommaren 2022 er inne i si tredje periode som Larvik HK-spelar. Ho har vunne fem EM-gull, to VM-gull og eitt OL-gull med Noreg i åra 2008-20, i tillegg til meisterligaen, tre seriegull og tre cupgull med Larvik HK. Løke er strekspelar, og kan skyte med begge hendene. Perioden 2006-20 deltok ho i 226 landskampar og skåra 801 mål.

Heidi Løke

Heidi Løke

Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. desember 1982 (41 år)
Tønsberg
Idrett handball
Tok del i

Sommar-OL 2012

Utmerkingar

Årets handballspelar frå IHF

Handballspelaren Frank Løke er bror hennar.

Karriere

Klubbspel

Løke melde overgang frå handballklubben Runar til Larvik HK i 2000. Då ho fekk lite speletid for Larvik, valde ho i 2002 å gå over til Gjerpen, ein annan toppserieklubb. Ho spela for Gjerpen i fem sesongar, deretter var ho ein sesong i danske Aalborg HK. Frå sommaren 2008 spela ho på nytt i Larvik HK, og opplevde stor suksess. Alle dei tre neste åra vart ho serie- og cupmeister med klubben, som i 2011 også vann den europeiske meisterligaen, kort før Løke forlet klubben. Ho vart toppskårar i serien både i 2009 og 2010, og dessutan begge åra kåra til årets spelar i Noreg.

Løke gjorde 2011-17 teneste i det ungarske topplaget Győri ETO. Her var ho med på å vinne IHF-meisterligaen åra 2013, 2014 og 2017. Sidan spelte ho 2017-19 på Storhamar sitt lag i den norske toppserien, deretter var ho knytt til IK Våg fram til 2022. Ho bidrog til at klubben sigra i IHF-meisterligaen 2021, men ikkje då Våg også vann meisterligaen 2022. I sitt førtiande år skreiv ho kontrakt med Larvik HK.

Landslagsspel

Løke debuterte på det norske landslaget mot Ungarn den 7. april 2006, men etablerte seg aldri på landslaget før europmeisterskapen i Makedonia i desember 2008. Noreg vann meisterskapen, der Løke viste seg som ein av dei beste angrepsspelarane for Noreg. I 2009 fekk Løke VM-bronse etter norsk siger over Spania. Både i 2010 og 2011 var Løke med på norske meisterskapstriumfar. I 2010 vart Noreg europameistrar etter finalesiger over Sverige, og året etter vann Noreg VM-finalen i Sao Paulo med 32-24 over Frankrike. I begge meisterskapane kom Løke med på «allstar»-laget som beste strekspelar.

Under OL 2012 i London vart ho olympisk meister etter at Noreg vann finalekampen med 26-23 over Montenegro.

Heidi Løke 
Heidi Løke i Győr-drakt.

Merittar landslag

Bakgrunnsstoff

Tags:

Heidi Løke KarriereHeidi Løke BakgrunnsstoffHeidi Løke12. desember1982Det norske kvinnelandslaget i handballHandballLarvik HKTønsberg

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

IslandSavoykålAlaskaEliteserien i handball 1973/74/KvinnerOdd NordstogaParisJon FosseMalakoff RockfestivalSpringarOnaniPeriferien Sentral-HellasDovrebanenHurtigrutaTibetansk skriftUndergrunnsbanen i LondonOperativsystemLagasildFaenPjotr TsjajkovskijJødedommenFeltleirar i AntarktisHumleKnut T. StorbukåsAsker kommuneBobby Brown Goes DownKillingSax-a-boomErétriaBjørkefinkAlónnisosTrøndelag fylkeNautisk milRefraksjonJomfruChampions LeagueDonald TrumpMyllargutenColtanEndetarmElisabeth TerlandInternettBerlinmurenSkotsk musikkSalhuskvintetten OlkabilamoMiddelhavetUlrikenTalesynteseEselGrunnstoffliste etter atomnummerSnikkarKnut Marius DjupvikDet nederlandske koloniriketDanmarkGrameenphoneLise AmundsenDei fem K-ane i sikhismenMonogamiNasjonaldagDelfíWikipedia1995Drivstoffet knottJantelovenIngebjørg BratlandMjøsaStèreTor Arne HetlandVictoria av SverigeGolden Gate BridgeStøvsugarPer PaustHalo i meteorologiStareStad kommune🡆 More