Now I'm Here

«Lily of the Valley» (Single Edit)

Now I'm Here
Singel av Queen
frå albumet Sheer Heart Attack
B-side

Språk engelsk
Utgjeve 17. januar 1975
Innspelt September 1974
Sjanger Hardrock
Lengd 4:12
Selskap EMI, Elektra
Komponist Brian May
Tekstforfattar Brian May
Låtskrivar(ar) Brian May
Produsent Roy Thomas Baker og Queen
Queen-kronologi 
«Killer Queen»/ «Flick of the Wrist»
(1974)
Now I'm Here «Lily of the Valley»
(1975)


«Now I'm Here» er ein song av det britiske rockebandet Queen. Det er den sjette songen på det tredje albumet deira, Sheer Heart Attack, han vart skriven av gitaristen Brian May, medan han var på sjukehus med hepatitt. Songen er kjend for dei harde riffa og vokalharmoniane. I Storbritannia nådde singelen 11. plassen då han kom ut i 1975. Songen vart ein populær konsertlåt, og vart spelt på så godt som alle konsertane deira frå seint 1974 til 1986.

Detaljar

Songen omhandlar dei gode minnene til May frå den amerikanske turneen til bandet, då dei var oppvarmingsband for Mott the Hoople, tidlegare i 1974. Mott the Hoople er nemnt spesifikt i teksten, Down in the city, just Hoople and me.

Songen vart gjeven ut i 1981 på samlealbumet Greatest Hits, og i 1997 på Queen Rocks. I mars 2005 sette magasinet Q «Now I'm Here» på 33. plassen på lista si over dei 100 beste gitarlåtane.

Konsertversjonar

«Now I'm Here» var fast på setlista til Queen og vart spelt på alle konsertane frå 1974 til den siste turneen deira i 1986. Han vart først framført på Sheer Heart Attack-turneen i Manchester den 30. oktober 1974. Songen var første gongen der QUeen nytta delay på vokalen til Mercury.

Under Sheer Heart Attack-turneen, song Mercury linja «Now I'm here» på den eine sida av scenen i mørkret og tørris, og nokre få takter seinare, song han igjen «Now I'm there», men då på andre sida av scnene, ein illusjon skapt av ein identisk kledd scenearbeidar.

Brian May fortsette å spele songen som soloartist etter at Mercury døydde i 1991. Han vart nytta som opningslåt under Queen + Adam Lambert Tour 2014–2015.

Lister

Land Plassering Veker på lista
Tyskland 25 6
Japan 87 7
Nederland 32 3
Storbritannia 11 7

Medverkande

Konsertopptak

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Now I'm Here DetaljarNow I'm Here KonsertversjonarNow I'm Here ListerNow I'm Here MedverkandeNow I'm Here KonsertopptakNow I'm Here KjelderNow I'm Here BakgrunnsstoffNow I'm HereLily of the Valley

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Det norske husNynorsk nettleksikonHege TunaalRussisk rockDiktLimequatBislett-medaljenValborgsmesseaftanMonosakkaridGange-RolvChristmasøyaFrey IIPeter BoszNasjonaldyrMalignitetPenisStorfuglLinn UllmannDonauCharlottenbergJim MorrisonSuraj i OmanMólos-Ájos KonstandínosSpaniaKumøkkAftonbladetBetasuppeWright-brørneVEnglandUsbekistanDet ukrainske alfabetetSjakkSirkelGry HammerMont Saint-MichelAsker kommunePlaneten SaturnNorske militære gradarVolda kommuneAfrikaMardalsfossenBjørnShogunSkhimatáriFridthjov AnderssenSør-AfrikaTidReese WitherspoonElon MuskPlaneten JupiterMonogamiAKjærleikHuaoraniarHarald EiaNordsamiskSvein Tore MarthinsenMikroISO 8601Voilà av Barbara PraviKevin VågenesPlaneten MarsAmazonaselvaHydrogenBjørn Arild GramEto Ne LjubovBadehusOsloDet buddhistiske livshjuletJournalistikkMagnus CarlsenIALA maritime bøyesystemBiologisk ordenUSA🡆 More