Neuruppin er ein by og kommune i landkrinsen Ostprignitz-Ruppin i delstaten Brandenburg i Tyskland med 30 000 ibuarar.
Med eit flatemål på 305,2 km² er kommunen ein av dei største i heile Tyskland.
Byen Neuruppin ligg 44 meter over havet ved Ruppin-vatnet. Etter ein bybrann i 1787 vart dei nye bygningane oppført i nyklassisk stil. Denne stilen pregar mykje av bybiletet, og gjer at byen ofte vert nemnt som den mest prøyssiske av alle byar i Preussen.
Karl Friedrich Schinkel, Theodor Fontane og Rudolf Diels var frå Neuruppin.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Neuruppin, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.