More Av Pink Floyd

More
Filmmusikkalbum av Pink Floyd
Språk engelsk
Utgjeve 13. juni 1969
Innspelt 1. februar – 31. mai 1969
Studio Pye Studios i London
Sjanger Psykedelisk rock
Lengd 45:00
Selskap
  • EMI Columbia
  • Tower
Produsent Pink Floyd
Pink Floyd-kronologi 
A Saucerful of Secrets
(1968)
More Ummagumma
(1969)

Singlar frå More
  1. «The Nile Song» / «Ibiza Bar»
    Utgjeve: 1969
  2. «Main Theme»
    Utgjeve: 27. juli 1969

More (utgjeve i USA om Original Motion Picture Soundtrack from the film More) er det første filmmusikkalbumet og det tredje studioalbumet til det engelske rockebandet Pink Floyd. Det kom ut 13. juni 1969 i Storbritannia på EMI Columbia og 9. august 1969 i USA på Tower Records. Det var det førte albumet heilt utan den tidlegare frontmannen Syd Barrett og musikken vart laga for filmen frå 1969 med same namn, som hovudsakleg vart filma på Ibiza og var regidebuten til Barbet Schroeder.

I motsetnad til føregangarane The Piper at the Gates of Dawn (1967) og A Saucerful of Secrets (1968), fekk More blanda kritikk frå musikkpressa.

Innspeling

More er eit psykedelisk rock-album med some akustiske viser, ein sjanger som Pink Floyd var lite innom seinare. Det inneheld òg nokre av dei «tyngste» innspelingane deira, som «The Nile Song» og «Ibiza Bar», og fleire instrumentalar med eksperimentell og avantgarde stil.

Dette er det første fulle albumet til Pink Floyd utan Syd Barrett, som vart sparka frå gruppa i 1968 under innspelinga av A Saucerful of Secrets. Det er eit av berre tre Pink Floyd-album med David Gilmour som den einaste solovokalisten, og er òg det første albumet dei spelte inn utan Norman Smith som produsent. More vart spelt inn i Pye Studios i Bryanston Street i London W1 med lydteknikaren Brian Humphries.

To songar er med i filmen, men ikkje på albumet: «Seabirds» og «Hollywood». Desse songane, og to andre songar frå innspelinga, «Theme (Beat Version)» og «More Blues (Alternative Version)», kom ut i 2016 i plateboksen The Early Years 1965–1972. «Seabirds» er likevel ikkje den same songen som i filmen, men ei omarbeiding av «Quicksilver». Alle songane på albumet er faktisk spelte inn på nytt, og er ofte heilt forskjellige frå versjonane ein kan høyre i filmen.

Utgjeving og mottaking

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusicMore Av Pink Floyd More Av Pink Floyd More Av Pink Floyd More Av Pink Floyd More Av Pink Floyd 
The Daily TelegraphMore Av Pink Floyd More Av Pink Floyd More Av Pink Floyd More Av Pink Floyd More Av Pink Floyd 
Encyclopedia of Popular MusicMore Av Pink Floyd More Av Pink Floyd More Av Pink Floyd More Av Pink Floyd More Av Pink Floyd 
MusicHound1/5
The Rolling Stone Album GuideMore Av Pink Floyd More Av Pink Floyd More Av Pink Floyd More Av Pink Floyd More Av Pink Floyd 

More nådde niandeplassen på den britiske albumlista og då det kom ut på ny i 1973 nådde det 153. plassen på lista i USA. I 1987 kom albuet på CD. Ei digitalt ommastra utgåve kom ut i 1995.

Sidan 1995 har tittelen på albumet vore Music from the Film More (I USA: Music from the Motion Picture More). Dette var det siste av tre Pink Floy-album som vart gjeven ut i USA på Tower Records-etiketten til Capitol Records. Den amerikanske utgåva frå 1973 kom ut på Harvest Records.

More fekk stort sett negative meldingar frå kritikarane. The Daily Telegraph likte albumet, medan AllMusic var middels nøgd. MusicHound og Rolling Stone var ganske negative og førstnemnde gav berre ei av fem stjerner.

Songar

Cirrus Minor

Opningssporet er skriven av Roger Waters og David Gilmour, og er ein roleg ballade med akustisk gitar og orgel. Songen opnar med fuglelydar og glir etter kvart inn i første vers. Det er ingen trommer på songen, som har ein uvanleg akkordsekvens: Em, Eb aug, G, C#m7, C7, Cm7 og H7, bygd kring ei kromatisk fallande basslinje. Mot slutten av songen er det ein lang og roleg orgelsolo, som i stil liknar ein del på «Celestial Voices»-partiet frå «A Saucerful of Secrets».

Fuglesongen i byrjinga av songen er frå ei innspeling frå 1961 kalla «Dawn Chorus» og singelen ein kan høyre over orgelpartiet er ein nattergal frå 1961. Truleg hadde bandet funne desse opptaka i lydbiblioteket til EMI.

The Nile Song

Dette er ein av få heavy metal-songar av Pink Floyd, i lag med mellom anna «Young Lust» frå The Wall. Songen er skriven av Roger Waters, og er ein av få Pink Floyd-songar som ikkje inneheld tangentinstrument. Sporet «Ibiza Bar», som òg finst på albumet, er nesten ein reprise av denne songen. Enkelte folk har til og med kalla songen ein av dei aller første heavy metal-songane, og han har mange element frå denne sjangeren, som skrikande vokal, drivande trommer og tunge riff, i tillegg til ein ekstra snert. Songen vart gjeven ut som singel i Europa med «Ibiza Bar» som b-side, men ikkje i heimlandet Storbritannia, og kom òg ut på samlealbumet Relics.

The Crying Song

Songen er ein roleg ballade med drøymande vokal av David Gilmour. Songen er nesten som ei vanleg vise, bortsett frå den andre akkorden, som er ein D dur med ein forminska kvint. Ein forminska kvint vert kalla ein blåtone i jazz, og vert mykje brukt i raske soloar eller i langsame jazzballadar. I denne samanhengen gjev akkorden derimot ei disharmonisk kjensle, varer ein heilt takt og skapar ein draumeaktig og surrealistisk atmosfære. Songen startar med vibrafon spelt av Rick Wright. David Gilmour spelar akustisk gitar som følgjer vokalmelodien.

Songen vart aldri spelt på konsertar.

Up the Khyber

Instrumentalen er skriven av Nick Mason og Richard Wright, og er i praksis ein trommesolo med hektisk pianospeling og uvanlege lydeffektar. Songen vart spelt på konsertar i samband med konseptet The Man and the Journey i ei litt anna form, der han hadde namnet «Work».

Tittelen er ein grov spøk sidan «Khyberpasset» på Cockney-slang tyder «ræv».

Green is the Colour

Songen er ei roleg vise, som det er fleire av på More. Songen byrjar med akustisk gitar, bass og etnisk fløytespel før første vers, og etter kvart kjem pianoet til Wright inn. Songen inneheld ikkje trommer. Fløyta vert spelt av den dåverande kona til Nick Mason, Lindy. I songsyklusen The Man and The Journey vart songen kalla «The Beginning» og vart framført under The Journey.

Han vart spelt mykje på konsertar i perioden 1969-1971, og ofte som songen før «Careful with That Axe, Eugene». Songen vart spelt for siste gongen under den korte turneen deira i Japan og Australia i august 1971. Songen vart seinare spela av Nick Mason's Saucerful of Secrets.

Cymbaline

Songen omhandlar eit mareritt, og vart kalla «Nightmare» då songen vart spelt på konsertar i samband med songsyklusen The Man and the Journey. På filmversjonen av songen er det Waters og ikkje Gilmour som syng songen. Teksten i filmversjonen er òg flytta litt om på.

Songen har eit enkelt arrangement med akustisk gitar, bass, piano, trommer, bongotrommer og Farfisaorgel. Orgelet kjem først inn under Gilmour sin scatsolo. Songen vart mykje spelt på konsertar frå 1969 til 1971. Her måtte Wright stort sett spele songen på orgel, sidan dei sjeldan hadde piano med seg. Gilmour spelte som regel elektrisk gitar, og hadde ofte ein solo over scatsoloen. I det som er slutten av albumversjonen endra dei skala frå Em til Hm på konsertane, og etter denne endringa presenterte bandet marerittet med ei rekkje lydeffektar (som skritt, knirkande dører, eksplosjonar og anna). Desse lydane vart presentert ved hjelp av ein såkalla Azimuth co-ordinator, den første versjonen av eit kringlydsystem, og på den måten vart publikum omringa av lydane.

Pink Floyd spelte "Cymbaline" frå tidleg i 1969 fram til den siste konserten deira i 1971, og var den songen dei spelt lengst av songane frå More. Han vart droppa får setlista i lag med "Fat Old Sun" og "Embryo" då dei byrja å spele tidlege utgåver av The Dark Side of the Moon.

Party Sequence

Dette sporet er ein kort instrumental med stort sett berre bongotrommer i lag med etnisk fløytespel. Fløyta speler melodien til "Seabirds". Igjen var det kona til Nick Mason, Lindy, som spelte fløyte.

Main Theme

Denne instrumentalen har visse likskapstrekk med «A Saucerful of Secrets», både med dei djupe cymbalane i introen og orgelspelet som kjem inn kort etter. Etter kvart glir derimot dette over i ein meir strukturert song med ei basslinje som kan likne ein sakte versjon av «Let There Be More Light» frå A Saucerful of Secrets. I lag med «Cymbaline» er kanskje denne songen meir typisk for Pink Floyd på denne tida enn resten av albumet.

Ibiza Bar

Songen er svært lik «The Nile Song», men i motsetnad til denne inneheld han orgel av Rick Wright. Begge desse songane er variantar av tidleg heavy metal, og «Ibiza Bar» var òg brukt som b-side til singelutgåava av «The Nile Song».

More Blues

Songen høyrest i utgangspunktet ut som ein vanleg bluessong, og startar med bass, gitar og orgel. Etter kvart kjem trommene inn, men spelar berre ein takt og to før dei stoppar opp igjen. Slik held det fram gjennom store delar songen der trommene startar og stoppar, men aldri kjem skikkeleg i gang.

Quicksilver

Songen inneheld stort sett berre skumle lydeffektar og andre konkret musikk-teknikkar, som seinare vart eit kjennemerke for bandet. Instrumentalen er det lengste sporet på albumet med litt over sju minutt, men vart spelt i ei kortare form på konsertar, og som ein del av songsyklusen The Man and the Journey, der han hadde namnet «Sleep».

A Spanish Piece

Dette er ein kort liten song med spanskliknande gitar av Gilmour, i tillegg til ein stereotypisk tale av Gilmour med spansk, lespande aksent.

Dramatic Theme

Den siste songen på albumet er ein instrumental, som i stil minnar om både «Main Theme» og songen «A Saucerful of Secrets».

Innhald

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Cirrus Minor»Waters5:18
2.«The Nile Song»Waters3:26
3.«Crying Song»Waters3:33
4.«Up the Khyber» (instrumental)Mason, Wright2:12
5.«Green Is the Colour»Waters2:58
6.«Cymbaline»Waters4:50
7.«Party Sequence» (instrumental)Waters, Wright, Gilmour, Mason1:07
Total lengd:23:24
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Main Theme» (instrumental)Waters, Wright, Gilmour, Mason5:27
2.«Ibiza Bar»Waters, Wright, Gilmour, Mason3:19
3.«More Blues» (instrumental)Waters, Wright, Gilmour, Mason2:12
4.«Quicksilver» (instrumental)Waters, Wright, Gilmour, Mason7:13
5.«A Spanish Piece»Gilmour1:05
6.«Dramatic Theme» (instrumental)Waters, Wright, Gilmour, Mason2:15
Total lengd:21:32

Medverkande

    Andre medverkande
  • Lindy Mason – tinnflføyte (5, 7)
  • Brian Humphries – lydteknikar
  • Hipgnosis – design
  • James Guthrie – tilsyn ved ommastering
  • Doug Sax – ommastering

Salslister

Liste (1969) Plassering
Nederlandske album (MegaCharts) 14
Den franske albumlista (SNEP) 2
Britiske album (OCC) 9
Liste (1973) Plassering
US Billboard 200 153
Liste (2011) Plassering
Franske album (SNEP) 128

Kjelder

Tags:

More Av Pink Floyd InnspelingMore Av Pink Floyd Utgjeving og mottakingMore Av Pink Floyd SongarMore Av Pink Floyd InnhaldMore Av Pink Floyd MedverkandeMore Av Pink Floyd SalslisterMore Av Pink Floyd KjelderMore Av Pink Floyd

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

SpeleautomatGediminas KirkilasNellikrevolusjonenØrnRundiQurayyat i OmanAmazonaselvaBrunKim HaugenKreklingGardasjøenRagnhild BrochmannRadioaktiv strålingBjørkefinkDen siste istidaAsbjørnsen og MoeOmanMarie AntoinetteVictoria av SverigeSekulærThessaliótidaPadleneRagnar LodbrokDet indiske kastesystemetKoalaArminianismeSamfunnAnette HoffGruppa KroviSperkhiádaJerpeSiderSigmaHypoteseOperatunnelenHuaoraniarHeerenveenFurieNoregMetroen i MoskvaTorstein BaeProvinsar i OmanBjørnstjerne BjørnsonIKEALibanonMerlionKonflikten mellom Wergeland og WelhavenGrand CanyonIALA maritime bøyesystemVefsnmålFridthjov AnderssenItaliensk salatKarl Ove KnausgårdDet finske riksvåpenetSvartehavetMargrethe RøedNasjonaldrikkSamuel MassiePikoBislett-medaljenSamisk kulturFirenzeMorellYafaHaltiSamisk språkhistorieMjøsaSolgangsbrisSvalSatIndre KvarøyDinosaurarURL🡆 More