Pye Records

Pye Records er eit britisk plateselskap.

Pye sine mest kjende artistar var Lonnie Donegan (1956-69), Petula Clark (1957-71) og The Kinks (1964-71). Selskapet bytte namn i 1980, men tok namnet tilbake i 2006.

The Pye Company selde opphavleg TV- og radioapparat. Selskapet kjøpte opp Nixa Records i 1953 og hamna slik i platebransjen. I 1955 kjøpte selskapet opp Polygon Records, eit selskap som hadde far til Petula Clark i kontroll over distribusjonen av platene hennar. Dermed oppstod Pye Nixa Records. I 1959 vart namnet endra til Pye Records, og ATV åtte 50% av selskapet. ATV kjøpte opp dei attverande aksjane i 1966. To underavdelinger oppstod, Pye Golden Guinea Records og Piccadilly Records. I 1970 lanserte Pye folk, jazz, blues og progressive artistar på Dawn Records, og den mest kjende artisten der var Mungo Jerry.

Då namnerettane opphøyrde i 1980, endra selskapet namn til PRT Records. Katalogen hamna då i eige hos Castle Communications.

I 1958 vart Pye International Records starta. Selskapet distribuerte mange amerikanske etikettar, inkludert Chess Records, A&M Records, Kama Suttera Records, Colpix Records, Buddah Records, og King Records i Storbritannia.

I 1960 lanserte Pye lågbudsjettsetiketten Marble Arch som relanserte ei rekkje tidlegare Pye-utgjevingar.

I juli 2006 vart Pye reaktivert av Sanctuary for å utgje «indie» pop og «alternative» artistar.

Kjende artistar på Pye Records

  • Lonnie Donegan (1956-1969)
  • Petula Clark (1957-1971).
  • Joan Regan (1960-1961)
  • Donovan (1965-1971)
  • Sandie Shaw (1964-1972)
  • The Kinks (1964-1971)
  • The Searchers (1963-1967)
  • The Honeycombs (1964-1965)
  • The Ivy League (1965-1966)
  • David Bowie (1965-1966)
  • Status Quo (1968-1971)
  • Mungo Jerry (1970-1974)
  • Brotherhood of Man (1976-1978)
  • The Real Thing (1976-1979)
  • Kenny Ball and his Jazzmen
  • Chris Barber's jazzband

Kjelder

Tags:

Lonnie DoneganPetula ClarkPlateselskapThe Kinks

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Lene Westgaard-HalleMogopHauge i DalaneVictoria av StorbritanniaAbkhasiaAlderspensjonHjerneFugløyaDesiSymbol i hinduismenKommunar i SverigeFotballROBEKSvart kattFilmserien Harry PotterKjerringa med stavenNorheimsundGoogleSamvirkelagTjeldBerlinmurenJordbruksrevolusjonenStikkelsbærPeer Gynt-prisenAxetelVersaillestraktatenABBAStolen generasjonKirgisistanMidsommarBjørkefinkNatriumAfrikaSofie MarhaugAbrasivNasjonalrettZinédine ZidaneSilje NordnesSamisk kulturMexicoAserbajdsjanAn-MagrittPaparoa nasjonalparkNangijalaBergens TidendeGauderAB PartnerPenisJonsokCyanElectrolux AssistentAftonbladetFredrik SolvangTorVatikanstatenNoregsmeisterskapen i fotball for menn 1973Ja, vi elsker dette landetLundefuglPink FloydFrankrikeLangemannPiezometerSunnhordlandske ord og vendingarMarokko19. aprilPalestinaDen amerikanske grunnlovenGutzon BorglumRoland BrücknerDag HammarskjöldWienerklassisismenEmma WatsonKrøllparentesPeriferieininga Sérres🡆 More