The Dark Side Of The Moon: Studioalbum av Pink Floyd

The Dark Side of the Moon
Studioalbum av Pink Floyd
Språk engelsk
Utgjeve 1. mars 1973
Innspelt Juni 1972–januar 1973
Studio Abbey Road Studios i London
Sjanger Progressiv rock
Lengd 42:32
Selskap Harvest
Produsent Pink Floyd
Pink Floyd-kronologi 
Obscured by Clouds
(1972)
The Dark Side of the Moon Wish You Were Here
(1975)

Singlar frå The Dark Side of the Moon
  1. «Money« / »Any Colour You Like»
    Utgjeve: 7. mai 1973
  2. «Us and Them« / »Time»
    Utgjeve: 4. februar 1974

The Dark Side of the Moon er det åttande studioalbumet til den engelske rockegruppa Pink Floyd, gjeve ut 1. mars 1973 på Harvest Records. Det vart hovudsakleg utvikla under konsertframføringar og bandet hadde première på ei tidleg utgåve fleire månader før innspelingane av albumet byrja. Nytt materiale vart spelt inn i løpet av to periodar i 1972 og 1973 i Abbey Road Studios i London.

Plata byggjer på idear som vart utforska på tidlegare innspelingar og framføringar av Pink Floyd, men hadde ikkje med dei lange instrumentalane som karakteriserte dei tidlegare albuma deira. Det er eit konseptalbum som utforskar konflikt, grådigskap, tid, død og galskap. Sistnemnde var dels inspirert av helsa til det opphavlege medlemmet Syd Barrett, som slutta i gruppa i 1968. Gruppa bukte avanserte innspelingsteknikkar for si tid, inkludert fleirsporsinnspeling, lydbandsløyfer og analoge synthesizerar. Det vart òg nytta klipp frå intervju med scenemannskapet til bandet, i tillegg til filosofiske sitat. Lydteknikaren Alan Parsons var ansvarleg for mange av del lydmessige aspekta og henta inn songaren Clare Torry, som syng på «The Great Gig in the Sky». Det ikoniske omslaget, som syner eit prismespektrum, var designa av Storm Thorgerson, etter at klaverspelaren Richard Wright føreslo «noko enkelt og tydeleg» som representerte lysshowet til bandet og temaet på plata. Det vart gjeve ut to singlar frå albumet: «Money» og «Us and Them».

The Dark Side of the Moon fekk god kritikk då det kom og har sidan blitt hylla av kritikarar som eit av dei beste albuma gjennom tidene. Albumet gjekk til topps på den amerikanske Billboard Top LPs & Tape-lista (i dag kjend som Billboard 200), og har lege over 900 veker total på lista. Med eit estimert salstal på over 45 millionar eksemplar, er dette det bestseljande albumet til Pink Floyd og eit av dei bestseljande albuma gjennom tidene. Albumet vart det store internasjonale gjennombrotet til Pink Floyd og gjorde dei fire medlemmane til kjendisar og førte med seg stor velstand. Plata har blitt ommastra og gjeve ut fleire gonger.

Bakgrunn

Etter Meddle kom ut i 1971, drog Pink Floyd på turné i Storbritannia, Japan og USA i desember det året. I eit bandmøte heime hos trommeslagaren Nick Mason i Camden, føreslo bassisten Roger Waters at dei kunne skape eit nytt album under turneen. Ideen til Waters var at albumet skulle handle om saker som «gjorde folk galne», og fokusere på det strevsame bandet opplevde i den krevjande livsstilen sin og handsame dei tilsynelatande psykiske problema som det tidlegare medlemmet Syd Barrett sleit med. Bandet hadde utforska ein liknande idé med songsyklusane The Man og The Journey. I eit intervju for Rolling Stone sa gitaristen David Gilmour: «Eg trur me alle tenkte - og Roger definitivt tenkte - at mange av tekstane våre var litt for indirekte. Det var definitivt ei kjensle om at tekstane skulle bli særs tydelege og spesifikke.»

Generelt var alle dei fire medlemmane samde om at albumkonseptet til Waters om eit enkelt tema var ein god idé. Waters, Gilmour, Mason og klaverspelaren Richard Wright deltok alle i låtskrivinga og var alle produsentar på innspelingane. Waters skapte nokre tidlege demoversjonar heime i Islington i eit lite studio han hadde bygd i eit hageskur. Delar av det nye albumet var basert på tidlegare materiale dei ikkje hadde nytta. Opningslinja i «Breathe» kom frå ein tidlegare song av Waters og Ron Geesin, skriven for filmmusikken til The Body, og hovudstrukturen på «Us and Them» kom frå ein original komposisjon av Wright for Zabriskie Point. Bandet øvde i eit lager i London eigd av The Rolling Stones, og så i Rainbow Theatre i Finsbury Park i London. Dei kjøpte òg ekstra utstyr, mellom anna høgtalaranlegg, ein 28-spors miksepult med fire kanalars kvadrofonisk lyd og ein spesialbygd lysrigg. Ni tonn med utstyr vart transportert i tre lastebilar. Dette var førte gongen bandet hadde teke eit heilt album med seg på turné. Albumet fekk den provisoriske tittelen Dark Side of the Moon (som viste til galskap, og ikkje astronomi). Men etter å ha oppdaga at tittelen alt var teken i bruk av eit anna band, Medicine Head, vart tittelen mellombels endra til Eclipse. Det nye materiale hadde première i The Dome i Brighton, 20. januar 1972, og etter at Medicine Head-album selde dårleg, vart albumtittelen endra attende til det originale forslaget.

The Dark Side Of The Moon: Bakgrunn, Konsept, Innspeling 
Rainbow Theatre i London, der The Dark Side of the Moon vart framført for pressa i 1972.

Dark Side of the Moon: A Piece for Assorted Lunatics, som det då vart kalla, vart framført for eit samla pressekorps den 17. februar 1972 – meir enn eitt år før det kom ut - på Rainbow Theatre, og fekk god kritikk. Michael Wale i The Times skreiv at stykket «gav meg tårer i augo. Det var så fullstendig forståeleg og musikalsk spørjande.» Derek Jewell i The Sunday Times skreiv «Ambisjonane til dei kunstnariske intensjonane til Floyd er no enorme.» Melody Maker var mindre entusiastisk: «Musikalsk var der nokre gode idear, men lydeffektane fekk meg stundom til å lure på om eg var i eit fuglebur i dyrehagen i London.» Den følgjande turneen fekk mykje god omtale. Det nye materialet vart framført i same rekkjefølgje som det kom til å bli på albumet. Skilnadane var mangel på synthesizer på spor som «On the Run», og Bibel-vers vart erstatta av vokalen til Clare Torry på «The Great Gig in the Sky».

Den lange turneen gjennom Europa og Nord-Amerika gav Pink Floyd høve til å stadig gjere forbetringar på songane. Arbeidet på albumet vart lagt på is seint i februar då bandet reiste til Frankrike og spelte inn musikk for filmen til den franske regissøren Barbet Schroeder, La Vallée. Dei spelte så i Japan og drog attende til Frankrike i mars for å fullføre filmmusikken. Etter ei rekkje konsertar i Nord-Amerika flydde bandet til London for å byrje innspelinga, frå 24. mai til 25. juni. Fleire konsertar i Europa og Nord-Amerika følgde før bandet drog attende i studio 9. januar 1973 for å fullføre albumet.

Konsept

The Dark Side of the Moon bygde på eksperiment Pink Floyd hadde testa ut på tidlegare konsertar og innspelingar, men mangla dei lange instrumentalane, som i følgje kritikaren David Fricke hadde blitt karakteristisk for bandet etter at Syd Barrett slutta i 1968. Gilmour, erstattaren til Barrett, omtalte seinare desse instrumentalane som «dei psykedelisk improviserte greiene», og Waters omtalte Meddle frå 1971 som vendepunktet mot det som vart realisert på albumet. Tekstane på The Dark Side of the Moon omhandlar konflikt, grådighet, tida som går, død og galskap. Sistnemnde var dels inspirert av den stadig verre mentale tilstanden til Barrett. Fleire spor på albumet har element av musique concrète.

Kvar side av albumet er eit kontinuerleg stykke musikk. Dei fem spora på kvar side reflekterer forskjellige stadium i livet til menneske og byrjar og sluttar med ein hjarterytme, utforskar det karakteristiske ved å vere eit menneske, og (i følgje Waters) «empati». «Speak to Me» og «Breathe» understrekar i lag dei kvardagslege og nyttelause elementa i livet som følgjer den evigvarande trugselen om galskap, og tydinga av å leve sitt eige liv – «Don't be afraid to care». Ved å flytte miljøet til ein flyplass skapar den synthesizer-drivne, instrumentale «On the Run» stresset og angsten ein kjenner på når ein reiser, særskild Wright sin flyskrekk. «Time» utforskar korleis livet raskt kan gå for fort og vere over før ein er klar over det, og bruker alarmklokker i starten for vekke lyttaren. Denne vert følgd av å trekkje seg attende i einsemd i «Breathe (Reprise)». Den første sida endar med Wright og vokalisten Clare Torry sin sjelfulle dødsmetafor, «The Great Gig in the Sky», som hadde arbeidstittelen «The Mortality Sequence».

Andre sida opnar med lyden av eit kasseapparat og myntar i «Money», og gjer narr av grådigskap og erklærer at det er «rota til all vondskap» i dag. «Money» vart den mest suksessrike songen på albumet salsmessig sett og er blitt spelt av mange andre artistar. «Us and Them» omhandlar konfliktar mellom personar, galskapen med krig og framandhat. Meininga i «Any Colour You Like», som er ein instrumental, er noko uklår, men ein meiner at han representerer frykta for å ta avgjersler. Songtittelen kom som følgje av svaret ein av lydteknikarane ofte gav til bandet når han blei bedt om noko: «Du kan få det i kva farge du vil», som er ein referanse til Henry Ford si skildring av Model T-bilen: «Du kan få han i kva farge du vil, så lenge han er svart». «Brain Damage» ser på ei psykisk liding som følgje av behovet for ry og og suksess over behovet for å ta vare på seg sjølv. Særleg linja «and if the band you're in starts playing different tunes» syner til nervesamanbrotet til den tidlegare kollegaen Syd Barrett. Albumet endar med «Eclipse», som skildrar den verkelege essensen i mennesket gjennom kva innverknad ein har hatt på kvarandre.

Innspeling

The Dark Side Of The Moon: Bakgrunn, Konsept, Innspeling 
Abbey Road Studios

Albumet vart innspelt i Abbey Road Studios i to periodar, mellom mai 1972 og januar 1973. Bandet fekk med seg lydteknikaren Alan Parsons, som var tilsett i Abbey Road, og hadde vore assisterande lydbandoperatør på Atom Heart Mother, og som hadde fått erfaring som lydteknikar på The Beatles-albumet Abbey Road og Let It Be. Innspelinga brukte somme av dei mest avanserte studioteknikkane som var å oppdrive på den tida. Studioet kunne handsame 16-sporsmiksar, som gav dei større fridom og fleksibilitet enn dei gamle 8- og 4-sporsmiksane dei tidlegare hadde brukt, sjølv om bandet ofte brukte så mange spor at dei måtte bruke andregenerasjonskopiar.

Frå 1. juni var «Us and Them» det første sporet som vart spelt inn, etterfølgd av «Money» seks dagar seinare. Waters hadde skapt lydbandsløyfer med myntar som han t.d. hadde kasta i ein keramikkbolle frå kermaikkverkstaden til kona. Desse effektane vart seinare spelt inn på nytt for å kunne lage ein kvadrofonisk miks av albumet (Parsons har sidan vore misnøgd med denne miksen, sidan dei mangla tid og hadde for få tilgjengeleg spor på lydbandopptakaren). «Time» og «The Great Gig in the Sky» var dei neste som vart spelte inn, etter ein to månader lang pause, der bandet var med familiane sine og førebudde ein komande turné til USA. Innspelingane vart ofte forstyrra. Waters, som var fan av Arsenal F.C., drog ofte for å sjå laget sitt spele, og bandet stoppa stundom for å sjå på Monty Python's Flying Circus på fjernsyn, medan Parsons arbeidde på materialet dei hadde spelt inn til då. Gilmour har sidan sagt at dette var feil og sa i eit intervju i 2003: «Me såg stundom på dei, men var me i gang og hadde flyten så fortsette me.»

The Dark Side Of The Moon: Bakgrunn, Konsept, Innspeling 
EMS VCS 3 (Putney) synthesizer

Då dei kom attende frå USA i januar 1973, spelte dei inn «Brain Damage», «Eclipse», «Any Colour You Like» og «On the Run», medan dei fininnstilte arbeidet dei hadde gjort året før. Fire kvinnelege koristar vart henta inn for å syngje på «Brain Damage», «Eclipse» og «Time», og saksofonisten Dick Parry vart hyrt til å spele på «Us and Them» og «Money». Regissøren Adrian Maben var i studio for å filme bandet for Pink Floyd: Live at Pompeii. Då innspelinga var fullført, la bandet ut på turné i Europa.

Instrumentering

Albumet opnar med taktfaste lydeffektar på «Speak to Me», og dei brukte lydbandsløyfer i opninga på «Money». Mason skapte ein uferdig versjon av «Speak to Me» heime hos seg sjølv, før han gjorde det ferdig i studio. Sporet fungerer som ein overture og kryssfader forskjellige element av andre songar på albumet. Ein pianoakkord, spelt baklengs, er med på å byggje opp effektane, som går rett over i «Breathe». Mason står, for ein sjeldan gang, som einaste komponist på «Speak to Me».

Lydeffektane på «Money» vart skapt ved å spleise saman Waters sine innspelingar av klirrande myntar, papir som vert rive, eit kasseapparat og ein klikkande kalkulator, som vart nytta til å lage ein 7-takts effektsløyfe (seinare tilpassa til fire spor for å skape ein «kringlyd»-effekt på kvadrofoniske utgåver av albumet). Stundom førte dei lydmessige eksperimenta på albumet til at lydteknikarane og bandet måtte operere kontrollane på miksepulten samstundes, for å kunne mikse ned dei intrikate fleirsporsinnspelingane av fleire av songane (særskild «On the Run»).

I lag med vanlege rockeinstrument, nytta Pink Floyd mykje synthesizer i lydbiltetet sitt. Til dømes eksperimenterte bandet med ein EMS VCS 3 på «Brain Damage» og «Any Colour You Like», og ein Synthi A på «Time» og «On the Run». Dei brukte òg uvanlege lydar, som lyden av ein assisterande lydteknikar som sprang rundt i ekkokammeret i studioet (under «On the Run»), og ei særskild handsama basstromme som vart nytta til å simulere ein hjarterytme (under «Speak to Me», «On the Run», «Time» og «Eclipse»). Denne hjarterytmen er mest markant i byrjinga og slutten på albumet, men kan òg høyrast sporadisk på «Time» og «On the Run». «Time» inneheld forskjellige lydar av klokker som tikkar og ringjer samstundes i byrjinga av songen, akkompagnert av ei rekkje Rototom-trommer. Innspelinga av klokkene vart opphavleg skapt som ein kvadrofonisk test av Parsons, som spelte inn kvar klokke i ein gammal klokkeforretning. Sjølv om desse innspelingane ikkje vart skapt spesifikt for albumet, hamna element av dette til slutt på sporet.

Stemmer

Fleire spor, som «Us and Them» og «Time», synte den flotte harmonivokalen til Richard Wright og David Gilmour. I Classic Albums-dokumentaren The Making of The Dark Side of the Moon frå 2003, meinte Waters at dette kom av at stemmene deira er særs like. For å utnytte dette, nytta Parsons studioteknikkar som dobbelsporing av vokal og gitar, som let Gilmour harmonisere med seg sjølv. Lydteknikaren nytta òg mange effektar som flanging og faseskifting på vokal og instrument og klang, og panorere lydane mellom kanalane (mest merkbart på den kvadrofoniske miksen av «On the Run», der lyden av Hammond B3-orgelet gjennom ein Leslie-høgtalar raskt snurrar rundt lyttaren).

Clare Torry, som var ein studiosongar og låtskrivar, vart etter kvart oppført som låtskrivar på albumet Ho hadde arbeidd på mange coversongalbum, og Parsons inviterte ho i studio etter å ha høyrt eitt av desse albuma for å syngje på Wright-komposisjonen «The Great Gig in the Sky». Ho avslo denne invitasjonen fordi ho skulle sjå Chuck Berry spele på Hammersmith Odeon, men det vart arrangert slik at ho fekk kome søndagen etter. Bandet forklarte konseptet bak albumet, men klarte ikkje å fortelje ho nøyaktig kva ho skulle gjere. Gilmour hadde ansvaret for innspelinga og i løpet av eit par korte forsøk denne søndagskvelden improviserte Torry ein ordlaus melodi i lag med den kjensleframkallande pianosoloen til Wright. Ho var først flau over den ofselege synginga hennar i opptaksrommet og ønskte å orsake til bandet, men dei var særs nøgd med framføringa hennar. Opptaka hennar vart så redigert til versjonen dei nytta på sporet. Ho vart betalt 30 britiske pund for jobben. I 2004 saksøkte ho EMI og Pink Floyd for 50 % av låtskrivarhonorara, og hevda at bidraga hennar til «The Great Gig in the Sky» var viktige nok til at ho kunne reknast som medlåtskrivar. Saka vart løyst utafor retten for ein ukjend sum og alle utgjevingar etter 2005 har både Wright og Torry oppført som låtskrivarar på songen.

The Dark Side Of The Moon: Bakgrunn, Konsept, Innspeling 
Clare Torry i 2003

Klipp av stemmer mellom og over musikken er eit anna kjenneteikn ved albumet. Under innspelinga fekk Waters folk som jobba i eller vitja studioet til å svare på ei rekkje spørsmål han fekk trykt på nokre kort. Dei som vart intervjua vart sett føre ein mikrofon i eit mørklagt Studio 3, og vist spørsmål som «Kva er favorittfargen din?» og «Kva er favorittmaten din?», før dei gjekk til tema som var meir sentrale for albumet (som galskap, vald og død). Spørsmål som «Når var du sist valdeleg?», vart følgd opp med «Var det riktig av deg?», og dei vart svarte på i den rekkjefølgja dei vart presenterte. Roger «The Hat» Manifold viste seg å vere vanskeleg å finne og var den einaste bidragsytaren som vart tatt opp i eit vanleg, sitjande intervju, sidan spørsmålskorta då hadde forsvunne. Waters spurte han om eit valdeleg møte han hadde hatt med ein annan bilist og Manifold svarte «... give 'em a quick, short, sharp shock ...» Då han vart spurt om døden svarte han «live for today, gone tomorrow, that's me ...» Ein annan scenearbeidar, Chris Adamson, som var på turné med Pink Floyd, seier setninga som opnar albumet: «I've been mad for fucking years – absolutely years». Turnémanagerne deira Peter Watts (far til skodespelaren Naomi Watts) bidrog med latteren ein kan høyre under «Brain Damage» og «Speak to Me». Den andre kona hans, Patricia «Puddie» Watts (i dag Patricia Gleason), kom med linja om «geezer»-en om var «cruisin' for a bruisin'» som ein kan høyre mellom «Money» og «Us and Them», og orda «I never said I was frightened of dying» som ein kan høyre halvvegs ut i «The Great Gig in the Sky».

Det kanskje mest kjende svara er «I am not frightened of dying. Any time will do: I don't mind. Why should I be frightened of dying? There's no reason for it – you've got to go sometime» og dei siste orda «there is no dark side in the moon, really. As a matter of fact it's all dark» som kom frå den irske dørvakta i studioet, Gerry O'Driscoll. Paul og Linda McCartney vart òg intervjua, men dei «prøvde for hardt å vere morosam» så svara deira vart ikkje nytta på albumet. McCartney sin bandkollega i Wings, Henry McCullough, bidrog med linja «I don't know, I was really drunk at the time».

Fullføring

Etter dialoginnpelingane var ferdiginnspelte, vart produsenten Chris Thomas henta inn som «eit par friske øyre». Thomas hadde bakgrunnen innan musikk og ikkje som lydteknikar. Han hadde arbeidd med Beatles-produsenten George Martin, og var ein Pink Floyd-manageren Steve O'Rourke kjende. Alle dei fire medlemmane i bandet var usamde om korleis albumet skulle miksast, der Waters og Mason føretrekte ein «tørr» og «rein» miks som brukte meir av dei ikkje-musikalske elementa, medan Gilmour og Wright føretrekte ein lettare miks med meir romklang. Thomas hevda seinare at det ikkje var slike usemjer og sa «Eg kan ikkje hugse at Roger ein einaste gong bad om mindre ekko. Faktisk var det ingen hint om at dei seinare kom til å bli uvener. Det var ein særs kreativ atmosfære. Mykje moro.» Sjølv om sanninga er uklår vart mellomkomsten til Thomas ønska velkomen av Waters og Gilmour som begge vart særs nøgd med sluttproduktet. Thomas fekk gjort signifikante endringar på albumet, inkludert perfekt timing av ekkoet som vart brukt på «Us and Them». Han var òg til stades under innspelinga av «The Great Gig in the Sky» (sjølv om det var Parsons som var ansvarleg for å hente inn Torry). I eit intervju i 2006, då han vart spurt om han følte han hadde oppnådd måla sine i studioet, sa Waters:

« Då plata var ferdig tok eg eit lydband med plata med heim og spelte det for kona mi, og eg hugsar at ho hadde tårer i andletet då det var over. Og eg tenkte «Dette har tydelegvis treft eit ømt punkt» og eg var på eit vis nøgd med det. Du veit du har gjort noko bra, i alle fall når du skaper musikk, når du høyrer det med friske øyre når du spelar det for nokon andre. Og eg tenkte då for meg sjølv «Wow, dette er eit ganske fullstendig verk», og eg hadde stor tiltru til at folk ville reagere på det. »

Innpakking

The Dark Side Of The Moon: Bakgrunn, Konsept, Innspeling 
Plateomslaget syner lys som refrakterer frå eit triangulært prisme.

Eg følte at heile bandet arbeidde i lag. Det var ei kreativ tid. Me var alle særs opne.

– Richard Wright

Albumet vart opphavleg gjeve ut i eit dobbeltfalsa omslag designa av Hipgnosis og George Hardie. Hipgnosis hadde designa dei fleste av dei tidlegare plateomslaga til bandet, med kontroversielle resultat. EMI hadde reagert med forvirring då dei vart presentert for plateomslaga til Atom Heart Mother og Obscured by Clouds, sidan dei hadde venta å sjå tradisjonelle design med bokstavar og ord. Designarane Storm Thorgerson og Aubrey Powell kunne ignorere slik kritikk, sidan dei var leigd inn av bandet. For The Dark Side of the Moon, instruerte Richard Wright dei til å kome opp med noko «smartare, reinare – med meir klasse». Designet var inspirert av eit fotografi av eit prisme med fargestrålar gjennom som Thorgerson hadde funn i ei fotografibok.

Kunstverket vart skapt av ein ven av dei, George Hardie. Hipgnosis tilbaud bandet sju forskjellige design, men alle fire medlemmane var samde om at prisme-biletet var det klårt beste. Det endelege designet syner eit glasprisme som spreier ei lysstråle til eit fargespektrum. Designet representerer tre element: scenelysa til bandet, tekstane på albumet og Wright sitt krav om eit «enkelt og tydeleg» design. Lysspekteret går gjennom innsida av omslaget òg - ein idé Waters kom opp med. Kort tid etter vart stråla på innsida endra slik at det førestelte ein hjarterytme. På baksida av albumet føreslo Thorgerson at eit anna prisme kombinerte det farga lyset til ei enkel lysstråle att. Lysbandet som stråler frå prismet på plateomslaget har seks fargar, og manglar indigo samanlikna med den tradisjonelle inndelinga av spekteret i raud, oransje, gul, grøn, blå, indigo og fiolett. Inne i omslaget var to plakatar og to pyramide-prega klistermerke. Ein plakat synte bandet på scenen med spreidde bokstavar som stava Pink Floyd, og det andre var eit infraraudt fotografi av Pyramidane i Giza, skapt av Powell og Thorgerson.

Bandet var så sikre på at tekstane til Waters var bra at dei for første gangen trykte dei på plateomslaget.

Utgjeving

Retrospective professional ratings
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusicThe Dark Side Of The Moon: Bakgrunn, Konsept, Innspeling The Dark Side Of The Moon: Bakgrunn, Konsept, Innspeling The Dark Side Of The Moon: Bakgrunn, Konsept, Innspeling The Dark Side Of The Moon: Bakgrunn, Konsept, Innspeling The Dark Side Of The Moon: Bakgrunn, Konsept, Innspeling 
BillboardThe Dark Side Of The Moon: Bakgrunn, Konsept, Innspeling The Dark Side Of The Moon: Bakgrunn, Konsept, Innspeling The Dark Side Of The Moon: Bakgrunn, Konsept, Innspeling The Dark Side Of The Moon: Bakgrunn, Konsept, Innspeling The Dark Side Of The Moon: Bakgrunn, Konsept, Innspeling 
Christgau's Record GuideB
Encyclopedia of Popular MusicThe Dark Side Of The Moon: Bakgrunn, Konsept, Innspeling The Dark Side Of The Moon: Bakgrunn, Konsept, Innspeling The Dark Side Of The Moon: Bakgrunn, Konsept, Innspeling The Dark Side Of The Moon: Bakgrunn, Konsept, Innspeling The Dark Side Of The Moon: Bakgrunn, Konsept, Innspeling 
MusicHound RockThe Dark Side Of The Moon: Bakgrunn, Konsept, Innspeling The Dark Side Of The Moon: Bakgrunn, Konsept, Innspeling The Dark Side Of The Moon: Bakgrunn, Konsept, Innspeling The Dark Side Of The Moon: Bakgrunn, Konsept, Innspeling The Dark Side Of The Moon: Bakgrunn, Konsept, Innspeling 
NME8/10
QThe Dark Side Of The Moon: Bakgrunn, Konsept, Innspeling The Dark Side Of The Moon: Bakgrunn, Konsept, Innspeling The Dark Side Of The Moon: Bakgrunn, Konsept, Innspeling The Dark Side Of The Moon: Bakgrunn, Konsept, Innspeling The Dark Side Of The Moon: Bakgrunn, Konsept, Innspeling 
The Rolling Stone Album GuideThe Dark Side Of The Moon: Bakgrunn, Konsept, Innspeling The Dark Side Of The Moon: Bakgrunn, Konsept, Innspeling The Dark Side Of The Moon: Bakgrunn, Konsept, Innspeling The Dark Side Of The Moon: Bakgrunn, Konsept, Innspeling The Dark Side Of The Moon: Bakgrunn, Konsept, Innspeling 
SputnikmusicThe Dark Side Of The Moon: Bakgrunn, Konsept, Innspeling The Dark Side Of The Moon: Bakgrunn, Konsept, Innspeling The Dark Side Of The Moon: Bakgrunn, Konsept, Innspeling The Dark Side Of The Moon: Bakgrunn, Konsept, Innspeling The Dark Side Of The Moon: Bakgrunn, Konsept, Innspeling 
UncutThe Dark Side Of The Moon: Bakgrunn, Konsept, Innspeling The Dark Side Of The Moon: Bakgrunn, Konsept, Innspeling The Dark Side Of The Moon: Bakgrunn, Konsept, Innspeling The Dark Side Of The Moon: Bakgrunn, Konsept, Innspeling The Dark Side Of The Moon: Bakgrunn, Konsept, Innspeling 
The Dark Side Of The Moon: Bakgrunn, Konsept, Innspeling 
Ei framføring av The Dark Side of the Moon i Earls Court, kort tid etter albumet kom ut i 1973.
(venstre til høgre) David Gilmour, Nick Mason, Dick Parry, Roger Waters

Sidan den kvadrofoniske miksen av albumet ikkje var ferdig boikotta bandet (utanom Wright) pressemottakinga i London Planetarium den 27. februar. Gjestene vart i staden presentert av ein utskorne pappfigurar av bandet i verkeleg storleik, og stereomiksen av albumet vart presentert gjennom eit høgtalarsystem av dårleg kvalitet. Pressa var likevel generelt entusiastiske. Roy Hollingworth i Melody Maker skildra side ein som «så totalt forvirrande med seg sjølv at det var vanskeleg å følgje», men hylla side to og skreiv: «Songane, lydane, rytmane var solide og kraftige. Saksofonen strøymde ut, bandet rocka og rulla og trippa så inn i natta.» Steve Peacock i Sounds skreiv: «Eg bry meg ikkje om du aldri har høyrt ein einaste tone av musikken til Pink Floyd før, eg vil utan tvil tilråde The Dark Side of the Moon til alle saman». I meldinga si i 1973 for Rolling Stone skreiv Loyd Grossman at Dark Side «er eit bra album med rik tekstur og konsept, som ikkje berre inviterer til, men krev at du involverer deg». I Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies (1981) meinte Robert Christgau at tekstideane var ein klisjé og at musikken var pretensiøs, men kalla det eit «kitsch-meisterverk» som kan vere sjarmerande, som dialogen, saksofonen til Parry og studioeffektane som forsterka gitarsoloane til Gilmour.

The Dark Side of the Moon kom først ut i USA 1. mars 1973, og så i Storbritannia 16. mars. Han vart raskt ein suksess i Storbritannia og Vest-Europa og månaden etter hadde det seld til gullplate i USA. I mars 1973 spelte bandet albumet på den amerikanske turneen deira, mellom anna ein midnattskonsert i Radio City Music Hall i New York City den 17. mars for eit publikum på seks tusen. Albumet nådde toppen av Billboard Top LPs & Tape-lista 28. april 1973, og vart ein så stor suksess at bandet drog attende til USA for ein ny turné to månader seinare.

Selskap

Pink Floyd fekk mykje hjelp av det amerikanske plateselskapet deira, Capitol Records, til å gjere albumet til ein rask suksess i Amerika. Den nye direktøren Bhaskar Menon ønskte ikkje å gjenta dei relativt dårlege salstala til Meddle frå 1971. Samstundes var bandet misnøgd med Capitol, og bandet og manageren O'Rourke hadde i løyndom forhandla om ein ny kontrakt med CBS-direktøren Clive DavisColumbia Records. The Dark Side of the Moon var det siste albumet Pink Floyd måtte gje ut før dei formelt signerte ein ny kontrakt. Menon var entusiastisk over det nye albumet og sette i gang ein stor marknadsføringskampanje, med ein radiovenleg, nedkorta versjon av «Us and Them» og «Time». I somme land - som Storbritannnia - hadde ikkje Pink Floyd gjeve ut ein singel sidan «Point Me at the Sky» i 1968, men no vart «Money» gjeven ut på singel den 7. mai, med «Any Colour You Like» som B-side. Han nådde 13. plassen på Billboard Hot 100 i juli 1973. Det vart sendt ut ein promoversjon med kvit etikett og ein mono- og stereoversjon på kvar side til radiostasjonar. Monosida hadde ordet «bullshit» fjerna frå songen og erstatta av «bull» i staden, men stereosida var usensurert. Denne vart sidan trekt attende og ein erstatning vart sendt til stasjonane med ei melding om at dei skulle kaste den første, usensurerte versjonen. Den 4. februar 1974 vart ei dobbel A-side-singel med «Time» på den eine sida og «Us and Them» på den andre. Menon sine forsøk på å sikre ny kontrakt med Pink Floyd gjekk ikkje og tidleg i 1974 signerte bandet for Columbia for eit forskot på ein million dollar (i Storbritannia og Europa var dei framleis representerte av Harvest Records).

Salstal

The Dark Side of the Moon vart eit av dei bestseljande albuma gjennom tidene og er på topp 25 på ei liste over dei bestseljande albuma i USA. Sjølv om det berre låg på toppen av Billboard-lista i USA i ei veke, låg det inne på lista i 741 veker frå 1973 til 1988. Albumet gjekk inn på lista att då lista Top Pop Catalog Albums vart innført i mai 1991 og har vore sporadisk på lista sidan då. I Storbritannia er albumet det sjuande bestseljande albumet gjennom tidene og det bestseljande albumet som aldri nådde toppen av lista der.

... Eg trur at då det var ferdig, så meinte alle at et var det beste me hadde gjort til då, og alle var særs nøgde med det, men det var på ingen måte me følte at det var fem gonger så bra som Meddle, eller åtte gonger så bra som Atom Heart Mother, som var tala det faktisk selde. Det var ... ikkje berre om å vere eit bra album, men òg om å vere på rett stad til rett tid.

– Nick Mason

I USA vart plata gjeven ut før dei innførte platinaplater i 1976. Det hadde derfor berre ei gullplate fram til 16. februar 1990, då det vart sertifisert med 11x platina. Den 4. juni 1998 sertifiserte Recording Industry Association of America (RIAA) albumet for 15× platina, for eit salstal på femten millionar i USA - det bestseljande albumet deira der (The Wall har 23× platina, men fordi det er eit dobbeltalbum syner dette eit salstal på 11,5 millionar). «Money» har seld bra som singel og «Time» har alltid vore ein radiofavoritt i USA. Innan 2005 hadde «Time» blitt spelt ved 13 723 høve og «Money» ved 13 731 høve. Kjelder i musikkindustrien indikerer at albumet har seld kring 45 millionar eksemplar verda over. «I ei treg veke» vert det seld mellom 8 000 og 9 000 eksemplar, og i alt vart det seld 400 000 eksemplar i 2002, som var det 200 bestseljande albumet det året, nesten tretti år etter det kom ut. Albumar har seld 9,5 millionar eksemplar i USA sidan 1991 då Nielsen SoundScan byrja å spore salstal for Billboard. Framleis har albumet ein plass på Billboard Pop Catalog-lista. Det gjekk til topps på denne lista då 2003 hybrid CD/SACD-utgåva kom i 2003 og selde 800 000 eksemplar i USA. Veka 5. mai 2006 hadde The Dark Side of the Moon lagt totalt 1 716 veker på Billboard 200 og Pop Catalog-listene. Det er estimert at ein av fjorten menneske i USA under 50 har sitt eige, eller har lånt, eit eksemplar. Då metodane vart endra i 2009 slik at katalogtitlar kunne få kome inn på Billboard 200, gjekk The Dark Side of the Moon inm på lista på 189. plassen den 12. desember det året for ei 742. veke. Ho har halde fram å sporadisk dukke opp på Billboard 200 sidan då og hadde i januar 2019 totalt 942 veker på lista.

«Kombinasjonen av teksten og musikken nådde eit toppunkt,» forklarte Gilmour. «All musikken før det hadde ikkje noko bra tekst. På denne var teksten klår og konsis. Plateomslaget var òg rett. Eg syns det vart som ei velvillig snare som hang bak oss. Gjennom heile karrièren sa folk til oss at me aldri kunne toppe Dark Side. Men The Wall gav oss større inntekter.»

Nyutgjevingar

I 1979 vart The Dark Side of the Moon gjeve ut som ein ommastra LP av Mobile Fidelity Sound Lab, og i april 1988 kom det ut på «Ultradisc» gull-CD-formatet deira. Albumet vart gjeve ut av EMI på det då nye CD-formatet i 1984, og i 1992 vart det gjeve ut på ny som ein ommastra CD i plateboksen Shine On. Dene versjonen kom ut i ein 20-årsjubileumsboks med postkort året etter. Plateomslaget vart igjen designa av Storm Thorgerson, som designa det originale coveret i 1973. På somme utgåver kan ein så vidt høyre orkesterversjonen av Beatles sin «Ticket to Ride» etter «Eclipse» over hjarteslaga på slutten.

Den originale kvadrofoniske miksen, skapt av Alan Parsons, vart tinga av EMI, men aldri godkjend av Pink Floyd, sidan Parsons var misnøgd med miksen sin. For å feire 30-årsjubileet, kom det ut ein oppdatert versjon i 2003. Bandet valde å ikkje bruke den kvadrofoniske miksen til Parsons, men fekk i staden lydteknikar James Guthrie til å skape ein ny 5.1 kanals kringlydmiks på SACD-format. Guthrie hadde arbeidd med Pink Floyd sidan han var medprodusent og lydteknikar på The Wall, og hadde tidlegare arbeidd på kringlydversjonar av The Wall for DVD-Video og Waters sitt In the Flesh for SACD. I 2003 sa Alan Parsons at han var noko misnøgd med SACD-miksen til Guthrie og meinte at Guthrie «kanskje var litt for tru mot den originale miksen», men gav elles kompliment. 30-årsjubileumsutgåva vann fire Surround Music Awards i 2003, og har sidan seld meir enn 800 000 eksemplar. Plateomslaget vart skapt av ei gruppe designerar med Storm Thorgerson. Biletet er eit fotografi av ein spesialbygd, farga glasvindauge, bygd for å eksakt passe dimensjonane og proporsjonane til det originale prismedesignet. Gjennomsiktig glas, som vart heldt på plass av striper av bly vart nytta i staden for dei ugjennomsiktige fargane på originalen. Ideen kom frå «kjensla av reinleik i lydkvaliteten på 5.1-utgåva ...» Biletet vart skapt med ynskje om å «vere det same, men annleis, slik at designet heilt tydeleg var Dark Side, men likevel annleis og derfor nytt».

The Dark Side of the Moon vart òg gjeven ut i 2003 på 180-grams vinyl (mastra av Kevin Gray på AcousTech Mastering) og inneheld ein litt annleis versjon av originalplakaten og klistremerka som kom med den originale utgåva, i lag med ein ny 30-årsjubileumsplakat. I 2007 var albumet med i plateboksen Oh, by the Way, som feira 40-årsjubileet til Pink Floyd, og ein DRM-fri versjon kom ut på iTunes Store. I 2011 vart albumet gjeve ut på ny som ein del av kampanjen Why Pink Floyd...? med ommastra lyd og forskjellige andre materiale.

Ettermæle

Det endra meg på så mange måtar, fordi det var så innbringande, og ein kjende seg særs trygg når ein kan selje eit album i to år. Men det har ikkje endra haldninga mi til musikk. Sjølv om det vart ein så stor suksess, så vart det laga på same måte som alle dei andre albuma våre, og det einaste kriteriet me har for å gje ut musikk er om me likar det eller ikkje. Det var ikkje eit medvite forsøk på å lage eit kommersielt album. Det berre skjedde slik. Me visste at det hadde mykje meir melodi enn tidlegare Pink Floyd-album, og det var eit konsept som knytte det saman. Musikken var lettare å absorbere og me hadde jenter som song og gav det ein kommersiell tone som ingen av dei tidlegare albuma våre hadde.

– Richard Wright

Suksessen med albumet gjorde dei fire bandmedlemmane rike. Richard Wright og Roger Waters kjøpte seg store landsstad, og Nick Mason vart ein samlar av dyre bilar. Noko av overskotet vart investert i produksjonen av Monty Python and the Holy Grail. Lydteknikaren Alan Parsons fekk ein Grammypris-nominasjon for beste lydteknikar for The Dark Side of the Moon, og han fekk ein suksessrik karrière som plateartist med The Alan Parsons Project. Sjølv om Waters og Gilmour stundom har bagatellisert suksessen hans på albumet, har Mason hylla rolla hans. I 2003 sa Parsons: «Eg syns dei alle følte at eg klarte å henge resten av karrièren min på Dark Side of the Moon, som til ein viss grad er sant. Men eg har framleis dagar der eg frustrert over at dei har tent mange millionar på det, mens mange folk som var involvert i plata ikkje har det.»

Ein del av etterverknaden av The Dark Side of the Moon er påverknaden det hadde på moderne musikk, musikarane som har spelt versjonar av songane, eller til og med i moderne urbane myter. Utgjevinga vert ofte sagt å ha vore eit viktig punkt i rockehistoria og det er stundom trekt samanlikningar mellom Pink Floyd og Radiohead – særskild albumet deira OK Computer frå 1997 – som vart kalla 1990-talet sitt svar på The Dark Side of the Moon, sidan begge albuma har eit tema som er knytt til tapet av ein kreativ person si evne til å fungere i ei moderne verd.

Rangeringar

The Dark Side of the Moon har ofte dukka opp på lister som rangerer dei beste albuma gjennom tidene. I 1987 rangerte Rolling Stone albumet på 35. plassen over dei 100 beste album dei siste 20 åra, og i 2003 vart albumet plassert på 43. plassen på lista til magasinet over dei 500 beste albuma gjennom tidene. Den same plasseringa hadde det på den oppdaterte lista deira frå 2012. I 2006 vart albumet kåra til «Mitt favorittalbum» av sjåarane til Australian Broadcasting Corporation. Lesarane til NME kåra albumet til det åttande beste gjennom tidene i 2006, og i 2009 kåra lyttarane på Planet Rock albumet til «det beste gjennom tidene». Albumet vart sett på andreplassen på «Definitive 200»-lista til National Association of Recording Merchandisers «i hyllinga av musikkalbumet som ei kunstform». Det vart plassert på 29. plassen på lista til The Observer i 2006 over «50 album som endra musikken», og 37. plassen på lista til The Guardian frå 1997 over dei 100 beste albuma gjennom tidene, stemt fram av eit panel av musikarar og kritikarar. Plateomslaget har blitt hylla av både kritikarar og lyttarar og VH1 kåra det til det fjerde beste i historia, og lyttarane til Planet Rock til det aller beste. I 2013 vart The Dark Side of the Moon valt ut for bevaring av amerikanske National Recording Registry av Library of Congress for å vere «kulturelt, historisk eller estetisk viktig». I 2014 stemde lesarane av Rhythm albumet til det sjuande mest påverknadstunge, progressive trommealbumet.

Andre versjonar, hyllester og samplingar

Ein av dei meir kjende coverversjonane av The Dark Side of the Moon er Return to the Dark Side of the Moon: A Tribute to Pink Floyd. Det kom ut i 2006 med artistar som Adrian Belew, Tommy Shaw, Dweezil Zappa og Rick Wakeman. I 2000 gav The Squirrels ut The Not So Bright Side of the Moon, som er ein versjon av heile albumet. Dubkollektivet Easy Star All-Stars frå New York gav ut Dub Side of the Moon i 2003 og Dubber Side of the Moon i 2010. Gruppa Voices on the Dark Side gav ut albumet Dark Side of the Moon a Cappella, som er ein fullstendig acappellaversjon av albumet. Bluegrassbandet Poor Man's Whiskey har ofte spelt heile albumet i bluegrass-stil, kalla Dark Side of the Moonshine. Ein strykekvartettversjon kom ut i 2004. I 2009 gav The Flaming Lips ut ein versjon av heile albumet i samarbeid med Stardeath and White Dwarfs, og med Henry Rollins og Peaches som gjestemusikarar.

Fleire kjende artistar har framført heile albumet på scenen og mange artistar har sampla frå The Dark Side of the Moon. Jamrockbanet Phish framførte ein dels improvisert versjon av heile albumet på ein av konsertane deira i 1998. Det progressive metalbandet Dream Theater hr to gonger spelt heile albumet på konsert, og i mai 2011 gav Mary Fahl ut From the Dark Side of the Moon, der kvar song på albumet vart «laga på ny». Milli Vanilli brukte lydbandsløyfa frå «Money» på sin song kalla «Money», og det same gjorde Marky Mark and the Funky Bunch på Music for the People.

Dark Side of the Rainbow

Dark Side of the Rainbow og Dark Side of Oz er to namn som ofte vert nytta om rykte (som har sirkulert på Internett sidan minst 1994) om at The Dark Side of the Moon vart skriven som eit lydspor for filmen The Wizard of Oz frå 1939. Når filmen og albumet vart spelt av samstundes skal det ha oppstått fleire synkroniserte hendingar, som at Dorothy byrjar å springe samstundes med tekstlinja «no one told you when to run» under «Time», og at Dorothy balanserer på ei line under linja «balanced on the biggest wave» på «Breathe». David Gilmour og Nick Mason har begge avfeidd at det er ein slik samanheng mellom dei to verka, og Roger Waters har skildra rykta som «morosame». Alan Parsons sa at filmen ikkje vart nemnt under produksjonen av albumet.

Innhald

All tekst er skriven av Roger Waters.

Side ein
Nr.TittelMusikkSolovokalLengd
1.«Speak to Me»Masoninstrumental1:13
2.«Breathe» (oppført som «Breathe in the Air» på den originale LP-utgåva)
  • Waters
  • Gilmour
  • Wright
Gilmour2:43
3.«On the Run»
  • Waters
  • Gilmour
instrumental3:36
4.«Time» (inneheld «Breathe (Reprise)»)
  • Waters
  • Gilmour
  • Wright
  • Mason
  • Gilmour
  • Wright
6:53
5.«The Great Gig in the Sky»
Clare Torry4:36
Total lengd:19:27
Side to
Nr.TittelMusikkSolovokalLengd
1.«Money»WatersGilmour6:23
2.«Us and Them»
  • Waters
  • Wright
Gilmour7:49
3.«Any Colour You Like»
  • Gilmour
  • Mason
  • Wright
instrumental3:26
4.«Brain Damage»WatersWaters3:49
5.«Eclipse»WatersWaters2:03
Total lengd:23:42

Medverkande

Pink Floyd

Andre medverkande

  • Dick Parry – saksofon på «Us and Them» og «Money»
  • Clare Torry – vokal på «The Great Gig in the Sky»
  • Doris Troy – korvokal
  • Lesley Duncan – korvokal
  • Liza Strike – korvokal
  • Barry St. John – korvokal

Produksjon

  • Alan Parsons – lydteknikar
  • Peter James – assistent (feilaktig oppført som «Peter Jones» på dei første amerikanske trykka av LP-en)
  • Chris Thomas – oversyn med miksina

Design

  • Hipgnosis – design, fotografi
  • George Hardie – kunst, klistremerke

Salslister og salstrofé

Salslister

Liste (1973) Plassering
Australia (Kent Music Report) 2
Austerrikske album (Ö3 Austria) 1
Canada Top Albums/CDs (RPM) 1
Nederlandske album (MegaCharts) 2
Tyske album (Offizielle Top 100) 3
Norske album (VG-lista) 2
Spanske album (AFE) 3
Britiske album (OCC) 2
US Billboard 200 1
Liste (1975) Plassering
Newzealandske album (Recorded Music NZ) 4
Britiske album (OCC) 7
US Billboard 200 23
Liste (1993–94) Plassering
Australske album (ARIA) 11
Canada Top Albums/CDs (RPM) 20
Nederlandske album (MegaCharts) 59
Tyske album (Offizielle Top 100) 28
Norske album (VG-lista) 16
Newzealandske album (Recorded Music NZ) 1
Svenske album (Sverigetopplistan) 45
Liste (2003) Plassering
Austerrikske album (Ö3 Austria) 48
Belgiske album (Ultratop Flandern) 42
Belgiske album (Ultratop Vallonia) 28
Nederlandske album (MegaCharts) 30
Tyske album (Offizielle Top 100) 3
Irske album (IRMA) 41
Italienske album (FIMI) 2
Newzealandske album (Recorded Music NZ) 6
Norske album (VG-lista) 7
Polske album (ZPAV) 24
Portugisiske album (AFP) 3
Liste (2005–06) Plassering
Australske album (ARIA) 24
Belgiske album (Ultratop Flandern) 55
Belgiske album (Ultratop Vallonia) 49
Danske album (Hitlisten) 26
Finske album (Suomen virallinen lista) 10
Irske album (IRMA) 43
Italienske album (FIMI) 5
Norske album (VG-lista) 16
Polske album (ZPAV) 24
Spanske album (PROMUSICAE) 96
Svenske album (Sverigetopplistan) 16
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade) 47
Liste (2011) Plassering
Australske album (ARIA) 22
Austerrikske album (Ö3 Austria) 10
Belgiske album (Ultratop Flandern) 16
Belgiske album (Ultratop Vallonia) 6
Tsjekkiske album (CNS IFPI) 13
Danske album (Hitlisten) 21
Nederlandske album (MegaCharts) 19
Finske album (Suomen virallinen lista) 16
Franske album (SNEP) 7
Tyske album (Offizielle Top 100) 3
Irske album (IRMA) 25
Italienske album (FIMI) 5
Newzealandske album (Recorded Music NZ) 8
Norske album (VG-lista) 11
Polske album (ZPAV) 8
Portugisiske album (AFP) 5
Spanske album (PROMUSICAE) 15
Svenske album (Sverigetopplistan) 15
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade) 8
Britiske album (OCC) 11
US Billboard 200 12

Salstrofé

Region Salstrofé Salstal
Argentina (CAPIF) 2× Platina 120,000x
Australia (ARIA) 14× Platina 980 000^
Austerrike (IFPI Austerrike) 2× Platina 100 000x
Canada (Music Canada) 2× Diamant 2 000 000^
Czech Gull 50,000
Frankrike (SNEP) Platina 2,084,500
Tyskland (BVMI) 2× Platina 1 000 000^
Italia (FIMI)
(since 2009)
4× Platina 200,000*
New Zealand (RMNZ) 16× Platina 240 000^
Polen(ZPAV) Platina 100 000*
Russland (NFPF)
Remastered
Platina 20 000*
Storbritannia (BPI) 14× Platina 4,300,000
USA (RIAA) 15× Platina 15 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder

Bakgrunnsstoff

The Dark Side Of The Moon: Bakgrunn, Konsept, Innspeling  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: The Dark Side of the Moon


Tags:

The Dark Side Of The Moon BakgrunnThe Dark Side Of The Moon KonseptThe Dark Side Of The Moon InnspelingThe Dark Side Of The Moon InnpakkingThe Dark Side Of The Moon UtgjevingThe Dark Side Of The Moon EttermæleThe Dark Side Of The Moon InnhaldThe Dark Side Of The Moon MedverkandeThe Dark Side Of The Moon Salslister og salstroféThe Dark Side Of The Moon KjelderThe Dark Side Of The Moon BakgrunnsstoffThe Dark Side Of The Moon

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Etnos og demos2019AmasoneBelgiaDet britiske imperietParadise and LunchEli Kari GjengedalRussisk mat27-årsklubbenMetanolTeikneserieMesopotamiaNyttårJohan BojerStorbritanniaTangentKurdararJonas Gahr StøreÐHydrogencyanidAntarktisThe Power to BelieveHjortBjørkefinkNederlandAmarantfamilienBritisk pundOs kommune i HordalandBiologisk familieAksel SandemoseWayback MachineMaliSylvi ListhaugOdd NerdrumKjemiAndreas BlochHerbert HooverByar i HellasDei sameinte arabiske emirataMidsommarMuhammedVendlandLeksikonRichie FaulknerJomfru MariaVM i skiskyting 1999Flåklypa Grand PrixOrellanaprovinsenGotlandVinter-OL 1968Elon MuskWiki CommonsFrankararPilTalordGambiaCarles PuigdemontGrønlandDen amerikanske sjølvstenderesolusjonenAtommodellKirunaDen gregorianske kalenderenDisney Channel SkandinaviaCelsiusGezer regionale kommuneWehrmachtWikimediaLuciano PavarottiSupermannSikhismenCyanGrodagenTuonelaOprah WinfreySkigardsvise🡆 More