The Wall

The Wall
Studioalbum av Pink Floyd
Språk engelsk
Utgjeve 30. november 1979
Innspelt Desember 1978 til november 1979
Studio
Sjanger
Lengd 1:21:08
Selskap
Produsent
Pink Floyd-kronologi 
Animals
(1977)
The Wall A Collection of Great Dance Songs
(1981)

Singlar frå The Wall
  1. «Another Brick in the Wall, Part 2»
    Utgjeve: 23. november 1979
  2. «Run Like Hell»
    Utgjeve: 17. april 1980
  3. «Comfortably Numb»
    Utgjeve: 23. juni 1980

The Wall er det 11. studioalbumet til den engelske rockegruppa Pink Floyd, gjeve ut 30. november 1979 på Harvest og Columbia Records. Det er ein rockeopera og utforskar soga om Pink, ei utsliten rockestjerne som etter kvart isolerer seg sjølv frå samfunnet bak ein symbolsk mur. Plata vart ein stor suksess og låg 15 veker på toppen av den amerikanske albumlista og nådde tredjeplassen i Storbritannia. I 1982 vart det laga ei filmutgåve av soga med same namn, regissert av Alan Parker.

Ideen til The Wall fekk bassisten Roger Waters i 1977 under In The Flesh-turneen, og baserte soga på seg sjølv og den tidlegare bandkollegaen Syd Barrett. Innspelinga fann stad frå desember 1978 til november 1979. Produsenten Bob Ezrin hjelpte til på prosjektet og var med å dempe spenningane under innspelingane, då bandet sleit med personlege og økonomiske problem. The Wall er det siste albumet med Pink Floyd som ein kvartett. Klaverspelaren Richard Wright fekk sparken av Waters under produksjonen, men vart verande som betalt musikar. Det vart gjeve ut tre singlar frå albumet: «Another Brick in the Wall, Part 2» (den einaste førsteplassen deira i USA), «Run Like Hell» og «Comfortably Numb». Frå 1980 til 1981 framførte Pink Floyd heile albumet under ein turné som bestod av avanserte, teatralske effektar.

The Wall fekk i starten blanda kritikk hos kritikarane og somme av dei meinte det var oppblåst og pretensiøst. Det er sidan blitt rekna som eit av dei beste albuma gjennom tidene, og eit av dei mest kjende konseptalbuma. Det har selt meir enn 24 millionar eksemplar og er det nest mest selde i katalogen deira, og eit av dei mestselde albuma gjennom tidene. Somme unytta opptak frå innspelingane dukka seinare opp på det neste albumet deira, The Final Cut (1983). I 2003 rangerte Rolling Stone The Wall på 87. plassen på lista deira over dei 500 beste albuma gjennom tidene. Tidleg i 2010-åra drog Waters på ein ny Wall-turné som vart den mest innbringande turneen til ein soloartist.

Bakgrunn

In the Flesh-turneen var den første dei spelte på store stadion. Bassisten og låtskrivaren Roger Waters fortalte: «Eg mislikte det intenst, fordi det vart ei sosial hending i staden for eit meir kontrollert og vanleg forhold mellom musikarar og eit publikum ... Dei første seksti radene verka å skrike og rope og høyrde ikkje eigentleg etter. Og dei som stod lenger bak kunne ikkje sjå ein drit uansett.» Somme i publikum sette fyr på kinaputtar, noko som fekk Waters til å stoppe å spele og skjelle dei ut. I juli 1977, under den siste konserten på Montreal Olympic Stadium, skal ei gruppe støyande og opphissa fans nær scenen ha irritert Waters så mykje at han spytta på ein av dei. Gitaristen David Gilmour nekta å kome attende for å spele ekstranummer og sette seg ned ved miksepulten, og bandet, i lag med andregitaristen Snowy White, improviserte ein langsam, trist 12-taktsblues, som Waters skildra som «noko musikk å dra heim til». Same kvelden snakka Waters med produsenten Bob Ezrin og psykiatervenen til Ezrin om kor framandgjerande han syns hendinga var. Han fortalte at han ønskte å isolere seg sjølv ved å byggje ein mur over scenen mellom bandet og publikum. Han sa «Eg sa heile tida til folk på den turneen, 'eg synest eigentleg ikkje noko om dette... det er noko som er heilt feil her.'»

Då Gilmour og Wright var i Frankrike for å spele inn soloalbuma sine, og trommeslagaren Nick Mason var oppteken med å produsere Steve Hillage-albumet Green, byrja Waters å skrive songar. Spyttehendinga vart utgangspunktet for eit nytt konsept, der ein følgjer hovudpersonen som isolerer seg sjølv etter år med traumatiske møte med autoritære personar og tapet av faren som barn. The Wall studerte det psykologiske skiljet mellom artisten og publikum ved å bruke ein fysisk struktur som ein metaforisk reiskap.

I juli 1978 møtte Pink Floyd opp i Britannia Row Studios, der Waters la fram to nye idear for konseptalbum. Det første var ein nitti minuttar lang demo kalla Bricks in the Wall. Den andre var om ein mann som i løpet av ei natt drøymer og handlar om ekteskap, sex og fordelane og bakdelane ved monogami og familieliv kontra promiskuitet. Bandet valde det første. Det andre forslaget vart sidan det første soloalbumet til Waters, The Pros and Cons of Hitch Hiking.

Innan september hadde Pink Floyd hamna i pengetrøbbel og måtte skape eit nytt album for å tene pengar. Økonomiplanleggjarane Norton Warburg Group (NWG) hadde investert 1,3 til 3,3 millionar pund av pengane til gruppa i risikokapital for å redusere skattegjelda deira. Strategien feila då mange av føretaka som NWG investerte i tapte pengar, og bandet stod med skattekrav som kunne nå så høgt som 83 %. «Me laga Dark Side og det såg ut til at me hadde fått det til,» sa Waters. «Så hadde dei jævlane brått stole alt saman. Det såg ut til at me måtte betale store skattesummar av pengane som var gått tapt. 83 % var mykje pengar på den tida og så mykje hadde me ikkje.» Pink Floyd avslutta samarbeidet med NWG og kravde at resten av pengane vart sende attende. «Eg vart tvungen til å bli tett involvert i forretningssida,» sa Gilmour, «fordi det var ingen kring oss som var dugande nok eller ærlege nok til å takle det, og eg såg med Norton Warburg at det ubønnhørleg gjekk mot helvete. Dei var ikkje dei første kjeltringane me var dumme nok til å alliere oss med. Sidan den gong er det ikkje eit øre eg ikkje sjølv har signert for. Eg signerer kvar sjekk og undersøkjer alt.»

For å halde styr på dei 26 spora på prosjektet valde Waters å hente inn ein produsent og samarbeidspartnar, og følte han trengde «ein samarbeidspartnar som var musikalsk og intellektuelt på same stad som eg var.» Den dåverande kjærasten til Waters Lady Carolyne Christie, som hadde arbeid som sekretær for produsenten og musikaren Bob Ezrin, føreslo han for bandet. Ezrin hadde arbeidd med Alice Cooper, Lou Reed, Kiss og Peter Gabriel. Frå starten gjorde Waters det klart kven som var sjefen og sa til han: «Du kan skrive kva du vil. Berre ikkje forvent å bli kreditert for det.»

Ezrin og Gilmour gjekk over konseptet til Waters, og fjerna det dei meinte ikkje var bra nok. Waters og Ezrin arbeidde hovudsakleg på soga, og forbetra konseptet. Dei presenterte eit 40 siders manus for resten av bandet, som svara positivt: «Dagen etter i studio hadde med ei opplesing kring bordet, slik ein gjer med eit skodespel, men med heile bandet, og augo deira glitra, fordi dei kunne sjå albumet.» sa Waters. Ezrin utvida soga og distanserte ho frå den sjølvbiografiske soga Waters hadde skrive og baserte ho i staden på ein samansett karakter kalla Pink. Lydteknikaren Nick Griffiths sa seinare: «Ezrin var særs god på The Wall, fordi han klarte å dra heile greia saman. Han var ein særs sterk kar. Det var mangel kranglar om korleis det skulle høyrast ut mellom Roger og Dave, men han klarte å fylle gapet mellom dei.» Waters skreiv det meste albumet, medan Gilmour var medlåtskrivar på «Comfortably Numb», «Run Like Hell» og «Young Lust», og Ezrin var medlåtskrivar på «The Trial».

Konsept og soge

The Wall er ein rockeopera som utforskar det å bli forlaten og einsam i isolasjon, symbolisert av ein mur. Songane skapar ei omtrentleg soge som følgjer livet til hovudpersonen, Pink (som vert introdusert i songane «In the Flesh?» og «The Thin Ice»), ein karakter basert på Syd Barrett og Roger Waters, som mista faren i andre verdskrigen. Faren til Pink døyr òg i ein krig («Another Brick in the Wall (Part 1)»), som er første gongen Pink byrjar å byggje ein metaforisk mur kring seg sjølv. Pink vert trykt ned av ei oververnande mor («Mother») og plaga av tyranniske, mishandlande lærarar («The Happiest Days of Our Lives»). Alle desse trauma vert metaforiske «mursteinar i muren» («Another Brick in the Wall (Part 2)»). Hovudpersonen vert til slutt ei rockestjerne, men forholda hans er plaga med utruskap, dopmisbruk og valdsutbrot. Han er etter kort tid gift og nesten ferdig med «muren» sin («Empty Spaces»). Medan han er på turné i Amerika tar han med heim ein groupie etter å ha fått vite at kona er utru. Han grublar over det mislukka ekteskapet og knuser rommet sitt og skremmer jenta bort under eit raserianfall («One of My Turns»). Medan ekteskapet smuldrar bort («Don't Leave Me Now»), avviser han alle han har kjend som «berre mursteinar i muren» («Another Brick in the Wall (Part 3)») og har fullført muren sin («Goodbye Cruel World»), og heilt isolert seg frå omverda.

Gøymd bak muren sin vert Pink alvorleg deprimert («Hey You») og byrjar å miste all tru («Vera»). For å få han til å spele gjev lækjaren han medisinar («Comfortably Numb»). Dette fører til ein hallusinerande episode på scenen der han trur han er blitt ein fascistisk diktator som spelar på konsertar som liknar dei nynazistane hadde («The Show Must Go On»), og han sender brunskjorter-liknande menn mot fansen som han meiner er uverdige («In the Flesh»). Då han med skrekk forstår kva han har gjort («Waiting for the Worms»), vert Pink overvelda og ønskjer at alt kring han skal stoppe («Stop»). Han syner menneskelege kjensler og plaga av skuld set han seg sjølv for retten («The Trial»), der ein indre dommar dømmer han til å «rive ned muren», og Pink opnar seg for verda utafor («Outside the Wall»). Albumet dannar ein sirkel då dei siste orda på albumet «Isn't this where ...» som i lag med melodien glir rett over i dei første orda og tonane på albumet, «... we came in?», «er ikkje det her vi kom inn?». Dette hintar om at temaet til Waters er noko som gjentek seg.

Albumet inneheld fleire referansar til det tidlegare bandmedlemmet Syd Barrett, inkludert «Nobody Home», som hintar om tilhøvet hans under den avkorta amerikanske turneen til Pink Floyd i 1967, med tekstlinjer som «wild, staring eyes», «the obligatory Hendrix perm» og «elastic bands keeping my shoes on». «Comfortably Numb» var inspirert av Waters som fekk ei sprøyte med avslappande middel for å unngå effektane av hepatitt under In the Flesh-turneen, då dei var i Philadelphia.

Produksjon

Innspeling

Albumet vart spelt inn fleire stader. Super Bear Studios i Frankrike vart nytta frå januar til juli 1979, då Waters song inn vokalen sin i eit nærliggande studio, Studio Miraval. Michael Kamen tok seg av orkesterarrangementa i CBS Studios i New York, i september, og The Wall vart eit av dei tre første studioalbuma til Pink Floyd han bidrog til (dei andre var The Final Cut og The Division Bell). Dei neste to månadane brukte bandet Cherokee Studios, Producers Workshop og The Village Recorder i Los Angeles. Det var planlagt å arbeide med Beach Boys i Sundance Productions studio i Los Angeles men dette vart avlyst.

James Guthrie, som vart tilrådd av den tidlegare Floyd-medarbeidaren Alan Parsons, kom tidleg inn i innspelingsprosessen. Han erstatta lydteknikaren Brian Humphries, som var kjenslemessig tom etter fem år med bandet. Guthrie vart hyrt inn som med-produsent, men var ikkje i starten klår over Ezrin si rolle: «Eg såg på meg sjølv som ein heit, ung produsent ... Då me kom trur eg me begge følte at me var blitt hyrt inn for å gjere den same jobben.» Dei første innspelingane i Britannia Row var kjenslemessige, sidan Ezrin, Guthrie og Waters alle hadde sterke idear om kva retning dei skulle ta albumet i. Forholda internt i bandet var på eit lågt nivå og rolla til Ezrin vart utvida til å mekle mellom Waters og resten av bandet. Sidan Britannia Row først vart rekna som utilstrekkeleg for The Wall oppgraderte bandet mykje av utstyret, og innan mars hadde dei spelt inn eit nytt sett med demoar. Men det tidlegare samarbeidet med NWG gjorde at dei stod i fare for å gå konkurs og vart rådde til å forlate Storbritannia innan april 1979 for minst eitt år. I skatteeksil trengde dei ikkje betale skatt til Storbritannia og innan ein månad hadde dei fire medlemmane og familiane deira reist. Waters flytta til Sveits, Mason til Frankrike og Gilmour og Wright til Hellas. Noko av utstyret deira i Britannia Row vart flytta til Super Bear Studios nær Nice. Gilmour og Wright var begge kjende med studioet og likte seg her då dei hadde spelt inn soloalbuma sine der. Medan Wright og Mason budde i studioet, budde Waters og Gilmour i hus i nærleiken. Mason flytta seinare inn i villaen til Waters nær Vence, medan Ezrin budde i Nice.

Ezrin kom ofte for seint til innspelingane, noko som skapte problem med det stramme tidsskjemaet til Waters. Mason meinte at produsenten oppførte seg «eksentrisk», men brukte dei lange og usannsynlege forklaringane hans til kvifor han kom for seint til å vere «rappkjefta». Ezrin fekk mindre royalties enn resten av bandet og han såg på Waters som ei bølle, særleg etter Waters gjorde narr av han med å få laga namneskilt der det stod NOPE (No Points Ezrin), som viste til at han fekk mindre betalt. Ezrin sa seinare at han hadde ekteskapsproblem og ikkje var «heilt i form mentalt».

Fleire problem kom til syne då Waters vart uvener med Wright. Bandet var sjeldan i studio samstundes. Ezrin og Guthrie sette saman trommespor som Mason hadde spelt inn tidlegare, og Guthrie arbeidde òg med Waters og Gilmour på dagtid, og kom attende på kvelden for å spele inn bidraga til Wright. Wright, som var uroa over effekten Ezrin ville ha på forholdet mellom bandmedlemmane, ønskte å bli oppført som produsent på albumet (albuma deira fram til då stod alltid oppført som «Produsert av Pink Floyd»). Waters gjekk med på ein prøveperiode med Wright som produsent, som han skulle bli oppført som produsent for, men etter eit par veker var Waters og Ezrin misnøgd med metodane til Wright. Ein konfrontasjon med Ezrin førte til at Wright berre jobba på kvelden. Gilmour var òg misnøgd med at Wright bidrog for lite og «det dreiv oss til vanvidd», og Ezrin sa seinare: «det kjendest stundom som om Roger lokka han til å gjere feil. Rick får framføringsangst. Du må la han få vere aleine å spele fritt, å skape ...» Wright hadde sine eigne ekteskapsproblem og ein gryande depresjon, som var forverra av å måtte bu i utlandet. Bandet hadde planar om ferie i august, før dei skulle møtast i Cherokee Studios i Los Angeles, men Columbia tilbaud bandet ein betre avtale om dei gav ut albumet før jul. Waters auka derfor arbeidsmengda deretter og bestilte studiotid i det nærliggande Studio Miraval. Han føreslo òg å møte opp i Los Angeles ti dagar tidlegare enn avtalt, og leigde inn ein annan klaverspelar for å spele i lag med Wright, som enno ikkje hadde spelt inn sine partar. Wright nekta derimot å kutte ned på familieferien sin på Rhodos.

Forteljinga om korleis Wright slutta i bandet varierer. I sjølvbiografien sin Inside Out fortel Mason at Waters ringde til O'Rourke, som var på reise til USA på «Queen Elisabeth 2», og fortalte han at Wright skulle vere ute av bandet innan Waters kom til LA for å mikse albumet. I ein annan versjon av ein forfattar som skreiv om bandet, ringde Waters til O'Rourke og bad han fortelje Wright om dei nye innspelingsplanane, då Wright skal ha svara: «Fortel Roger å dra til helvete ...» Wright var ikkje samd i at det var slik det gjekk føre seg og sa at bandet hadde vore samde om å vere i studio gjennom våren og tidleg på sommaren, og at han ikkje visste at dei var så langt bak planen. Mason sa seinare at Waters var «forskrekka og rasande», og meinte at Wright ikkje gjorde nok for å få ferdig albumet. Gilmour var på ferie i Dublin då han fekk vite om Waters sitt ultimatum og prøvde å roe ned situasjonen. Han snakka med Wright og gav han støtte, men minna han på at han bidrege minimalt. Waters insisterte på at Wright måtte dra, ellers ville han nekte å gje ut The Wall. Fleire dagar seinare med uro for den økonomiske situasjonen deira, og uvenskapen i bandet, slutta Wright. Meldinga om at han vart ute av bandet vart halde unna musikkpressa. Sjølv om namnet hans ikkje står nokon stad på originalalbumet, vart han tilsett som musikar på den påfølgjande The Wall-turneen.

Innan august 1979 var rekkjefølgja på albumet stort sett ferdig. Wright fullførte oppgåvene sine i Cherokee Studios med hjelp av studiomusikarane Peter Wood og Fred Mandel, og Jeff Porcaro spelte trommer i staden for Mason på «Mother». Då Mason hadde gjort sitt, let han Waters, Gilmour, Ezrin og Guthrie mikse albumet ferdig, medan han sjølv drog til New York for å spele inn det første soloalbumet sitt, Nick Mason's Fictitious Sports. Før albumet kom ut førte tekniske avgrensingar til at dei måtte gjere nokre endringar i rekkjefølgja og innhaldet på The Wall, og «What Shall We Do Now?» vart erstatta av ein liknande, men kortare «Empty Spaces» og «Hey You» vart flytta då den opphavlege plasseringa på slutten av side tre til byrjinga. Med ein tidsfrist i november 1979 som nærma seg, hadde ikkje bandet tid til å rette dette opp i plateomslaget.

Instrumentering

Dei første trommeinnspelingane til Mason vart gjort i eit ope rom i øvste etasjen av Britannia Row Studios. 16-sporsinnspelinga av dette vart miksa ned og kopiert over til ein 24-sporsopptakar som ein guide for resten av bandet å spele over. Dette gav lydteknikaren større fleksibilitet. Seinare vart trommene spelt inn på nytt med betre lydkvalitet og synkronisert til den originale innspelinga, før det gamle sporet så vart fjerna. Ezrin fortalte seinare at bandet var forskrekka over denne arbeidsmetoden - og såg visstnok på det å slette materiale frå 24-spors masterlydbandet som «trolldom».

Medan dei var i Super Bear gjekk Waters med på forslaget til Ezrin om at fleire spor, som «Nobody Home», «The Trial» og «Comfortably Numb», burde ha orkesterakkompagnement. Michael Kamen, som tidlegare hadde arbeidd med David Bowie, vart leigd inn til å overvake desse arrangementa, som vart framført av musikarar frå New York Philharmonic og New York Symphony Orchestra, og eit kor frå New York City Opera. Innspelinga deira var gjort i CBS Studios i New York, utan at Pink Floyd sjølv var til stades. Kamen møtte til slutt bandet etter innspelinga var over.

Eg trur saker som 'Comfortably Numb' var dei siste glørne av evna meg og Roger hadde til å arbeide i lag.

David Gilmour

«Comfortably Numb» hadde opphav sitt frå debutplata til Gilmour som soloartist, og var tema for mykje krangling mellom Waters og Gilmour. Ezrin hevda at songen opphavleg byrja som «Roger sin song, om Roger, for Roger», men meinte at songen trengde å gjerast noko med. Waters endra tonearten for verset i songen og la til meir tekst i refrenget, medan Gilmour la til nokre ekstra taktar for linja «I have become Comfortably Numb», men Gilmour likte ikkje den «nedstrippa og hardare» versjonen. Gilmour føretrekte Ezrin sin «prektige, fargerike orkesterversjon», sjølv om Ezrin sjølv føretrekte Waters sin versjon. Etter ein stor krangel på ein restaurant i North Hollywood kom dei fram til eit kompromiss. Hovuddelen av songen inkluderte orkesterarrangementet og den andre og siste gitarsoloen til Gilmour fekk vere urørt.

Lyddesign

Ezrin og Waters hadde oppsynet med å ta opp lydeffektane som vart brukte på albumet. Waters spelte inn telefonsamtalen som han nytta på den originale demoen av «Young Lust», men sa ikkje i frå til personen han ringde til, Mason, som trudde det var nokon som tulleringde og la på røyret. Ein verkeleg telefonoperatør var òg uvitande med på opptaket. Oppringinga er ein referanse til Waters sitt syn på den bitre skilsmissa hans med den første kona, Judy, i 1975. Waters spelte òg inn lydar langs Hollywood Boulevard med å hengje ein mikrofon ut av vindauget i studioet. Lydteknikaren Phil Taylor spelte inn lyden av skrikande dekk på «Run Like Hell» frå parkeringsplassen ved studioet og lyden av eit fjernsyn som vart øydelagd under «One of My Turns». I Britannia Row Studios spelte Nick Griffiths lyden av knust servise på same song. For lyden av fjernsynssendingane som vart nytta, og ein skodespelar som kjende att stemma si, vart det gjort ein økonomisk avtale med gruppa for å unngå søksmål.

Waters hadde stemma til den rasande skulemeisteren og skodespelarinna Trudy Young hadde stemma til groupien. Fleire artistar song korvokal på albumet. Det var planlagt at Beach Boys skulle syngje korvokal på «The Show Must Go On» og «Waiting for the Worms» men dette vart avlyst av Waters, som i staden berre brukte to av bandmedlemmane frå Beach Boy, Bruce Johnston og Toni Tennille.

Ezrin føreslå å gje ut «Another Brick in the Wall, Part 2» på singel med ein disco-aktig rytme, men møtte i staden motbør frå Gilmour, medan Mason og Waters var meir entusiastiske. Waters var derimot i mot tanken om å gje ut songen på singel, men mjukna opp då han høyrde miksen til Ezrin og Guthrie. Dei følte at dei to identiske versa mangla noko, så ein kopi vart sendt til Griffiths i London som fekk beskjed om å finne nokre born som kunne syngje fleire versjonar av teksten. Griffiths tok kontakt med Alun Renshaw, ein musikklærar ved den nærliggjande skulen Islington Green, som var entusiastisk til ideen og sa: «Eg ønskte å gjere musikken relevant for borna - ikkje berre sitje der å lytte til Tsjaikovskij. Eg tenkte teksten var veldig bra - 'We don't need no education, we don't need no thought control ...' Eg berre tenkte det ville bli ei flott oppleving for elevane.»

Griffiths spelte først inn små grupper av elevar og inviterte så inn fleire. Han bad dei liggje vekt på ein Cockney-aksent og rope heller enn å syngje. Han la innspelingane over på fleire spor, slik at gruppa høyrdest enno større ut, før han sende innspelingane sine attende til Los Angeles. Waters likte resultatet særs godt og songen kom ut på singel, og gjekk til topps på singellista i juleveka. Det vart nokre kontroversar i den britiske pressa då det vart kjend at barna ikkje hadde fått betalt for innspelinga. Dei fekk etter kvart eit eksemplar av albumet og skulen fekk ein donasjon på tusen britiske pund.

Plateomslag

Plateomslaget var det mest minimalistiske Pink Floyd hadde gjeve ut til då - ein kvit mursteinsmur og ingen tekst. Waters hadde hamna på kant med Hipgnosis-designeren Storm Thorgerson nokre år tidlegare då Thorgerson hadde inkludert omslaget på Animals i boka si Walk Away Rene. The Wall er derfor det første plateomslaget deira sidan The Piper at the Gates of Dawn som ikkje vart laga av designergruppa. Seinare vart albumet gjeve ut med artistnamnet og albumittelen på framsida, skriven av teiknaren Gerald Scarfe, anten som eit klistremerke eller trykt på sjølve omslaget, i anten svart eller raudt. Scarfe hadde tidlegare skapt animasjonar for «In the Flesh»-turneen og laga òg kunsten på innsida av omslaget og etiketten på plata, med forskjellige konstruksjonsfasar av muren og karakterar frå soga. Teikningane vart sidan laga om til dokker for The Wall-turrneen og animerte delar av filmen som var basert på albumet.

Utgjeving og mottaking

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusicThe Wall The Wall The Wall The Wall The Wall 
Christgau's Record GuideB–
The Daily TelegraphThe Wall The Wall The Wall The Wall The Wall 
Encyclopedia of Popular MusicThe Wall The Wall The Wall The Wall The Wall 
The Great Rock Discography9/10
MusicHound RockThe Wall The Wall The Wall The Wall The Wall 
The Rolling Stone Album GuideThe Wall The Wall The Wall The Wall The Wall 
Smash Hits8/10
Sputnikmusic5/5

Då det ferdige albumet vart spelt for ei gruppe sjefar i hovudkvarteret til Columbia i California, skal fleire ha vore misnøgd med det dei høyrde. Det hjelpte heller ikkje at Columbia Records tilbaud Waters mindre utgjevarrettar fordi The Wall var eit dobbeltalbum og Waters ikkje godtok dette. Då ein av sjefane tilbaud seg å løyse saka med å kaste mynt, spurte Waters kvifor han skulle gamble med noko han eigde. Han vann sidan fram. Uroa til plateselskapet forsvann då «Another Brick in the Wall Part 2» gjekk til topps på listene i Storbritannia, USA, Noreg, Portugal, Vest-Tyskland og Sør-Afrika. Det selde til platinaplate i Storbritannia i desember 1979 og i USA tre månader seinare.

The Wall kom ut i Storbritannia og USA den 30. november 1979. Samstundes med utgjevinga vart Waters intervjua av den erfarne radioprogramleiaren Tommy Vance, som spelte heile albumet frå start til slutt på BBC Radio 1. Albumet fekk blanda kritikk då det kom ut, der The Village Voice-kritikaren Robert Christgau kalla det «ei idiotisk episk soge om prøvingane til ei rockestjerne» akkompagnert av «kitschy minimal maksimalisme med lydeffektar og talefragment», medan Rolling Stone-kritikaren Kurt Loder kalla det «ei makelaus syntese av Waters sine no kjende, tematiske lidenskapar», og Melody Maker skreiv «eg er ikkje sikker på om det er glimrande eller frykteleg, men eg syns det er særs uimotståeleg.» Uansett toppa albumet Billboard-lista i heile 15 veker, og selde over ein million eksemplar i løpet av dei to første månadane. I 1999 vart det sertifisert til 23x platina. Det er eit av dei bestseljande albuma gjennom tidene i USA, og mellom 1979 og 1990 selde det over 19 millionar eksemplar verda over. The Wall er det bestseljande albumet til Pink Floyd etter The Dark Side of the Moon frå 1973. Lydteknikaren James Guthrie vann Grammyprisen i 1981 for beste lydteknikar. I følgje Acclaimed Music er The Wall i snitt rangert på 145. plassen over listene til kritikarar over dei beste platene gjennom tidene. Rolling Stone plasserte albumet på 87. plassen på lista si over dei 500 beste albuma gjennom tidene i 2003.

Nyutgjevingar

I 1994 kom ei digitalt ommastra utgåve på CD, produsert i Kina utan «Young Lust», men framleis med songen oppført i omslaget. Albumet vart ommastra i tre versjonar som ein del av Why Pink Floyd...?-kampanjen av James Guthrie. I 2011 kom ei «Discovery»-utgåve med den ommastra utgåva utan noko ekstra. I 2011 kom det to versjonar til. «Experience»-utgåva hadde ei bonusplate med materiale som ikkje var gjeve ut før og andre supplerande saker. «Immersion»-versjonen var ei samling på sju plater med videomateriale i tillegg. Albumet kom ut på ny på Pink Floyd Records den 26. august 2016 i lag med The Division Bell.

Turné

The Wall 
Waters (i rampelyset), kledd i militærustyr under framføringa av The Wall – Live in Berlin i 1990,

The Wall-turneen opna i Los Angeles Memorial Sports Arena den 7. februar 1980. Medan bandet spelte vart det gradvis reist ein 13 meter høg mur mellom dei og publikum. Fleire karakterar frå albumet var ein del av showet som store oppblåsbare dokker, inkludert ein gris med eit symbol der to hammarar kryssa kvarandre. Scarfe fekk i oppgåve å skape ei rekkje animasjonar som vart projiserte på muren. I studioet sitt i London tilsette han eit team på 40 animatørar til å skape marerittaktige bilete av framtida, inkludert ei fredsdue som eksploderer til ei ørn, i tillegg til bilete av ein skulemeister og mora til Pink.

For «Comfortably Numb», medan Waters song opningsverset sitt, venta Gilmour i mørkret på toppen av muren og balanserte på ei hydraulisk plattform medan han vart halde fast av ein scenearbeidar. Gilmour framførte så gitarsoloen der oppe, opplyst i blått og kvitt lys. Mot slutten av konserten kollapsa muren og bandet kom til syne att. I lag med songane på albumet vart det spelt ein instrumental medley, kalla «The Last Few Bricks», som vart spelt føre «Goodbye Cruel World» slik at scenearbeidarane fekk tid til å fullføre muren. Bandet spelte òg «What Shall We Do Now?», som det ikkje var plass til på albumet.

Under turneen nådde forholdet mellom bandmedlemmane eit rekordlågt nivå. Dei hadde fire bubilar som var parkerte i ein sirkel, der dørene vendte ut frå sirkelen. Waters kom i eigen bil til spelestadane og budde på eit anna hotell enn resten av bandet. Wright kom attende som innleigd musikar og var den einaste frå bandet som tente noko på turneen, som gjekk med eit underskot på kring 400 000 britiske pund.

Andre versjonar

The Wall 
Frå konserten på Potsdamer Platz, Berlin, 1990, der Berlinmuren nyleg var riven. Musikken er gjeve ut på The Wall Live in Berlin.

Ein filmversjon, Pink Floyd – The Wall, kom i juli 1982. Han var skriven av Waters og regissert av Alan Parker, med Bob Geldof i rolla som Pink. Animasjonane til Scarfe vart nytta i lag med skodespelarane og det var lite vanleg dialog. Eit modifisert lydspor vart nytta for somme av songane i filmen.

I 1990 skapte Waters og produsenten Tony Hollingsworth The Wall – Live in Berlin, ein veldedig konsert på staden der Berlinmuren ein gong hadde stått. Frå 2010 til 2013 framførte Waters albumet på ein verdsturné. Denne hadde ein mykje breiare mur og nye, toppmoderne projeksjonar. Gilmour og Mason spelte på ein konsert i London på The O2 Arena. Ein film av konserten, Roger Waters: The Wall, kom ut i 2015.

I 2016 tilpassa Waters The Wall til ein opera, Another Brick in the Wall: The Opera i lag med den klassiske komponisten Julien Bilodeau. Denne hadde premiere på Opéra de Montréal i mars 2017 og vart produsert av Cincinnati Opera i juli 2018. Han er orkestrert for åtte soloistar, 48 kormedlemmar og eit standard 70-mann stort operaorkester.

Innhald

Alle spor er skrivne av Roger Waters, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelSolovokalLengd
1.«In the Flesh?»Waters3:16
2.«The Thin Ice»Waters, Gilmour2:27
3.«Another Brick in the Wall, Part 1»Waters3:11
4.«The Happiest Days of Our Lives»Waters1:46
5.«Another Brick in the Wall, Part 2»Waters, Gilmour3:59
6.«Mother»Waters, Gilmour5:32
Total lengd:20:11
Side to
Nr.TittelSolovokalLengd
1.«Goodbye Blue Sky»Gilmour2:45
2.«Empty Spaces»Waters2:10
3.«Young Lust» (Waters, Gilmour)Gilmour3:25
4.«One of My Turns»Waters3:41
5.«Don't Leave Me Now»Waters4:08
6.«Another Brick in the Wall, Part 3»Waters1:18
7.«Goodbye Cruel World»Waters1:16
Total lengd:18:43
Side tre
Nr.TittelSolovokalLengd
1.«Hey You»Gilmour, Waters4:40
2.«Is There Anybody Out There?»Waters, Gilmour2:44
3.«Nobody Home»Waters3:26
4.«Vera»Waters1:35
5.«Bring the Boys Back Home»Waters1:21
6.«Comfortably Numb» (Gilmour, Waters)Gilmour, Waters6:23
Total lengd:20:09
Side fire
Nr.TittelSolovokalLengd
1.«The Show Must Go On»Gilmour1:36
2.«In the Flesh»Waters4:15
3.«Run Like Hell» (Waters, Gilmour)Waters, Gilmour4:20
4.«Waiting for the Worms»Waters, Gilmour4:04
5.«Stop»Waters0:30
6.«The Trial» (Waters, Ezrin)Waters5:13
7.«Outside the Wall»Waters1:41
Total lengd:21:39

Medverkande

Pink Floyd

Andre medverkande

  • Bruce Johnston – korvokal
  • Toni Tennille – korvokal på «The Show Must Go On» og «Waiting For The Worms»
  • Joe Chemay – korvokal
  • Jon Joyce – korvokal
  • Stan Farber – korvokal
  • Jim Haas – korvokal
  • Bob Ezrin – piano, Hammondorgel, synthesizer, pumpeorgel, korvokal
  • James Guthrie – perkusjon, synthesizer, lydeffektar
  • Jeff Porcaro – trommer på «Mother»
  • Elevar ved Islington Green School – vokal på «Another Brick in the Wall Part II»
  • Joe Porcaro – skarptromme på «Bring the Boys Back Home»
  • Lee Ritenour – rytmegitar på «One of My Turns», ekstra akustisk gitar på «Comfortably Numb»
  • Joe (Ron) di Blasi – klassisk gitar på «Is There Anybody Out There?»
  • Fred Mandel – Hammondorgel på «In The Flesh?» og «In the Flesh»
  • Bobbye Hall – conga og bongo på «Run Like Hell»
  • Frank Marrocco – concertina på «Outside the Wall»
  • Larry Williams – klarinett på «Outside the Wall»
  • Trevor Veitch – mandolin på «Outside the Wall»
  • New York Orchestra – orkester
  • New York Opera – kor
  • Vicki Brown og Clare Torry (berre oppført som «Vicki & Clare») – korvokal
  • Harry Waters – barnestemme på «Goodbye Blue Sky»
  • Chris Fitzmorris – mannleg telefonstemme
  • Trudy Young – stemme til groupie
  • Phil Taylor – lydeffektar

Produksjon

  • David Gilmour – med-produsent
  • Roger Waters – med-produsent
  • Bob Ezrin – produsent, orkesterarrangement, musikk på «The Trial»
  • Michael Kamen – orkesterarrangement
  • James Guthrie – med-produsent, lydteknikar
  • Nick Griffiths – lydteknikar
  • Patrice Quef – lydteknikar
  • Brian Christian – lydteknikar
  • Rick Hart – lydteknikar
  • Doug Sax – mastering
  • John McClure - lydteknikar
  • Phil Taylor – lydutstyr
  • Gerald Scarfe – design
  • Roger Waters – design
  • Joel Plantes – mastering

Salslister og salstrofé

Album

Liste (1979–80) Plassering
Australia (Kent Music Report) 1
Austerrikske album (Ö3 Austria) 1
Canada Top Albums/CDs (RPM) 1
Nederlandske album (MegaCharts) 1
Tyske album (Offizielle Top 100) 1
Newzealandske album (Recorded Music NZ) 1
Norske album (VG-lista) 1
Spanske album (AFE) 1
Svenske album (Sverigetopplistan) 1
Britiske album (OCC) 3
US Billboard 200 1
Liste (1990) Plassering
Nederlandske album (MegaCharts) 19
Liste (2005–06) Plassering
Austerrikske album (Ö3 Austria) 11
Belgiske album (Ultratop Flandern) 85
Belgiske album (Ultratop Vallonia) 81
Danske album (Hitlisten) 19
Finske album (Suomen virallinen lista) 21
Italienske album (FIMI) 13
Spanske album (PROMUSICAE) 9
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade) 29
Liste (2011–12) Plassering
Australske album (ARIA) 20
Austerrikske album (Ö3 Austria) 15
Belgiske album (Ultratop Flandern) 44
Belgiske album (Ultratop Vallonia) 20
Tsjekkiske album (CNS IFPI) 7
Danske album (Hitlisten) 10
Nederlandske album (MegaCharts) 15
Finske album (Suomen virallinen lista) 17
Franske album (SNEP) 12
Tyske album (Offizielle Top 100) 4
Irske album (IRMA) 38
Italienske album (FIMI) 4
Newzealandske album (Recorded Music NZ) 14
Norske album (VG-lista) 10
Polske album (ZPAV) 30
Portugisiske album (AFP) 10
Spanske album (PROMUSICAE) 15
Svenske album (Sverigetopplistan) 13
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade) 8
Britiske album (OCC) 22
US Billboard 200 17

Singlar

Dato Singel Liste Plassering Kjelder
23. november 1979 «Another Brick in the Wall (Part 2)» UK Top 40 1
7. januar 1980 «Another Brick in the Wall (Part 2)» US Billboard Pop Singles 1
9. juni 1980 «Run Like Hell» US Billboard Pop Singles 53
Mars 1980 «Another Brick in the Wall (Part 2)» VG-lista i Noreg 1

Salstrofé

Land Sertifisering Salstal Siste sertifiseringsdato Kommentar Kjelde(r)
Argentina Platina 200 000 23. august 1999
Australia 11× platina 770 000 2011
Brasil Platina 80 000
Canada 2× diamant 2 000 000 31. august 1995
Frankrike Diamond 1 576 100 1991
Tyskland 4× platina 2 000 000 1994
Hellas 100 000
Italia 3× platina 150 000 2016 sal av Parlophone-utgåva
Italia 1× platina 50 000 2011 sal av EMI MKTG-utgåva
New Zealand RMNZ 14× platina 210,000 29. januar 2011
Polen Platina 100 000 29. oktober 2003
Spania Platina 100 000 1980
Storbritannia 2x Platina 600 000 22. juli 2013
USA RIAA 23× platina 11 500 000 29. januar 1999
USA Soundscan   5 381 000 29. august 2008 Mars 1991 – August 2008

Kjelder

Bakgrunnsstoff

The Wall  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: The Wall


Føregangar
Hydra
Toto
Toppen av VG-lista
Pink Floyd

22 veker, Veke 50, 1979–veke 18, 1980
Etterfylgjar
Rêveries / Träumereien
Richard Clayderman

Tags:

The Wall BakgrunnThe Wall Konsept og sogeThe Wall ProduksjonThe Wall PlateomslagThe Wall Utgjeving og mottakingThe Wall NyutgjevingarThe Wall TurnéThe Wall Andre versjonarThe Wall InnhaldThe Wall MedverkandeThe Wall Salslister og salstroféThe Wall KjelderThe Wall BakgrunnsstoffThe Wall

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Josef StalinKronografHolbækSpesifikk varmekapasitetFriluftslivBybanen i BergenHound DogPippi LangstrømpeUnicodeMetanolBautasteinIslandske nasjonaldrakterFilmen Land og fridomReidar JohansenMoldedialektNile RodgersAustralopithecusJens StoltenbergOprah WinfreyMoskva918ÅkerbærChristianiaTuonelaVictoria av StorbritanniaMaren LundbyBrasilNasjonaldraktSylvi ListhaugGrønlandDei fem K-ane i sikhismenRafaelKopplamIvar AasenHillary ClintonKvikksølvOrbitalCelina Midelfart16. maiDet norske flaggetSionismeAlderspensjonNasjonalrettOlivia Rodrigo20. aprilGezer regionale kommuneCharcot CoveFreddie MercuryLeksikonMKristiansund BallklubbDonald TrumpApplaus1300-taletBrunAnette HoffHTMLSilkehegrePlantarTarasåsenAndreas BlochSamleieTutankhamonA Collection of Great Dance SongsClaudio LangesThorleif HaugBelgiaHar SedomStyresettReligiøse nasjonalsymbolPogóniBook of KellsProduksjonCommunist Party of Great BritainFrankrike🡆 More