Mazandaran (persisk استان مازندران, Ostān-e Māzandarān/Ostâne Mâzandarân) er ein av 31 provinsar i Iran, langs sørkysten av Kaspihavet og like ved Alborzfjella sentralt i det nordlege Iran.
Med klokka grensar han til Golestan, Semnan, Teheran, Alborz, Qazvin og Gilan. Sari er den største byen og hovudbyen i provinsen.
Māzandarān | |||
استان مازندران | |||
Provins | |||
Land | Iran | ||
---|---|---|---|
Region | Region 1 | ||
Fylke | 22 | ||
Hovudstad | Sari | ||
Areal | 23 833 km² | ||
Folketal | 3 073 943 (2011) | ||
Folketettleik | 129 / km² | ||
Tidssone | IRST (UTC+03:30) | ||
- Sommartid | IRST (UTC+04:30) | ||
Språk | mazandarani, persisk, gilaki | ||
Mazandaran 36°33′56″N 53°03′32″E / 36.5656°N 53.0588°E | |||
Wiki Commons: Mazandaran Province | |||
Mazandaran er ein av dei tettast folkesette provinsane i Iran og har forskjellige naturressursar, særleg store olje- og naturgassreservoar. Dei fire største fylka i provinsen er Sari, Babol, Amol og Qaemshahr. Provinsen vart grunnlagd i 1937 og han vart erklært den andre moderne provinsen etter naboprovinsen Gilan.
Naturen er variert med sletter, præriar, skogar og regnskogar som strekkjer seg frå sandstrendene ved Kaspihavet til dei kuperte og snødekte Elburz, inkludert Damavand, eit av dei høgaste fjella og vulkanane i Asia.
Mazandaran er ein stor produsent av oppdrettsfisk, og akvakultur er eit viktig økonomisk bidrag til det tradisjonelle jordbruket. Ei anna viktig næring er turistindustrien og folk frå heile Iran kjem og vitjar dette området. Mazandaran er òg eit blømande senter for bioteknologi og ingeniørvitskap.
Det har budd menneske i området i minst 75 000 år. Nyare utgravingar i Goher Tippe synte at området har vore urbanisert i meir enn 5000 år og området vert i dag rekna som ein av dei viktigaste historiske stadane i Iran. Han har spelt ei viktig rolle i kulturell og urban utvikling i regionen.
Innfødde folk i regionen omfattar dei etniske mazanderanarane som snakkar eit iransk språk som liknar med på gilaki og sangiseri.
Det er ofte snøfall i Elburz-området, som går parallelt til sørkysten av Kaspihavet. Fjella deler provinsen i mange isolerte dalar. Provinsen har eit moderat, subtropisk klima med ein middeltemperatur på 25 °C om sommaren og kring 8 °C om vinteren. Det kan falle mykje snø i fjella om vinteren, men sjeldan ved havnivå.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Mazandaran, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.