Lyder Wentzel Nicolaysen (3.
mai">3. mai 1794–1. august 1876) var ein norsk kjøpmann og stortingsmann frå Bergen. Han var far til Nicolay Nicolaysen.
Lyder Nicolaysen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 3. mai 1794 Bergen |
Død | |
Yrke | handelsmannn, politikar |
Nicolaysen var son til ein kjøpmann og var sjølv kjøpmann i heimbyen frå 1818. I tida 1836-54 var han medeigar i firmaet N. Nicolaysen & Co. og børskommissær.
Nicolaysen møtte på Stortinget både i 1830, 1839 og 1845 som vald representant frå Bergen. Dessutan deltok han på Stortinget 1836 og Omframtstortinget 1836-37 som fyrste varamann. Han var medlem 1830 og 1836 i Bankkomiteen. Elles var han i 1830 medlem av «komiteen om de finmarkske forhold», 1836 sekretær i komiteen om brannvesenet i byane og medlem av Gasjekomiteen og i komiteen om flagget. På stortinga 1839 og 1845 hadde han plass i Budsjettkomiteen.
Nicolaysen var frå 1838 med i det fyrste bystyret i Bergen, og vart verande bystyremedlem til 1847. Frå 1842 var han styremedlem i Noregs Bank si Bergens-avdeling i 28 år. I 1843 var han medlem i ein departemental komite som såg på vrakarvesenet.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Lyder Nicolaysen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.