Liveigenskap var eit slaveriliknande system for jordbrukarar i store delar av Europa i mellomalderen.
Dei liveigne jordbrukarane var underlagt ein godseigar, og dette tilhøvet vart overført gjennom arv. Eit kjenneteikn på ein liveigen var at jordbrukaren ikkje kunne flytta utan løyve frå godseigaren. På den andre sida kunne godsherren ofte heller ikkje tvinga jordbrukaren til å flytta. Ein liveigen skilde seg frå ein slave i og med at ingen eigde den liveigne direkte. Trass i dette var ein liveigen personleg knytt til eit landområde, eit gods eller ein storgard. Den liveigne måtte arbeida for godseigaren og betala ei årleg avgift, mot å få dyrka eit jordstykke.
Liveigenskapen vart avskaffa fram mot slutten av 1700-talet i store delar av Europa. I Frankrike vart liveigenskapen avskaffa i samband med den franske revolusjonen. I Russland vart ordninga avskaffa i 1861. I Sverige (med Finland), Noreg og Sveits vart ikkje liveigenskap innført.
I Sverige (med Finland) hadde ein statare som hadde sitt motsvar i Danmark indsidder.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Liveigenskap, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.