Husmann

Husmann er ei nemning på ein jordbrukar som leigde eit ikkje særskilt matrikulert (skattlagt) jordstykke av ein gardbrukar.

Som motyting måtte husmannen arbeida for gardeigaren, eller betala leige, eller begge delar.

Husmann
Husmannsplass på Glomdalsmuseet. Stua er frå Hof i Åsnes og bygd rundt 1850.
Foto: Jensens

Husmenn utan arbeidsplikt var meir vanleg på Vestlandet («bygselshusmenn»), og stod sosialt sterkare enn arbeidshusmennene på Austlandet. Tilhøvet mellom gardeigaren og humannen kunne verta regulert i ei husmannskontrakt. Om jordstykket (husmannsplassen) var stort nok til å leva av, kunne husmannen verta kalla «husmann med jord». Ein «husmann utan jord» leigde berre eit lite jordstykke, stort nok til å bu på. Ein husmann som berre leigde hus nedmed sjøen vart kalla «strandsitjar». Ein husmann måtte ofte ha anna arbeid for å klara seg, til dømes innan fiskeri eller handverk. Husmannsvesenet i Noreg utvikla seg frå 1600-talet, og hadde ein topp midt på 1800-talet. Husmenn hadde ikkje røysterett før allmenn røysterett for menn vart innført i 1898.

I 1928 kom det ei lov som gav husmennene rett til å kjøpe tomta som huset deira stod på, og utover første halvdel av 1900-talet vart husmannsvesenet avvikla. Dei husmennene som var att på landsbygda, og som ikkje hadde fare derifrå og vorte anleggs- eller industriarbeidarar, fekk då kjøpe ut husmannsplassen og omgjorde han til sjølvstendig småbruk. Det var framleis i mange bygder sosiale og andre skilje mellom (større) bønder og småbrukarar. Skiljet mellom «gard» og «småbruk» kunne i somme bygder gå på om jordbrukaren hadde hest eller ikkje.

Referansar

Bakgrunnsstoff

Tags:

GardbrukarJordbrukarMatrikkel

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

TjeldDei fem K-ane i sikhismenFargespekterParagrafRegjeringThor HeyerdahlMS «Vega» (1938)Tidslinje over norsk historieKommunismeSpaniaVictoria av StorbritanniaTorgeir Knag FylkesnesMarie AntoinetteStrilamålSikhismenCubaStillehavetKristian IV av Danmark-NoregTommeDet tredje riketHermeneutikkKonservativKvadratkilometerPromakhónasBlåmann BarnebokklubbOttesens SkipsbyggeriAnna MolbergStord kommuneDei fire årstideneKirunaJoseph HaydnNatriumStjernebiletet OrionMarian DrăgulescuAsbjørnsen og MoeEtanLemmingLand i Eurovision Song ContestFin GnattChris BrownOddNordfjordeidIrakNorsk ytre språkhistorieLeireBlåmannKorallRagnar LodbrokTwitterCristiano RonaldoHavørnSang til BergenPetter ThoresenKlitorisTutankhamonOslo rådhusPolarlysDet italienske flaggetSvart kattHardangerfjordenKjempeviseslåttenRSSBokmålAztekararOdalizerRagnhild HagaFilmmanusPippi LangstrømpeNikolaus KopernikusGrønlandNato-alfabetetNew York byEMidsommarDavid CameronNasjonalrettJantelovenSvenska flaggans dag🡆 More