Hyasintara: Art av papegøyefuglar

Hyasintara (Anodorhynchus hyacinthinus) er ein ara i papegøyefamilien.

Hyasintara
Hyasintara i dyrepark Foto: Hank Gillette
Hyasintara i dyrepark
Foto: Hank Gillette
Utbreiing og status
Status i verda: VU SårbarUtbreiinga av hyasintara
Utbreiinga av hyasintara
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Psittaciformes
Familie: Psittacidae
Slekt: Anodorhynchus
Art: Hyasintara A. hyacinthinus
Vitskapleg namn
Anodorhynchus hyacinthinus
Latham, 1790

Han høyrer heime i det sentrale Sør-Amerika. Dette er den største ara og den største flygande papegøyearten, berre arten kakapoNew Zealand har større kroppsvekt. Han kan forvekslast med den mindre indigoara. Habitattap og fangst av ville fuglar for dyrehandel har redusert bestanden i naturen, så arten er klassifisert som sårbar i raudlista til IUCN og han er verna av konvensjonen om internasjonal handel med trua artar av vill fauna og flora, CITES.

Hyasintara: Art av papegøyefuglar
Nærbilete hovud, fugl i fangenskap
Foto: Jud McCranie

Skildring

Med ei kroppslengde målt frå nebb til halespiss på omtrent ein meter er han lengre enn nokon andre papegøyeart. Vekta er rundt 1,5 kilogram. Halen er lang og spiss. Fjørene er heilt blå, lysare på oversida. Likevel kan nakkefjørene nokon gonger synast litt grå. Ringen rundt auga til papegøyane og området rett under nebbet er ein sterkt gulfarga.

Leveområdet er både tørre savanneområde og regnskogsområde i austlege Amazonas og i våtmarksområdet Pantanal.

Størstedelen av hyasintara-dietten er palmenøtter. Dei beitar på ulike artar tilgjengelege i det aktuelle leveområdet, til dømes av slekta Mauritia. Nebbet er ekstremt tilpassa det å knuse harde nøtter for å få tilgjenge på kjernar. Dei kan jamvel ete frukt og sniglar.

Hyasintaraer lever i livslange pardanningar. Hekking skjer i hole tre eller i holar i fjellskrenter i nordaustre Brasil. Kulla er vanlegvis 2 egg, nokre gonger tre, rugetida er rundt fire veker og ungane er i reiret i opptil 110 dagar. Dei hekkar ikkje kvart år, og predasjonen er stor slik at gjennomsnittleg ein unge overlever per kull.

Storleiken på populasjonen er estimert til 6500 individ per 2003 og er trudd å vere minkande. Det er framleis trugsmål mot arten frå jakt, fangst og tap av habitat.

Kjelder

    Referansar

Bakgrunnsstoff

Hyasintara: Art av papegøyefuglar  Commons har multimedium som gjeld: Hyasintara

Tags:

AraerCITESIUCNIndigoaraKakapoNew ZealandPapegøyefamilienSør-Amerika

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

EngelskTanjung MorawaBedehuset Bethel på JudabergShogunKriminalitetGruppa KroviItaliaØrnJesusTyskland2019Hydrogen25. aprilJa, vi elsker dette landetLeonardo da VinciTriasEnzymFirenzeSørlandetSosialdemokratiNihilismeCyanCubaJessica DigginsNordfjordeidKnut Jørgen Røed ØdegaardJohannes KlæboBjørn Arild GramPandaVolda kommuneTelekommunikasjonKumøkkHumleGrunnstoffliste etter atomnummerNorsk folkedansCate BlanchettMorfologi i biologiVoss heradKnapstadHøgnorskKonflikten mellom Wergeland og WelhavenOphiocordyceps unilateralisFlammepunktØstenstadHaltiAbdusamet YigitNitrogen2016Vardø kommuneJomfruInternasjonal telefonkodeSexyBergen kommuneHol kommuneVictoria av SverigeJonsokOffentleg eigedomArne SørliLand i Eurovision Song ContestBulgariaKonfutseProgrammeringsspråket JavaGåsDet australske flaggetSandveRøyslandAlbert ÅbergMorsdagInformasjonsteknologiHønefossEselOperatunnelenHepatitt B🡆 More