Herbjørg Margrethe Wassmo, kjend som Herbjørg Wassmo (fødd 6.
desember">6. desember 1942) er ein norsk forfattar.
Herbjørg Wassmo | |
Herbjørg Wassmo Foto: Mogens Engelund (2014) | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 6. desember 1942 (81 år) Vesterålen |
Yrke | skribent, lyrikar, romanforfattar |
Herbjørg Wassmo på Commons |
Wassom er fødd på Myre i Øksnes kommune i Vesterålen og er utdanna lærar.
Ho debuterte som forfattar med diktsamlinga Vingeslag i 1976. Det litterære gjennombrotet fekk ho med romanen Huset med den blinde glassveranda i 1981, boka var første del i triologien om Tora, dei andre bøkene i serien heiter Det stumme rommet og Hudløs himmel. For Hudløs himmel fekk Wassmo Nordisk Råds litteraturpris. Serien om den incestutsette tyskarungen Tora vart ein stor publikumssuksess. Det vart også serien om Dina, Dinas bok, Lykkens sønn og Karnas arv. Dinas bok vart i 2002 filmatisert som I am Dina med Maria Bonnevie og Gérard Depardieu i leiande rollar.
Bøkene hennar er vorte omsette til ei rekkje språk.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Herbjørg Wassmo, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.