«Thank You Girl»
«From Me to You» Singel av The Beatles | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 11. april 1963 | |
Innspelt | 5. mars 1963 | |
Sjanger | Beat | |
Lengd | 1:56 | |
Selskap | Parlophone R5015 (UK) Vee-Jay VJ 522 (USA) | |
Komponist | John Lennon, Paul McCartney | |
Tekstforfattar | John Lennon, Paul McCartney | |
Låtskrivar(ar) | McCartney-Lennon | |
Produsent | George Martin | |
The Beatles-kronologi | ||
«Please Please Me» (1963) | «From Me to You» | «She Loves You» (1963)
|
«From Me to You» er ein song skrive av John Lennon og Paul McCartney og gjeve ut av The Beatles som singel i 1963. Singelen var den første singelen til Beatles som gjekk til topps i Storbritannia.
Lennon og McCartney starta på skrive «From Me to You» på ein buss til Shrewsbury under ein turne med Helen Shapiro. Dei hadde lese magasinet New Musical Express og merka seg innsendardelen i magasinet der det stod: From You to Us.
Songen består av fire vers og to mellomspel. Den siste halvdelen av kvart vers er eit slags mini-refreng. Lennon speler munnspelsoloar i byrjinga, midten og slutten av songen. Det same gjorde han på «Love Me Do». Det var produsent George Martin sin idé å opne songen med «da da da da da dum dum da». Gruppa meinte det var uvanleg, men valde å stole på Martin.
If there's anything that you want, Lennon/McCartney |
Songen vart spelt inn 5. mars 1963 i Abbey Road Studios og 11. april vart han gjeve ut som singel i Storbritannia med «Thank You Girl» som B-side. Ni dag seinare gjekk han inn på den britiske singellista, der han skulle ligge i 21 veker, sju av dei på førsteplass. Sjølv om songen offisielt er den første Beatles-songen som gjekk til topps i heimlandet, hadde «Please Please Me» nådde førsteplassen på mange av dei andre listene i Storbritannia, men berre andreplass på Record Retailer si liste, som er den offsielle i Storbritannia på denne tida. I USA nådde songen berre 116. plass då han først vart gjeve ut i mai 1963. Singelen vart derimot gjeve ut på ny i januar 1964 og denne gongen klatra han til 41. plass. Sommaren 1963 låg songen ei veke på Topp 10 på VG-lista i Noreg med 9. plass som høgaste plassering.
Seinare i 1963 gav Del Shannon ut ei utgåve av songen som nådde 77. plass på singellista i USA.
Liste (1963–64) | Plassering |
---|---|
Australia (Kent Music Report) | 9 |
Irland (IRMA) | 1 |
New Zealand (Lever Hit Parade) | 1 |
Noreg (VG-lista) | 9 |
UK Singles (Official Charts Company) | 1 |
US Bubbling Under Hot 100 Singles (Billboard) | 116 |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article From Me to You, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.