Do You Want To Know A Secret

«Thank You Girl»

Do You Want to Know a Secret?
av The Beatles
frå albumet Please Please Me
B-side

Språk engelsk
Utgjeve 22. mars 1963
Innspelt 11. februar 1963,
EMI Studios, London
Sjanger pop
Lengd 1:56
Selskap Parlophone (album), Vee-Jay (singel)
Komponist John Lennon, Paul McCartney
Tekstforfattar John Lennon, Paul McCartney
Låtskrivar(ar) Lennon–McCartney
Produsent George Martin
The Beatles sine amerikanske singlar-kronologi 
«Can't Buy Me Love»
(1964)
Do You Want to Know a Secret? «Love Me Do»
(1964)


«Do You Want to Know a Secret?» er ein song av den engelske rockegruppa The Beatles frå albumet Please Please Me i 1963, sungen av George Harrison. I USA var songen den første songen med Harrison på vokal som gjekk inn på Topp 10 på singellista, då han nådde andreplassen på Billboard-ista i 1964.

Komposisjon

«Do You Want to Know a Secret?» vart skriven hausten 1962, hovudsakleg av John Lennon, men tilskriven Lennon–McCartney. Versjonen frå 1963 av Billy J. Kramer and the Dakotas (som nådde andreplassen i Storbritannia) er tilskriven «McCartney-Lennon». Songen var inspirert av «I'm Wishing», ein melodi frå Walt Disney-filmen Snow White and the Seven Dwarfs frå 1937, som mor til Lennon, Julia, song til han som barn. Dei første to linjene i songen i Disney-filmen («Want to know a secret? Promise not to tell?») kom rett etter opningsteksten («You'll never know how much I really love you... You'll never know how much I really care...»). McCartney har sagt at «dei skriv songen likt om likt» for Harrison til å syngje, medan Lennon i 1980 sa at han skreiv songen aleine og fann ut då songen var ferdig at han høvde best for Harrison.

Innspeling

I 1980 sa Lennon at han gav «Do You Want to Know a Secret?» til Harrison fordi songen «berre hadde tre notar og han er ikkje den beste songaren i verda», men la til «han har kome seg mykje sidan den gongen». Songen vart spelt inn i løpet av ei ti timar lang innspeling den 11. februar 1963 i lag med ni andre songar for Please Please Me. Harrison song to songar på Please Please Me — denne av Lennon–McCartney og «Chains» av Goffin/King. «Don't Bother Me» var den første songen Harrison skreiv for Beatles, og kom ut på det neste albumet, With The Beatles.

Singelutgåva

«Do You Want to Know a Secret?» kom ut på singel eit år seinare på Vee-Jay i USA, den 23. mars 1964, og nådde andreplassen bak ein annan Beatles-song, «Can't Buy Me Love» på Billboard-lista, og tredjeplassen på Cash Box-lista. I USA var dette den mest suksessrike Beatles-songen som Harrison song på, fram til «Something» nådde toppen av singellista i 1969.

Medverkande

Lydteknikar var Norman Smith

Personell per Walter Everett og John Winn

Salslister og salstrofé

Salslister

Liste (1964) Plassering
Tyske Media Control-lista 34
US Billboard Hot 100 2
US Cash Box Top 100 3

Salstrofé

Region Salstrofé Salstal
USA (RIAA) Gull 1 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Billy J. Kramer-versjonen

Do You Want to Know a Secret?
Singel av Billy J. Kramer with the Dakotas
frå albumet Little Children
B-side

«I'll Be on My Way» (Lennon–McCartney)

Språk engelsk
Utgjeve 26. april 1963
Innspelt 1963
Sjanger pop, beat
Lengd 2:01
Selskap Parlophone (UK)
Imperial (US)
Komponist John Lennon, Paul McCartney
Tekstforfattar John Lennon, Paul McCartney
Låtskrivar(ar) Lennon–McCartney
Produsent George Martin
Billy J. Kramer with the Dakotas-kronologi 
Do You Want to Know a Secret? «Bad to Me»
(1963)


The Beatles-versjonen kom aldri ut på singel i Storbritannia, der ein versjon av Billy J. Kramer with the Dakotas (i lag med «I'll Be on My Way», Parlophone R5023, 26. april 1963) nådde andreplassen på Record Retailer-lista og førsteplassen på NME-lista (nytta av Radio Luxembourg) og BBC si Pick of the Pops-liste. Songen kom òg ut på albumet Little Children. Han nådde åttandeplassen på den irske singellista.

Salslister

Liste (1963) Plassering
Storbritannia (Record Retailer) 2
Storbritannia (NME) 1

Andre versjonar

Alvin and the Chipmunks spelte inn songen i 1964 for albumet The Chipmunks Sing the Beatles Hits.

Songen nådde toppen av Billboard-lista igjen i 1981 og andreplassen i Storbritannia med ein versjon av Stars on 45, som spelte songen som ein del av ein medley.

Kjelder

Tags:

Do You Want To Know A Secret KomposisjonDo You Want To Know A Secret InnspelingDo You Want To Know A Secret SingelutgåvaDo You Want To Know A Secret MedverkandeDo You Want To Know A Secret Salslister og salstroféDo You Want To Know A Secret Billy J. Kramer-versjonenDo You Want To Know A Secret Andre versjonarDo You Want To Know A Secret KjelderDo You Want To Know A SecretThank You Girl

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Idas sommarvisaAtle HansenElefantTromsø kommuneSentral-Kérkyra og dei diapontiske øyaneAustraliaScrabbleLike-til-likeGudbrandsdalenTanjung MorawaIndiaStèreKate BushSiderKjøttmeisDorídaAn-MagrittLudvig XVI av FrankrikeJordskorpeplateYatzySauUnicornDei fire årstideneHaakon Magnus av NoregBosnia-HercegovinaPjotr TsjajkovskijBjørkefinkSeth MacFarlaneDen sahrawiske arabiske demokratiske republikkenThorbjørn JaglandErik AndersenOslo kommuneKristian IV av Danmark-NoregKorrespondentDonald TrumpPanterSharp Dressed ManHydrogenCarles PuigdemontGoHollandOlivettiJølster kommuneKyrá PanajáNiseByar i HellasAsbjørnsen og MoeLagerthaLangfredagAdolf HitlerSamfunnRSSBuddhistiske høgtiderPolenGro Harlem Brundtland1. divisjon fotball for mennDen kinesiske murenMagnus CarlsenStrilelandetMauringAitikgruvaElvar i RusslandPeter BoszTorskPetter NorthugSportsklubben FalkenSur nedbørSverigeAnders VassbotnFeltleirar i AntarktisSlaveSexy🡆 More