Love Me Do

«P.S.

«Love Me Do»
Singel av The Beatles
frå albumet Please Please Me
B-side

I Love You">P.S. I Love You»

Språk engelsk
Utgjeve 5. oktober 1962
Innspelt Abbey Road Studios:
6. juni, 4. og 11. september 1962
Sjanger Beat
Lengd 2:22
Selskap Parlophone R4949
Tollie 9008
Komponist John Lennon, Paul McCartney
Tekstforfattar John Lennon, Paul McCartney
Låtskrivar(ar) Lennon/McCartney
Produsent George Martin
The Beatles-kronologi 
-- «Love Me Do» «Please Please Me»
(1963)


«Love Me Do» er ein av dei første songane til The Beatles og den første singelen dei gav ut. Han vart i hovudsak skrive av Paul McCartney i 1958–59, medan dei framleis gjekk på skulen. John Lennon skreiv mellomspelet. Songen vart gjeve ut med I Love You">P.S. I Love You» som B-side den 5. oktober 1962. Då singelen først vart gjeve ut i USA klarta han til 17. plass, men i 1964 gjekk han heilt til topps.

Love, love me do.
You know I love you,
I'll always be true,
So please, love me do.

Lennon/McCartney

«Love Me Do» startar med eit blues-aktig munnspel av John Lennon, og så Lennon og McCartney på vokal. Songen var spelt inn ved fleire høve med tre forskjellige trommeslagarar. Første gong var 6. juni 1962 med Pete Best på trommer då dei hadde audition for EMI i Abbey Road Studios i London. 4. september hadde Best vorte erstatta med Ringo Starr. Ei veke seinare, 11. september, kom dei tilbake til studio, men sidan produsent George Martin var misnøgd med Starr si speling vart hans spelt inn på ny med Andy White på trommer, medan Starr spelte tamburin.

Dei første utgåvene av singelen var versjonen der Ringo Starr spelte trommer, medan Andy White-utgåva hamna på debutalbumet til The Beatles, Please Please Me.

Medverkande

På singelutgåva:

Please Please Me-utgåva:

Salslister og salstrofé

Songen var den fjerde av sesks songar som nådde førteplassen på den amerikanske hitlista i løpet av eitt år, noko som er rekord i USA. Det var òg den fjerde av sju songar skrivne av Lennon-McCartney som gjekk til topps i 1964. Dette er òg rekord for flest topplasseringar i USA i det same kalenderåret.

Salslister

Liste (1962–64) Plassering
Australske Kent Music Report 1
Canada CHUM Chart 8
UK Singles (Official Charts Company) 17
US Billboard Hot 100 1
US Cash Box Top 100 1
Liste (1982) Plassering
Belgia (Ultratop 50 Flandern) 37
Irland (IRMA) 4
Nederland (Mega Single Top 100) 32
UK Singles (Official Charts Company) 4

Saltrofé

Region Salstrofé Salstal
USA (RIAA) Platina 2 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Andre utgåver

«Love Me Do» har mellom anna vorte spelt av

  • Bobby Vee i 1964 på 30 Big Hits from the 60s
  • Dick Hyman i 1964 på Keyboard Kaleidoscope
  • The Chipmunks i 1964 på The Chipmunks sing the Beatles Hits
  • Sandie Shaw i 1969 på Reviewing the Situation
  • Ringo Starr i 1998 på Vertical Man
  • David Bowie spelte «Love Me Do» på enkelte konsertar under Ziggy Stardust-turneen.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Love Me Do MedverkandeLove Me Do Salslister og salstroféLove Me Do Andre utgåverLove Me Do KjelderLove Me Do BakgrunnsstoffLove Me DoP.S. I Love You

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

ChristianiaKirsti BergstøVestlandetScandiumElias Elffors ElfströmRachel CarsonNorovirusAleksej NavalnyjKoppervikRoald ØyenØresundbruaLille Petter EdderkoppRelativitetsteorienJernLungebetennelseManchester CityVaduzAlice CooperHaakon Magnus av NoregELundefugl2016VårjamdøgnAles stenarHeidi LøkeForeldingsfristVangsgutaneAlaskaEplemostMinneapolisMoss kommuneDansDet norske flaggetAn-MagrittLe CorbusierGiovanni GabrieliMeter per sekundAndre verdskrigenGrodagenSkøyteløp under Vinter-OL 2018Brest i FrankrikeMultiplikasjonValderøyaByar i HellasSunnmøreDet republikanske partiet i USAFilippo Inzaghi1528VerdsarvWayback MachineVaktelElizabeth II av StorbritanniaKvigeHarald V av NoregRSSOle Gunnar SolskjærSjukehusVestland fylkeHenånUTCMuscatAusterrike-UngarnGöteborgHeradDentalSamleiedqgy5Egypt i oldtidaTikTokTadsjikistanNazisme1701Harry PotterMarianne🡆 More