«Ask Me Why»«From Me to You» (Vee-Jay 581)
«Please Please Me» Singel av The Beatles frå albumet Please Please Me | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 11. januar 1963 | |
Innspelt | 26. november 1962 | |
Sjanger | Beat | |
Lengd | 2:04 | |
Selskap | Parlophone R4983 (UK) Vee-Jay VJ498 (US) | |
Komponist | John Lennon, Paul McCartney | |
Tekstforfattar | John Lennon, Paul McCartney | |
Låtskrivar(ar) | Lennon/McCartney | |
Produsent | George Martin | |
The Beatles-kronologi | ||
«Love Me Do» (1962) | «Please Please Me» | «From Me to You» (1963)
|
«Please Please Me» er den andre singelen til The Beatles og den første som vart gjeven ut i USA. Det var òg tittelsporet på det første albumet deira, som vart spelt inn for utnytte den store suksessen som singelen fekk. Det var opphavleg ein song av John Lennon, men den endelege forma til songen var kraftig påverka av George Martin.
Singelen vart første gjeve ut med «Ask Me Why» som B-side, men selde ikkje særleg bra i USA. Då han vart gjeven ut på ny 3. januar 1964 med «From Me to You» som B-side) nådde han tredjeplassen på den amerikanske Hot 100.
Musikkmagasinet Rolling Stone plasserte songen på 184. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.
George Martin har uttalt at den originale utgåva av songen var «heller keisam», for treig og hadde få utsikter til å verte den store hitten som bandet ønskte. John Lennon skreiv først songen som ein blues-aktig, treig song inspirert av Roy Orbison sin «Only The Lonely» og ein Bing Crosby-song som hadde tekstlinja «Please lend a little ear to my pleas». Opphavleg hadde ikkje songen harmonivokalane eller munnspel-introen. Då Martin først høyrde songen bad han bandet om å gjere store endringar med han, mellom anna å auke tempoet. Då dei tok songen i studio 26. november 1962 hadde arrangementet vorte kraftig endra og det tok 18 forsøk før George Martin meinte at dei hadde det som kom til å verte den første store hitten deira.
Come on, come on, come on, come on, Lennon/McCartney |
Capitol Records, EMI sitt amerikanske selskap, fekk tilbodet om å gje ut «Please Please Me» i USA, men avslo tilbodet. Det same gjorde Atlantic. Til slutt tok Vee-Jay Records frå Chicago imot tilbodet. Den eksakte datoen som singelen vart gjeve ut i USA var i fleire tiår ukjend, men etter gransking i 2004 fann ein ut at det skjedde 7. februar 1963. Songen vart spelt noko på radio i Chicago-området og selde bra her, men elles i landet gjekk det trått.
Etter at det hadde vorte vist eit fjernsynsinnslag av dei hysteriske Beatles-tilstandane i Storbritannia var Vee-Jay raskt ute med å gje ut «Please Please Me» på ny den 3. januar 1964. Dei valde då å endre B-sida til «From Me to You», som hadde vore ein liten hit for Del Shannon i 1963.
Denne gongen vart «Please Please Me» ein massiv hit og gjekk til slutt til topps på Billboard Hot 100-lista den 14. mars 1964. Han var ein av songane som låg på Topp 5 på same lista den 4. april dette året, då Beatles heldt alle dei fem øvste plassane.. Det vart seld minst 1,1 millionar eksemplar av singelen denne andre gongen..
Lydteknikar var Norman Smith
187: «Desolation Row» Bob Dylan | Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 186 «Please Please Me» The Beatles | 185: «The Thrill is Gone» B.B. King |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Songen Please Please Me, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.