Please Please Me: Album av The Beatles

Please Please Me er det fyrste albumet The Beatles laga.

Please Please Me
Studioalbum av The Beatles
Språk engelsk
Utgjeve 22. mars 1963 (mono)
26. april 1963 (stereo)
Innspelt Abbey Road
11. september 1962, 26. november 1962 og 11. februar 1963
Sjanger
Lengd 32:45
Selskap Parlophone
PMC 1202 (mono)
PCS 3042 (stereo)
CDP 7 46435 2
Produsent George Martin
Kritikk
The Beatles-kronologi 
Please Please Me With The Beatles
(1963)
Singlar frå Please Please Me
  1. «Love Me Do»
    Utgjeve: 5. oktober 1962 (UK)
  2. «Please Please Me»
    Utgjeve: 11. januar 1963 (UK)

Det vart gjeve ut 22. mars 1963 for å utnytte suksessen til singelen «Please Please Me» (andreplass) og «Love Me Do» (17. plass). Av dei fjorten songane på albumet vart åtte av dei skrive av Lennon/McCartney, og bandet vart eit av dei første som skreiv sine eigne songar og spelte sine eigne instrument. I 2003 plasserte magasinet Rolling Stone albumet på 39. plass på lista deira over dei 500 største albuma gjennom tidene. På same lista vart det plassert først av dei tidlege Beatles-albuma, men berre på sjetteplass bak dei andre Beatles-albuma Sgt. Pepper’s Lonely Hearts Club Band, Revolver, Rubber Soul, The Beatles (The White Album) og Abbey Road.

Rolling Stone hadde òg to songar frå albumet på lista deira over 500 største songane gjennom tidene med «I Saw Her Standing There» på 139. plass og «Please Please Me» på 189. plass.

I USA vart mange av songane på Please Please Me først gjevne ut på Vee-Jay Records som Introducing The Beatles i 1964, og seinare på Capitol Records som The Early Beatles i 1965. Den opphavlege utgåva av Please Please Me vart først gjeve ut i USA då Beatles-katalogen hamna på CD i 1987.

Historie

For at albumet skulle ha fjorten songar, som var standard for album i Storbritannia i 1963 med sju songar på kvar side, måtte bandet spele inn ti songar til i tillegg til dei fire som hadde vorte gjevne ut på singel. 11. februar 1963 starta dermed innspelinga i Abbey Road Studios med George Martin som produsent. Innspelinga denne dagen varte 9 timar og 45 minutt. Mykje av denne innspelinga vart gjort live i studio og dei skapte det autentiske lydbilete dei hadde hatt på Cavern Club med få spor lagt oppå i ettertid. George Martin hadde opphavleg tenkt å spele inn Please Please Me live føre publikum i the Cavern og vitja klubben i Liverpool for å oppleve Beatles-fenomenet på eiga hand. Men på grunn av dårleg tid valde han å reservere tid i Abbey Road Studios i staden for å spele dei inn live der i staden.

Dagen enda med ein coverversjon av «Twist and Shout», som vart spelt inn til slutt fordi John Lennon var kraftig forkjølt og Martin frykta at vokalen på denne songen kom til å øydeleggje stemma til Lennon for resten av dagen. Songen vart spelt inn på første forsøk og Martin sa «Eg veit ikkje korleis dei gjer det. Vi har spelt inn i heile dag, men jo lenger dei held på, jo betre vert dei.»

Songen «Hold Me Tight» vart spelt inn for albumet, men sidan dei hadde for mange songar vart han ikkje med på albumet. «Hold Me Tight» vart spelt inn på ny 12. september 1963 for albumet With the Beatles.

Martin ønskte først å kalle albumet Off the Beatle Track før Please Please Me vart gjeve ut som Parlophone PCS 3042.

Please Please Me vart spelt inn på ein tosporsopptakar med dei fleste instrumenta på eine sporet og vokalen på det andre, slik at ein fekk betre balanse mellom dei to når dei miksa ned tapen i mono. Ein stereo-miks vart gjort seinare med eine sporet i venstrekanalen og det andre sporet i høgrekanalen.

Please Please Me vart offisielt gjeve ut på CD den 26. februar 1987, i lag med tre andre Beatles-album.

Innhald

Alle songar er skrivne av McCartney/Lennon, bortsett frå der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«I Saw Her Standing There»2:55
2.«Misery»1:50
3.«Anna (Go to Him)» (Arthur Alexander)2:57
4.«Chains» (Gerry Goffin, Carole King)2:26
5.«Boys» (Luther Dixon, Wes Farrell)2:27
6.«Ask Me Why»2:27
7.«Please Please Me»2:03
Side to
Nr.TittelLengd
8.«Love Me Do»2:22
9.«P.S. I Love You»2:05
10.«Baby It’s You» (Mack David, Barney Williams, Burt Bacharach)2:38
11.«Do You Want to Know a Secret»1:59
12.«A Taste of Honey» (Bobby Scott, Ric Marlow)2:05
13.«There’s a Place»1:52
14.«Twist and Shout» (Phil Medley, Bert Russell)2:33

Medverkande

Salslister og salstrofé

Salslister

Liste (1963) Plassering
Tyske album (Offizielle Top 100) 4
Britiske album (OCC) 1
Liste (1987) Plassering
Nederlandske album (MegaCharts) 24
Liste (2009) Plassering
Austerrikske album (Ö3 Austria) 75
Belgiske album (Ultratop Flandern) 76
Belgiske album (Ultratop Vallonia) 78
Nederlandske album (MegaCharts) 89
Finske album (Suomen virallinen lista) 25
Italienske album (FIMI) 64
Newzealandske album (Recorded Music NZ) 32
Portugisiske album (AFP) 29
Spanske album (PROMUSICAE) 53
Svenske album (Sverigetopplistan) 27
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade) 74

Salstrofé

Region Salstrofé Salstal
Australia (ARIA) Gull 35 000^
Canada (Music Canada) Gull 50 000^
Storbritannia (BPI) Gull 100 000^
USA (RIAA) Platina 1 000 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine

BPI-sertifisering gjeld berre for sal etter 1994.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Please Please Me HistoriePlease Please Me InnhaldPlease Please Me Medverkande[13]Please Please Me Salslister og salstroféPlease Please Me KjelderPlease Please Me BakgrunnsstoffPlease Please Me1963Abbey Road av The BeatlesAlbumet The BeatlesLennon/McCartneyLove Me DoRevolver av The BeatlesRolling StoneRubber SoulSgt. Pepper’s Lonely Hearts Club BandSongen Please Please MeThe Beatles

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Gezer regionale kommuneRadioantenneNasjonalrettURLNasjonaldagHerbert HooverSteve JobsKjell HovdaBieSupermannInformasjonskapselSaltMoldauMaren LundbyCamilla CollettOdd NerdrumQueenMP3HTMLParadise and LunchChampions League22. aprilBritisk pundBjørnSvartebokaBarack ObamaKommunismeJerry DouglasRådyrLønnMozilla FirefoxKjønnshårMarie CurieEngavågenPedro I av BrasilAlbert GleizesErnst JosephsonSamleieBjørkefinkRakiaIvar AasenRagnhild BrochmannNitrogenHenry David ThoreauVinter-OL 1968OksidasjonEdvard VII av StorbritanniaPeter F. WolfAndre verdskrigenLiechtensteinSunnmøreDet norske alfabetetKaptein SabeltannMiljøproblemEstragonLitografiUnicodeHumphrey BogartSionismeNorskTenaza PeakAmarantfamilienMaliJordaNazistKattHarriet BackerFilmen Land og fridomPetter EideOverarmsbeinFredrik SolvangMeirSilje NordnesTeineMS-DOSAsbjørnsen og MoeAmasone🡆 More